Tekst og foto: Kjellbjørn Karsrud

Eivind Tanche-Larsen Knutsen var ein av fem stykk som fekk napp i Hardingfele klasse B i år med sin tredjeplass. Klassa vart toppa av Syver Rolandsgard Hauge og Kjetil Meberg Myhren som også fekk sitt fyrste napp i år. Maria Vaaje og Hanna Moira Midtbø-Bruner fekk båe sitt andre napp og er med det A-klassingar. Me møtte Knutsen på øvingsrommet 10.30, cirka ein halvtime før han skulle på scena. 

– Kva for låttar blir det i år?

– To låttar etter Tarkjell Aslaksson Austad – den fyrste ber namnet hans og den andre heiter Nordalaupen. Det er gode kappleiksslåttar i setesdalstradisjonen. Det er driv og rytme i dei. 

Eivind Tanche-Larsen Knutsen var med i B-klassa for fyrste gong i Vågå i 2019, og før det i C-klassa frå og med Fagernes i 2015. Bortsett frå dei to åra med koronaopphald har han vore med på kvar einaste landskappleik.

– Kva er det førebuingane til B-klassa har gått ut på?

– Det gjeld å få spelt opp fela og få kome seg i seng i noko skipleg tid. Klassa begynner jo i 10-tida, og det er sjeldan ein auser seg opp for å spele så tidleg. Vanlegvis er jo konsertar og dans på kveldane, så ein merkar det i fingrane at det er noko uvant, så då gjeld det å stå opp tidleg og kome i gang. 

Knutsen spelar på ei Wibe-fele som er laga i 1985.

– Den er i toppform, det er betryggande å vete at instrumentet er i orden, så får det heller stå på meg det som blir prestert oppe på scena. 

– Har du nokon forhåpningar om plassering? 

– Ein må ta det som det kjem, men ein har jo lyst til å prestere litt når ein stiller opp på kappleik. Det beste er om ein kan gå nøgd av scena, det er det som er det viktige, så får plasseringa bli som ho blir. 

B-klassa er ein av dei lengste klassene på Landskappleiken med heile 41 deltakarar. I år starta tevlinga 10 og var ikkje ferdig før i femtida. Dermed er det om å gjere å skilje seg ut frå mengda. 

– Det er heldigvis tre stykk som skal vurdere det. Me skal berre spele, så er me ferdige. Dei må drøfte, tenkje og vurdere dette. Det er sikkert ikkje lett i ei så stor klasse, seier Knutsen.

Euforisk stemning på premieutdeling

Premieutdelingane på Landskappleiken har vore gjennom ei profesjonalisering dei siste åra, og det merkast også på oppslutninga. Hallen i Eidfjord var stappfull då resultata frå fredagens tevlingar skulle kunngjerast. Eirin Tjoflåt var kyndig programleiar, og taket heldt tidvis på å lette etter kvart som resultata vart annonserte. Topp tre blir premierte og tekne opp på scena der det blir annonsert kven som får i tur og rekke tredjeplass, fyrsteplass og til slutt andreplass. 

Etter utdelinga fekk me ein kjapp prat med topp tre: Knutsen, Hauge og Myhren. Knutsen fortalde at han hadde gått rundt heile dagen og vore misnøgd med prestasjonen sin. Han hadde følt på at han ikkje fekk ut på scena det han var god for. 

– Der ser du korleis det kan snu. Korleis den jævelen på skuldra kan seie at dette ikkje var godt nok. 

– Kva følte du då dei las opp namnet ditt? 

– Det var ein stor lette. Det var moro. Eufori, er det ikkje det dei seier?

Nerver, pils og pizza

Myhren stilte i B-klassa for andre gong, og i år med «Den som rulla ette golvet» og «Beinvegen» etter høvesvis Sataøen og Sataslåtten på ei Røstad-fele. Hauge spelte ein lydarlått etter Andris Dahle på låg bass og Sylkjegulen på ei Rudi-fele som er ombygd av Gunnar Røstad. 

– Korleis lada de opp i dag?

– Med pils og pizza, smell det skrattfullt frå Myhren.

– Me spelte i lag og kosa oss, legg Hauge lakonisk til. 

Sjølv om dei tre framstår rolege og kontrollerte frå scena, så fortel dei at det er eit stort nervepress – forventingar både til seg sjølv og frå publikum og dommarar kan vere vanskelege å handtere. 

Nøgd trio som aspirerer til å bli A-klassingar: f.v. Kjetil Meberg Myhren, Syver Rolandsgard Hauge og Eivind Tanche-Larsen Knutsen.

– Ein kjenner på nervene der og då, også er det ein ting kva ein høyrer sjølv på scena og noko anna korleis det let ut. Ein er jo den største kritikaren til seg sjølv, seier Knutsen.

– Det er klart ein blir nervøs, men det skal kanskje vere slik, legg Hauge til. 

No kan dei tre A-klasseaspirantane starte dei mentale førebuingane for Spel hardingfele klasse B 2026 med sikte på å sikre seg kvart sitt andre napp som då fører til opprykk til eliteklassa. 

Knutsen er tevlingssjef for neste års arrangør i Setesdal, då Landskappleiken går av stabelen på Hovden. Det er fyrste gong Landskappleiken blir arrangert i Setesdal. 

– Det blir spennande! Me har fått ein god start og me har hatt god tid til å planlegge. Eg har vore med litt i Eidfjord både som frivillig og på diverse møte og fått innsyn i korleis ting er bak scena. Dermed får ein sjå det på ein annan måte enn det eg har vore van med. Tidlegare har eg jo berre erfart kappleiken frå ein utøvar sitt perspektiv. Eg trur det blir veldig bra, me gler oss til det!