Tekst: Redaksjonen
Beste kjeringi – Elle & Co (2023 → 2025 digitalt)
Albumet Beste kjeringi vart opphavleg lansert på CD i 2023, og inneheld heile 16 av Fossen sine eigne låtar. Her møter publikum eit breitt samspel med kjende folkemusikarar som Tom Kjetil Tørstad og Øystein Nicolaisen (toradar), Geir Marius Thorud og Kjell Arne Kolden (trekkspel), Reidun Hesjevoll (hardingfele) og fleire.
Plata er produsert av Terje Hong, og er spelt inn både på Storefjell Resort i 2023 og i tidlegare studioøkter frå 2003 og 2005. Uttrykket er ekte gammaldans frå indre Sogn og Gudbrandsdalen, men med ein personleg signatur som har gjort Fossen til ein særmerkt komponist og utøvar.
…å alle krekajente… – Elle’s (1994 → 2025 digitalt)
Elle’s vart skipa i 1990, og fann raskt sitt eige uttrykk i møtet mellom toradar, trekkspel og hardingfele. Med …å alle krekajente…, som kom på CD i 1994, dokumenterte gruppa eit særprega repertoar frå Jostedalen – runddansmusikk lært av tradisjonsberarar som Harald Hesjevoll, Oddvar Stegegjerdet og Sjur Hesjevoll.
Plata vart spelt inn i NRK sitt studio i Førde våren 1994, og har no fått ei ny vår gjennom remastring ved Bjørn Kåre Odde. Medverkarar på innspelinga var, forutan Fossen, musikarar som Reidun Hesjevoll og Else Marie Haugen (hardingfele), Helene Myklemyr Bolstad og Arve Bjørn Røneid (trekkspel), Ole Mads Norenberg (gitar) og Asbjørn Røneid (kontrabass).
Elle’s fekk merksemd då dei nådde semifinalen i Kappspell på NRK i 1993, men aller viktigast for ensemblet har alltid vore musikkglede og leikande samspel – noko som skin tydeleg gjennom på plata.
Digital nylansering
Med digitalutgjevingane på plateselskapet Melovitten blir to ulike epokar i Fossen sitt musikalske liv gjort tilgjengelege for eit breiare publikum. For både gamle og nye lyttarar er dette ei unik moglegheit til å oppdage – eller gjenoppdage – toraderspelemannen frå Jostedalen og hans medspelarar.