Startlistene til Landskappleiken er ute og dei viser at talet på påmeldte nesten kom opp på rekordnivået frå Landskappleiken på Gol i fjor. Over 900 enkeltpersonar har meldt seg på, og sidan mange stiller i fleire klasser, er det totalet 1750 enkeltdeltakingar. Desse er fordelt utover 524 startnummer - på Gol var det 528.
Dei tre klassene med størst deltaking i år er Spel hardingfele B (43), Lagdans senior (41) og Dans hardingfele B (37). I fjor blei kongepokalen sett opp i Vokal A, og då var det 21 deltakarar med i denne klassa mot 12 i år. Årets kongepokal skal delast ut i Dans hardingfele A, og der er deltakartalet høgt med 27 startnummer. I fjor var det 28 startnummer der, men tidlegare år har talet lege på rundt 20.
Klassen som har påmeldingsrekord i år, er Open klasse. Der skal 30 utøvarar og grupper i aksjon, og det har aldri før vore så mange påmeldte der.
Dei største juniorklassene i år er Dans hardingfele C og Halling C, som begge har 14 påmeldingar.