Tekst: Kjellbjørn Karsrud

Øystein Velure er i år ansvarleg for påmelding og resultat, medan Marta Lindvik er tevlingssjef. Velure har vore med i hovudnemnda fleire gonger, mellom anna I Ål i 1997, NM på Geilo i 2009 og Landskappleiken same stad i 2014. 

– Det ser veldig bra ut. Fristen er ikkje omme enno, men i skrivande stund har me 417 startnummer, og på Gol var det 528. Per no er det cirka 800 unike deltakarar, der det i fjor var litt over 1000. Me hadde nokre fleire påmelde i Eidfjord enn Gol hadde på same tidspunkt i fjor, då den fyrste fristen gjekk ut, kan han informere om.

Påmeldingane til Landskappleiken i Eidfjord ligg no på 80% av fjoråret, og erfaringsvis kjem det eit renn mot den siste fristen. Velure peikar også på at mange spelemanns- og lagdanslag ikkje har fått alle deltakarane på plass inn i tevlingsystemet til FolkOrg. 

– Det blir spennande å sjå om me passerer Gol. Det er ein nokså stor andel som vel «å donere» pengar til FolkOrg med å vente til prisen går opp. 

Velure fortel at det er få som melder seg på i starten når det blir opna for påmelding. Det kjem ei bylgje fram mot den fyrste fristen då påmeldingskontingenten aukar med ein hundrelapp.

– Det er heilt openbert at nokon er litt treige. Nokon tel kanskje på knappane, men veit nok inst inne at dei kjem til å delta. Dei nyopprykka til A-klassane ser ut til å hive seg på, seier Velure.

Øystein Velure (t.v.) er røynd med kappleiksarrangering. Her som programleiar saman med tevlingssjefen på Gol i fjor - Anders Lunden Herfoss. Foto: Runhild Heggem.

God påmelding i dei fleste klassene

– Det er jamt fordelt elles på dei fleste klassene. Det er omtrent same profil som i fjor, men me slit med å få unge dansarar i vanleg fele og fløyte junior, der det er null deltakarar. Derimot er det god påmelding i Halling C, med fleire deltakarar enn i fjor alt no, fortel Velure. 

– Det er eit stykke frå flatfeledistrikta på Austlandet og Trøndelag til Eidfjord, ser de noko teikn til at desse uteblir? 

– I danse- og spelklassene er det same påmelding som i fjor. Så det ser ikkje ut som at dei er skremt av reiseavstanden. Det er sikkert litt eksotisk for desse landkrabbane i Gudbrandsdalen å koma til salt vatn, skrattar Velure.

Elles er det god påmelding i fele A og B der det nok blir nokre justeringar i tevlingsplanen sidan det er fleire påmelde enn forventa. 

Det er påmelde i 39 av 41 klasser. Elles ligg nokre av dei mest folkerike klassene godt i rute. I lagspel og lagdans er det høvesvis 27 og 37 startnummer, så langt. 

God stemning då hardingane inviterte folkemusikkmiljøet til Eidfjord under Meisterkonserten på Gol i fjor. Foto: Knut Utler. 

Kongepokaleffekt i vokal?

– Det er elles ein god del å gå på i vokal, det er lite påmelding i A-klassa førebels, med berre seks deltakar, mot 21 i fjor. Det er det same mønsteret i Vokal B. Det kan kanskje ha ein samanheng med at det var kongepokal i vokal i fjor, spekulerer Velure.

I år er det kongepokal i Dans hardingfele A, og det er det om lag same påmelding som i fjor, men Velure ventar seg fleire den siste veka påmeldinga er open. I tillegg er det finalar i Eldre folkemusikkinstrument og Spel fele A i år. 

Elles var det mange deltakarar i durspel i fjor, og det er god plass i både senior og junior der. 

– Fjorårets tevlingsleiar Anders Lunden Herfoss hadde nok ein finger med i spelet der, meiner Velure. 

Det manglar nokre namn i Hardingfele A, fortel Velure, men det er 16 startnummer per no. Kanskje kan ein håpe på å få ein klasse med godt og vel 20 deltakarar i ein årestad for hardingfela.

Sjokoladekappleik tre dagar til endes

Den endelege påmeldingsfristen for sjølve kappleiken er måndag 19. mai.

– Me er nok nøydde å vera strenge der, sjølv om me eigentleg vil vera fleksible og imøtekomande. Me er nøydde til å setta endelege timeplanar då, seier Velure.

Det er elles lagt opp til eit stort program for barn og unge, med utvida sjokoladekappleik. Her kjem det meir informasjon om korleis ein melder seg på når Landskappleiken nærmar seg.

– Me reknar med at det kjem så mykje ungar og vil vera med her, så me har sett opp sjokoladekappleik kvar dag. Me hadde ein Vestlandskappleik her for litt sidan med enorm deltaking på Sjokoladekappleiken. Kappleiksgeneral Røynstrand har mykje av æra for detta, fortel Velure. 

Treng fleire dugnadsfolk

Velure fortel elles at dei gjerne tek i mot dugnadsfolk. 

– Det blir veldig compact games, og ein veldig god kappleik. Det ligg veldig godt an med tanke på fasilitetane. Me skulle gjerne hatt fleire varme senger i umiddelbar nærleik, men det ser ut til at folk har ordna seg greitt. Det ligg til rette for ein veldig bra kappleik på alle måtar. 

Det blir ikkje veldige sprell og nyvinningar, så folk kjem nok an til å kjenne seg att i den tradisjonelle kappleiken.