Folkemusikk logo
Logo

Ny festival i Ålesund startar i morgon

Etter eit år med planlegging er gjengen bak Aalesund folk festival klar for avspark. Torsdag startar det heile, og festivalleiar Kristina Farstad Bjørdal håpar dette blir ei årleg hending som kan samle heile folkemusikkmiljøet i Møre og Romsdal og mange tilreisande.

Kristina Farstad Bjørdal er leiar av Aalesund Folk Festival. Foto: Thor Haukenes

Kristina Farstad Bjørdal er leiar av Aalesund Folk Festival. Foto: Thor Haukenes

Tekst: Johanne Flottorp

På festivalprogrammet i Ålesund finn ein solistar, duoar, gammaldansgrupper, spelemannslag, strykekvartett og kor, med eit breitt spenn i både instrument og alder. Dei skal alle fylle Ålesund med folkemusikk frå torsdag til søndag. Nokre av dei tilreisande musikarane, er Jo Asgeir Lie, som skal urfraføre verket sitt «Tonar til fjell» saman med ein strykekvartett, og gammaldansgruppene Nord Gudbrandsdal Toradergruppe, Kvarts og Huga. Men programmet består også i stor grad av lokale utøvarar.

– Nokre av ei ypparste felespelarane kjem frå fylket vårt, og dei vil me bruke så godt det går an i festivalen. Både fordi dei har lokal forankring, men først og fremst på grunn av kvaliteten, seier Kristina Farstad Bjørdal.

Mange samarbeidspartnarar

Ideen til festivalen var det Kristina og kjærasten Marius Berglund som kom opp med, og dei hadde snakka om moglegheita for å lage festival i Ålesund ei stund. Kristina lufta ideen for Stefan Olsen som jobbar på Fabrikken kulturscene i Ålesund, og han hadde også parallelt tenkt litt på det same, fortel Kristina.

– Så eg følte det var meininga at me skulle gjere dette, seier ho.

Dei tre utgjer no halve styret, eit styre som Kristina fortel komplementerer kvarandre godt.

Kristina seier at dei også har samtaler med dei andre musikkfestivalane i byen, og sjølv om folkemusikkfestivalen i Ålesund er ny, er ikkje byens musikkpublikum framande for sjangeren.

– Dei klassiske festivalane her er også glade i folkemusikk og hyrer sjølv musikk som er ein fusjon mellom folkemusikk og klassisk, som til dømes Ragnhild Hemsing som spelar barokk på hardingfele, seier Kristina.

Jorun Marie Kvernberg er ei av dei lokale kreftene som deltek. Foto: Kristin Støylen

Jorun Marie Kvernberg er ei av dei lokale kreftene som deltek. Foto: Kristin Støylen

 

Håpar på god synergieffekt

Det er lagt stor vekt på å ha godt dansespel og god tid til å danse på festivalen.

– Eg har lyst til å innføre ein tradisjon for dansefest i Ålesund. Så me får bare byrje og håpe på det beste, seier Kristina.

Det siste året har også festivalen drifta konsertserien «Folk i Ålesund» som går gjennom heile året.

– Målet er å få ei god og etablert folkemusikkscene til Ålesund, ein stad som folk har tradisjon for å komme på etter kvart. Det er også målet for festivalen, at me får musikken ut til byen og regionen og at me kan fremje både lokal, men også internasjonal musikk, seier Kristina.

Kvarts er ei av gruppene som spelar på festivalen. Foto: Pressefoto

Kvarts er ei av gruppene som spelar på festivalen. Foto: Pressefoto

Festivalen har fått god støtte av Fylkeskommunen i sitt første år, fordi dette er eit tilbod som trengst i fylket. På sikt ønskjer Kristina og resten av festivalen å utvide konsertserien, kanskje så den kan reise rundt i fylket og at det kan bli dansefestar i bygdene.

Men no har fokuset vore på å etablere først konsertserien, og frå denne helga, festivalen.

Kristina seier ho vil involvere publikum i å kome med forslag til artistar etter kvart. For både ho og styret er opne for tilbakemeldingar, og tenkjer at vegen blir litt til mens ein går. Målet for festivalen i år har vore ganske rett fram:

– I år har fokuset vore bare å få til noko bra, seier Kristina.

Etter festivalen går det ikkje lang tid før det er ein ny konsert å gå på i Ålesund. Då kjem Purppuri, som var eit nordisk tingingsverk til Folkelarm i fjor. Der er lokale Jorun Marie Kvernberg den norske parten i kvartetten.

– Eg håper at festivalen kan gje gode synergieffektar og at folk vil kome på andre ting me arrangerer, seier Kristina.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024