Tekst: Kjellbjørn Karsrud

Musikkutvalet vart oppnemnt ved kongeleg resolusjon 9.juni 2023. Utvalet består av leiar Sigrid Røyseng og 15 utvalsmedlemmar. Våren 2025 skal utvalet levere ein sluttrapport i form av ein NOU (Norges offentlege utgreiingar) til Kultur- og likestillingsdepartementet. Dei har eit breitt mandat, og skal gje ein heilskapleg gjennomgang av musikkfeltet. Målet med utgreiinga er å betre vilkåra for musikkverksemd, effektiv bruk av ressursar og eit framleis levande musikkliv i heilt landet.

Etter det Folkemusikk kjenner til, har det vore nokre dragkampar for at dei fire største organisasjonane på folkemusikk- og folkedansfeltet har kunna einast om eitt felles innspel. Dei har likevel til slutt valt å rette hovudfokuset mot den norske folkemusikken under den føresetnaden at NOU-utvalet har dialog med aktørar innanfor folkemusikkmiljøa til dei nasjonale minoritetane. 

Innspelet legg i stor grad vekt på at styresmaktene har eit stort ansvar i å legge ein politikk som tek i vare det tradisjonelle fundamentet til folkemusikkuttrykka, men også gjev rom for utvikling. 

I innspelet blir det teikna opp både negative og positive sider ved samfunnsutviklinga (side 6). På den eine sida teiknar skribentane opp eit dystert bilde av korleis dagens samfunn blir dominert av monokultur og hovudstraum: 

I våre dagar er kulturbruk og kulturkonsum – både dei her heime og i resten av verda – meir fragmentert, individualisert og globalisert enn nokosinne. Fleire tendensar ligg side om side: Den kommersielle populærkulturen viskar ut kulturell variasjon og fortrengjer eigenarta uttrykk frå dei breie flatene.

På den andre sida kan det også vere teikn til optimisme også for folkemusikk og lokal tradisjonskultur:

Nye generasjonar uttrykkjer nysgjerrigheit for lokalt særpreg, toleranse for variasjon og eit behov for forankring og deltaking. Det er lov å skilja seg ut, og det blir jakta på eigenart. Vendinga vekk frå industrialisert massekultur vil truleg forsterkast post-korona og i klimakrisa. Akustiske, nære og sosialt forankra kulturuttrykk som folkemusikk og folkedans vil truleg bli endå meir aktuelle i tida framover.

Innspela til utvalet som arbeider med NOU-en er offentlege, og kan lesast her. Spesielt interesserte bør gå inn og nærlesa heile innspelet og gjera seg opp ei meining om forslaga til tiltak. Både innvendingar og støtteerklæringar kan formidlast gjennom magasinet og nettstaden Folkemusikk, det er slik me kan få ein levande kulturpolitisk debatt. 

Folkemusikk har trekt fram nokre sentrale punkt frå den 43 sider lange rapporten. Denne er grundig og gjev eit brukbart bilde av status for mange sider av feltet. Undervegs kan ein også bite seg merke i fleire smørbrødlister med forslag til tiltak for at feltet som heilskap skal styrkast. 

Mange vil kanskje innvende at det er urealistisk å få innvilga alt ein ynskjer seg, men ein kjem truleg heller ikkje langt om ein ikkje prøver seg. Det er få direkte kontroversielle punkt, men politikk er prioriteringar, og spørsmålet ein sit att med då er: Kva er det politikarane vil prioritere denne gongen? Det er ikkje til å stikke under ein stol at det finst mange ulike interesser på det såkalla folkemusikkfeltet, og kanskje er det på sin plass å trekke fram Per Borten sin metafor om å bere staur når ein les dette innspelet. 

Så langt Folkemusikk-redaksjonen sitt syn på saka. Nedanfor kjem nokre utdrag frå innspelet. 

Heile dokumentet kan lesast her

Høgdepunkt frå innspelet

Innspelet er signert av Aslak Brimi (FolkOrg), Ane Carmen Roggen (Riksscenen), Magni Flyum (NU) og Tanja Holmen (SFF). Dei foreslår fem overordna tiltak for å styrke folkemusikken- og dansen. 

- Myndigheitene må legge til rette for ein sterk og stabil regional struktur med gode tilhøve for nettverk og regionale folkemusikksentre. 

- Folkemusikk, joik og folkedans må inn i alle læreplanar frå barnehagar til høgre utdanning, DKS og kulturskule. 

- Folkemusikk, joik og folkedans må inn i alle relevante planverk i kulturarvfeltet, inkludert den komande kulturmiljølova. 

- Tilhøva for folkemusikk, joik og folkedans som næring og næringsveg må styrkast gjennom gode insentivordninga og styrka og målretta tilskotsordningar. 

