Tekst: Kjellbjørn Karsrud

Eivind Kjorstad frå Harpefoss (f. 1988)

Spel fele A. Veldig høgt nivå, og det var veldig mange dyktige deltakarar. Det var tre stykk eg meinte skulle ha vore i finalen, og det var Aslak Brimi, Rasmus Kjorstad og Astrid Sulheim.

Margrete Nordmoen, Trysil/Hamar (f. 1969)

Eg trur eg må trekke fram Vokal klasse A der eg var programleiar. Vi hadde ei strålande fin stund med dei dyktige utøvarane, publikum og domarane. Det som var spesielt artig var at vi greidde å få i gang allsong i dommarpausane. Publikum kunne vers på vers av Mellom bakkar og berg, Blåmann, blåmann og Den fyrste song. Eg har vore oppteke av dette lenge at vi må synge meir i samfunnet vårt, det er ein enkel måte å skape samhald på. Det andre toppunktet var lagdans med Trysil-Knut, det er alltid supergøy!

Ingrid Fossum, Fagernes/Oslo (f. 1991)

Det var veldig artig med Open klasse. Det er veldig variert og flinke folk. Det var eit innslag eg synest var kult med fele og cello. Eg trur dei heitte Siri og Ingrid, kult arrangement og bra driv. Det var elles mykje bra dansemusikk. 

Rolv Brimi, Garmo (f. 1948)

Vanleg fele har vorte ei flott klasse, men det er mange gode klasser. Eg var jo på kappleik på 60- og 70-talet. B-klassa var ei mareritt, men ein gjekk og høyrde på det. No stiller ikkje dei som ikkje er gode lenger. På vanleg fele var det utruleg flott å høyre på ho Astrid. Ho har eit bogedrag som gjev så fin klang. Ein kan leggje merke til at når ho skiftar bogestrøk, så slepper ho ikkje presset på bogen. Ho stoppar forsiktig og snur. Eg ser for meg at Bakkeruden gjorde nett dette.

Jon Lilleslett, Hol (f. 1968)

Eg har køyrt inn for å høyre på Spel hardingfele klasse A, men eg har også høyrt på A-klassa i dans. Eg er ikkje så veldig interessert i dans, men eg er veldig interessert i dansespel, så eg får med meg danseklassa for å høyre på spelet! Det var vanvettig bra dansespel. Det overraskar meg ein del at ein del satsar på dansespel med anna tradisjonsbakgrunn enn dansen sin. Skøren frå Hol vart jo spelt til dans som grunnlag for ein telegangar for eksempel. Det er jo veldig interessant, det er ikkje noko dårlegare det, men artig. Per Anders spelte veldig godt til dans. Det var mange gode i spel hardingfele også. Det var mange som spelte bra, men eg sa vel at Per Anders kom til å vinne. Det var mange som spelte veldig bra, det er veldig variert. Eg likar melodisk spel med naturleg rytmisk snert. Det var det også mykje av.