Tekst: Pressemelding.

I år har Medaasprisen 25-årsjubileum, og dette vert feira den 20. oktober på Ole Bull Scene.

Medaasprisen er meint å heidra kunstnarar som har ein identitet rotfesta i eigen kultur. Sjeldan har dette høvd betre enn i 2025, når Medaasprisen vert tildelt Øivind Vabø.

Ein kan trygt seia at han var oppflaska på hardingfelemusikk. Både far Finn Vabø og farfar Karl Vabø frå Lindås var særs dyktige spelemenn, og begge to var til stor inspirasjon for prisvinnaren. Han fører dessutan vidare ei tradisjonslinje frå mellom andre folkemusikksamlaren Arne Bjørndal og ikkje minst Jon Rosenlid, meisterspelemannen frå Stryn.

Vabø gav nyleg ut plate, les meir om denne her.

Øivind var berre fem år gamal då han fekk si første hardingfele frå far sin. Dette var sterkt medverkande til at han valde å satsa fullt og heilt på folkemusikken. Øivind vart snart ein del av det sterke bergenske folkemusikkmiljøet, der Finn var den drivande krafta frå 1960-talet og utover. Her gjekk mange unge felespelarar i lære, ein av dei var Ivar Medaas.

­– Det er ikkje alle som veit at det finst ein eigen bergensk slåttetradisjon, men det vert sagt at Finn Vabø utvikla denne. Øivind Vabø er den framste faneberaren i vår tid, seier Claus Sellevoll, styreleiar i Medaaspris-komiteen.

Øivind Vabø gjorde seg tidleg gjeldande i Landskappleiken, det som vert rekna som Noregsmeisterskapen i folkemusikk. Han starta alt i yngste klasse. Som 23-åring spelte han seg i 1991 opp i A-klassen for seniorar, som representant for Spelemannslaget Fjellbekken. Seks år seinare kom gjennombrotet, då han vart nummer to i A-klassen. Etter dette har han vunne Vestlandskappleiken, slik også far hans gjorde, og motteke Sagaprisen av Norsk Folkemusikk og -Danselag.

I heile sitt vaksne liv har han vore aktiv i folkemusikkmiljøet og spelt konsertar og til dans med faren og spelemannslaget. Mor hans, Ellen, var ein framifrå dansar, og ho betydde også mykje for prisvinnaren. Finn, Ellen og Øivind Vabø var gjennom mange år ein eigen institusjon for opplæring og forvaltning av folkemusikk og folkedans. 

I 1996 gav far og son saman ut plata «Hei, so dansa jenta mi». Dei to var også sentrale då gruppa Marylands vart starta i Bergen. I 2001 gav dei ut ei plate med slåttar, framført på elleve hardingfeler, trøorgel og gitar. I år er Øivind aktuell med det nye albumet «Arv», der han spelar tradisjonsmusikk frå bergensområdet. Her vidarefører han det lyriske og personlege uttrykket han har vorte kjend for.

Medaasprisen 2025 vert tildelt ein kunstnar som står i ein tradisjon som Ivar Medaas var umåteleg glad i og ein viktig del av. 

Medaasprisen er ein bronseplakett av Os-kunstnaren Vidar Mæland og 50.000 kroner. Prisen vert delt ut på Ole Bull Scene den 20. oktober. I tillegg til Øivind Vabø, vil mellom andre Finn Tokvam, Olav Stedje, Doddo, Annlaug Børsheim, Torkjell Børsheim og Voksne Herrers Orkester medverka til en storarta kveld.

Sjå meir informasjon om Medaasprisen her.