- Myndigheitene må sikre og styrke drifta til dei nasjonale organisasjonane som på dagleg basis arbeider for folkemusikk, joik og folkedans. 

Statleg støtte til Landskappleiken og Landsfestivalen?

Innspelet bed om at dei store arrangementa til FolkOrg, Landskappleiken og Landsfestivalen får ei meir føreseieleg finansiering som gjer det mogleg for fleire lokale arrangørar rundt om i landet å ta det på seg. På same måte bed ein om at det skal bli lettare å få tilsegn gjennom nasjonale tilskotsordningar til det nordiske arrangementet Nordlek, der NU er den norske samarbeidspartnaren. 

Setesdal har fått tradisjonen sin listeført av UNESCO, men har i dag berre ein liten ressurs ved kulturdirektoratet å stø seg på, og dermed blir lokalmiljøa og eldsjelene i Setesdal ståande mykje åleine i den forvaltninga som Noreg har fått eit særskilt ansvar for. 

Dermed foreslår innspelsskribentane fylgjande tiltak:

- Sikre og styrke føreseieleg driftstilskot til dei nasjonale organisasjonane slik at dei kan vere dei viktige reiskapane som trengs i forvaltinga av den nasjonale kulturelle musikk- og dansearven i Noreg. 

- Styrke fokuset og auke talet på ansvarspersonar som arbeider med forvalting av immateriell kulturarv i Noreg. 

- Sikre ei føreseieleg finansiering av Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk for at kvaliteten på arrangementa skal vere best mogleg og etter krava i dagens kulturliv, og gjort det mogleg for fleire lokale arrangørar å ta på seg å vere lokal arrangør. 

- Sikre ei føreseieleg finansiering av Nordlek dei åra det er i Noreg, for at kvaliteten på arrangementa skal vere best mogleg og etter krava i dagens kulturliv, og gjort det mogleg for fleire lokale arrangørar å ta på seg å vere lokal arrangør. 

Korleis nå fram i storsamfunnet?

Innspelet tek også for seg utdanning og overlevering av kunnskap. Her blir det særleg lagt vekt på at det nye opplæringssystemet frå kulturskule til høgare utdanning tek vare på større delar av tradisjonsmaterialet når dei tradisjonelle arenaene for overlevering blir svekte. 

Ein legg også vekt på å rekruttere ikkje berre deltakarar, men også publikum. I tillegg til skuleverket, kulturskulane og opplæringa i lokallaga, så blir sumarkursa og helgesamlingane for barn og ungdom, trekte fram, og då med Strunkeveko i Valdres som eit godt eksempel. Samtidig som ein framhevar talentprogram som er viktig for utvikling og motivering av unge talent i folkemusikk- og folkedansmiljøet.

Det blir også teikna eit bilde av eit felt prega av høg kvalitet, men som diverre er lite kjent i storsamfunnet. Innspelet rosar NRK for at dei har satsa litt på folkemusikk i 2023, mellom anna gjennom dokumentaren Trollstemt, men samtidig satsar kanalen lite på folkemusikk ut over dei vanlege sendeflatene sine som Folkemusikktimen og NRK Folkemusikk. 

Dermed foreslår ein desse tiltaka:

- Kunnskapen om folkemusikk- og folkedanstradisjonane i Noreg må aukast gjennom at det offisielle Noreg løftar fram desse i offisielle høve. 

- Media, og då særleg NRK, må oppfordrast til å i større grad nytta folkemusikk og folkedans i sine program, ikkje minst i program retta mot barn. 

- Sommarkursa i folkemusikk og folkedans er viktige for opplæring og rekruttering, og tilskotsordningane for desse må tryggast og styrkast. 

Norsk folkemusikk må få sin rettmessige plass i utdanningsinstitusjonane

Innspelet peikar på at den nye læreplanen for grunnskulen ikkje nemner norske folkemusikk- og folkedanstradisjonar eksplisitt, men at den samiske folkemusikken er særskilt nemnt i tillegg til «folkemusikk frå heile verda». Ein er også oppteken av å styrke dei noverande utdanningsinstitusjonane for folkemusikk- og dans med nye læreverk. Instrumentmakarane blir trekte fram saman med kulturskuletilbodet for å styrke feltet. 

Forslag til tiltak er dermed dette:

- Ansvarleggjere alle kommunar til å forplikte seg til vern og vidareføring av immateriell kulturarv i kulturskuletilbodet gjennom å prioritere folkemusikk og folkedans i kulturskulane. 

- Utdanningane for instrumentmakarfaget må sikrast og styrkast. 

