Her kan du sjå ein video frå då Madam Jam spelte på Landsfestivalen i gammaldansmusikk i sommar. 

Jo Asgeir Lie – blant anna godt utdanna trekkspelar frå Norges Musikkhøgskule og no rektor ved Ole Bull Akademiet, var dommar både i lagspel fele/hardingfele, lagspel durspel/trekkspel og gruppespel.

Lie konstaterer at det vart ekstra interesse omkring vurderinga av gruppespel, då dommarane valde å ta med Madam Jam i finalen der dei kom på sjetteplass.

Gruppespel vart vunnen av Kompani Byre, føre Jutullaget, Ein Haile, Halve Maone, Lendmenn, Farstad & Farstad og Madam Jam.

Jo Asgeir Lie understrekar at han uttalar seg berre på eigne vegne, ikkje dommarkollegiet.

Glad for fleire «stemmer» i gammaldansmusikken
Madam Jam kom på sjetteplass i gruppespelfinalen, og skapte litt debatt om dei spelte «rett» gammaldans. (Foto: Jostein Aardal)

Treng nyskaping

– Viss ein tar dei fem første på lista, representerer dei noko av det beste vi har i norsk runddans. Alle desse gruppene har klåre individuelle spelemåtar og musikktolkingar, samstundes som dei står støtt i ein – etter kvart – tradisjonell framføringsmåte.

Så vart ein del brudulje av at Madam Jam kom i finalen. Personleg synest eg at det er befriande og godt at det kjem noko nytt inn. Ein kan vere sakleg usamd i om dette er bra eller dårleg musikk. Men utan nyskaping vil runddansmusikken etter kvart rotne på rot. Vi treng nokon som trykker på og rykker tak litt. Det trur eg er bra for heile folkemusikkfeltet, seier Lie.

Kva er tradisjonelt?

Han er ikkje redd uttrykket Madam Jam representerer den framtidige gammaldansmusikken.

– Eg trur ikkje det vil bli mange kloningar av Madam Jam. Det er også viktig å tenkje på at dei slettes ikkje er dei fyrste som har eksperimentert med runddansmusikken. På 1990-talet var Langebelg ei gammaldansgruppe som skapte engasjement og diskusjon i samtida. Noko av det nye vil døy av seg sjølv, medan andre ting vil feste seg og etterkvart, bli ny tradisjon.

– Eg får eit lite smil om munnen når diskusjonen går om kva som er tradisjonelt runddanssamspel, og kva som ikkje er det. Dagens «standardbesetning» – med fele, trekkspel, bass og gitar til, kom eigentleg med Oddvar Nygaards kvartett midt på 1960-talet. Før den tid var det mykje variasjon i uttrykket, og ein kunne gjerne finne blåsar, slagverk, piano med i tillegg til fele, trekkspel, bass og gitar.

Godt at nokon tenkjer nytt

– Vi har t.d. ein tradisjon med piano og hardingfele til valsaspel i Hardanger, og Sigbjørn Bernhoft Osa spela inn plate med norsk jazz sin «grand old man» Robert Normann. Det vi opplever som tradisjon i dag, er ikkje alltid så gammal. Tradisjonar utviklast, fornyast og endrast kontinuerleg. Det er vi som utøvarar, publikum og meiningsberarar som saman skapar denne utviklinga.

Det er viktig å ha med seg historia for å forstå samtida, seier Jo Asgeir Lie, som synest det berre er positivt med litt diskusjon.

– Miljøet treng det, også for å klargjere kva vi opplever som det tradisjonelle og det nyskapande. Eg trur vi klarer å skilje mellom kva som er trygt å ta vare på og kva som opplevast som ein trussel.

– Eg synest det er spennande at Madam Jam har tradisjonsmusikarar som torer å tøye litt på det. Eg synest det er veldig godt at nokon tenkjer litt alternativt. Tida vil vise kva som overlever og har framtida føre seg. Det er ingen vil om at det var stor stas blant det yngre publikummet då Madam Jam kom på scena. Dei stiller på Osafestivalen i haust, og eg trur dei kjem til å få jobbar framover. Men einkvar har sjølvsagt full rett å mislike måten dei spelar.

«Eg får eit lite smil om munnen når diskusjonen går om kva som er tradisjonelt runddanssamspel, og kva som ikkje er det. Dagens ‘standardbesetning’ med fele, trekkspel, bass og gitar til, kom eigentleg med Oddvar Nygaards kvartett midt på 1960-talet.»

Jo Asgeir Lie, dommar på Landsfestivalen
Glad for fleire «stemmer» i gammaldansmusikken
Lendmenn spelte seg til fjerdeplassen i gruppespel. (Foto: Jostein Aardal)
Glad for fleire «stemmer» i gammaldansmusikken
På femteplass kom Farstad & Farstad frå Møre og Romsdal. (Foto: Thomas Westling)