- Pedagogar på alle nivå, både i barnehage, grunnskule, kulturskule og høgskule/universitet må møte folkemusikk, joik og folkedans i utdanningsløpet. 

- Lærarar må ha tidsmessige læremiddel tilgjengelege til si undervisning, slik at elevane jamleg kan møte folkemusikken og folkedansen i skuleløpet sitt. 

- Sikre at det blir produsert nye og oppdaterte læreverk om folkemusikk, joik og folkedans. 

- Landslinja for folkemusikk og folkedans ved Vinstra vgs. må oppretthaldast og styrkast. 

- Det må leggast til rette for meir forsking innanfor folkemusikk, joik og folkedans. Det må stimulerast til fleire forskingsprosjekt på og rundt feltet, og det trengst både doktorgradsstipendiatar (PHD) og postdoktor-stillingar. 

- Tidsskriftet Musikk og Tradisjon må styrkast og sikrast finansiering. 

- Barn og unge må jamleg møte folkemusikk og folkedans gjennom si skuletid. 

Gode og lite byråkratiske finansieringsordningar må på plass

Innspelet tek også for dei ulike søknadsordningane som folkemusikkmiljøet kan nytte seg av. Ein er her klar på at finansieringa av folkemusikk- og folkedansfeltet må aukast, og dei framhevar viktigheita av tilskotsordningar med låg terskel for å søkje. Både SFF og FolkOrg har tilskotsordningar, men ser at det er mange om beinet på dei pengane som blir utdelte. FolkOrg har gjennom fleire år kunna vidareformidle rekrutteringsmidlar frå DEXTRA, men denne ordninga er prisgjeven Sparebankstiftinga. 

I innspelet blir det peika på at jazz-miljøet har ei eiga tilskotsordning som går direkte til prosjekt eller arrangørar, og dermed lettar arbeidet om ein vil ut på turné. 

Det har også over tid vore misnøye med at TONO sine retningsliner gjer at det løner seg for yrkesutøvarar å spele nykomponert musikk i staden for tradisjonell musikk. Ein meiner dermed at det er naudsynt å få på plass eit forn for tradisjonsmusikkutøvarar, der utøvarar kan søkje på prosjekt der repertoaret er tradisjonell musikk. 

Forslag til tiltak:

- Tilskotsordningane som treff den frivillige delen av feltet må styrkast. Dei må vera stabile og gode til både drift og til aktivitetar til dei frivillige laga innanfor folkemusikk og folkedans. 

- Fond for tradisjonsutøvarar må etablerast med mål om å gje prosjekttilskot og vederlag til tradisjonsutøvarar som nyttar opphavsrettsleg fri norsk tradisjonsmusikk på scenene. 

- Ad hoc-ordningar for profesjonelle utøvarar og arrangørar slik det er på jazzfeltet. 

- Dei generelle tilskotsordningane til frivillig kulturliv, som Frifond, vaksenopplæringsmidlar, momskompensasjon, KOMP og ordningane til Norsk senter for folkemusikk og folkedans må styrkast. 

- Tilskotsordningane i post 55 i Norsk kulturfond må styrkast. 

- Dei økonomiske vilkåra må bli betre og meir proporsjonale når det gjeld større og etablerte folkemusikkgrupper. 

- Norsk kulturfond må anerkjenne at folkemusikk og folkedans heng tett saman. Tilskota må ta høgde for at det er dyrare å produsere ei framsyning med både dansarar og musikarar. 

- Tilskotsordningane må vera lite byråkratiske. 

Det må bli lettare å reise på turné

Det blir også lagt vekt på at den sceniske folkedansen må takast på alvor. Ein oppmodar utvalet til å gje bachelorstudiet i folkedans på USN tid til å mognast. Elles er det gjeve ein utfyllande statusrapport om dei største folkemusikkfestivalane i Noreg, og det blir hevda at dei nest største og tredje største folkemusikkfestivalane får betydeleg mindre tilskot enn tilsvarande festivalar i andre sjangrar. Det blir peika på at Folkelarm og heilårsarrangørar står relativt svakt økonomisk. Innspelet meiner difor det trengst stimulering for å få fleire arrangørar og ei ytterlegare profesjonalisering.

I tråd med dette må ein også få på plass eit betre ordningar slik at det blir lettare for folkemusikarar å legge opp turnear. Det blir peika på at Rikskonsertane og Den norske folkemusikkscena vart nedlagde for 10-12 år sidan, og dermed etterlet seg eit tomrom. Ein viser til at jazzfeltet har lykkast med å etablere subsidierte turnétilbod av høg kvalitet regionalt og nasjonalt. Kanskje kan regionale kompetansesenter for å formidle turnéprogram. 

I innspelet er fylgjande tiltak foreslåtte:

- Festivaltilskotordning og arrangørtilskotsordninga i Norsk kulturfond må styrkast. 

- Folkelarm som ein norsk og nordisk bransjetreff for folkemusikk og folkedans må styrkast. 

- Opprette turnénettverk av heilårsarrangørar med regional/nasjonal koordinering, subsidiering og tilrettelegging. 

Korleis skal dei regionale kompetansesentera organiserast?

Av og til reiser innspelet nye spørsmål heller enn å koma med svar. Ein har til dømes også ynskje om å styrke regionale kompetansesenter. Per i dag er det to godt etablerte senter, Midtnorsk senter for folkemusikk og folkedans og Folkemusikk Nord. I innspelet er det trekt fram at ein må spela på dei regionale aktørane som alt finst, og styrke og supplere desse. I nokre område kan det vera naturleg å knyte det regionale senteret til ein festival, andre stader til eit arkiv eller fylkeskommunen.

Ein foreslår dermed fylgjande tiltak:

- Det må vera stabile og gode driftstilskotsordningar for dei regionale folkemusikksentera. Fleire regionale folkemusikksenter må etablerast fram til vi har ein landsdekkande struktur. 

- Dei regionale folkemusikksentra må finansierast over statsbudsjettet, jamfør også slik norsk jazz er organisert og finansiert. 

- Regionale kulturfond må opprettast. 

Er det for tungvint å eksportere norsk folkemusikk?

At det er ynskjeleg å få til større eksport av norsk folkemusikk, er eit sentralt premiss i innspelet. Den norske marknaden er liten, og mange norske utøvarar treng dermed å kome seg utanlands på turné. Ein peikar på at den internasjonale verksemda til Rikskonsertane var viktig før ho vart avvikla. Det blir vidare med styrke hevda at det er for lite pengar til administrasjon og bakfolk, og at norske folkemusikkutøvarar har mindre av eit management på plass enn dei europeiske kollegaene sine. 

Dermed ynskjer ein desse punkta for å styrke arrangørfeltet og eksporten av norske folkemusikarar og folkedansarar: 

- Tilskotsordningane i Music Norway er naudsynte for å koma seg ut i ein internasjonal marknad. Desse må styrkast. 

- Det trengst prosjektmidlar til å gjera større satsingar mot enkeltmarknadar, og for å førebu grunnen for norske artistar som ønskjer å bygge ein karriere utanlands. Det må leggjast til rette for kompetansehevande tiltak for artistar som ønskjer seg ut. 

- Tilskotsordningar for bakfolk som arbeider med dei smale sjangrane må opprettast. 

- Det må vera tilstrekkeleg med ressursar og fagtilsette i Utanriksdepartementet med tilhøyrande utanriksstasjonar til å arbeida med kultureksport. 

- UD må tilrettelegge og initiere prosjekt knytt til eksport på folkemusikkfeltet og enkeltprosjekt for å fremma norsk folkemusikk internasjonalt. 

Eit nytt arkivsystem må på plass

Arkiva blir også trekte fram, og ein peikar på det gamle og velkjente problemet med eit utdatert arkivprogram (FIOL). Ein ynskjer derfor at Nasjonalbiblioteket tek rolla som fasilitator for å utvikle og halde ved like eit slik fagsystem. Dette har dei også sagt seg villige til, men då må det tilførast meir pengar. Det blir elles framheva at folkemusikkarkiva må få ei meir einskapleg og føreseieleg organisering og finansiering. Ein vil med dette styrke fagmiljø og sikre arkivtilsette med naudsynt kompetanse. 

Ein legg dermed fram desse forslaga til tiltak:

- Eit nasjonalt fagsystem for arkivering må på plass, og dette må initierast av staten. 

- Eit felles digitalt publiseringssystem for folkemusikkarkiva må på plass, slik at innhaldet blir lett tilgjengeleg for potensielle brukarar. 

- Legge til rette for og sikre at det er folkemusikkarkiv i alle regionar. Dette bør sjåast i samanheng med et foreslått tiltak om å sikre infrastruktur i regionale kompetansesenter. 

- Det er naudsynt å styrka samtidsdokumentasjonen av folkemusikk og folkedans. 

- Undersøkje moglegheita for ei meir einheitleg og føreseieleg organisering og finansiering av folkemusikkarkiva, slik at fleire fagpersonar kan dekkje behova for innsamling, forsking og arkivarbeid. 

(Avslutningsvis kan det nemnast at styremedlem i FolkOrg, Lene Furuli, er medlem i utvalet som skal levere NOU-meldinga. Ho har ikkje delteke i drøftingane FolkOrg-styret har hatt i samband med denne innspelsrunda).