Desember
Tilbakeblikket: Landskappleiken på Lillehammer...
I denne spalta vil me ta fram att nokre landskappleikar frå arkivet, som har vore dokumentert på både NRK fjernsyn og i Spelemannsbladet. Me begynner på Lillehammer i 1968, som vart dekka av både NRK og i Spelemannsbladet 4/1968. Den fyrste teksten er eit usignert kappleiksreferat, moglegvis av bladstyrar Olaug Tveito, og den andre er ei takketale til arrangøren av organisatoren Jon Stuvøy. Bileta er henta frå den nemnte bladutgåva og NRK-programmet.
Tekst: Martin Myhr
Eg voks opp i Trysil, og i 1975 vart eg konfirmert og var klar for den viktigaste fritidsaktiviteten for ungdom og unge vaksne. Kvar helg vart det arrangert fest på minst eit, og oftast fleire forsamlingshus i kommunen og i nabokommunen Engerdal. Berre i Trysil er det nærmare 30 samfunnshus, ungdomshus eller grendehus.
Ein føredømeleg spelemann til minne
Tekst: Per Anders Buen Garnås
Ein høyvêrsdag i sumar lyddest det hardingfelespel og allsong av bygdevisa «Sterke-Nils døyr» frå kyrkjelyden i ei fullsett Rauland kyrkje, før ein kunne sjå den sorgkledde folkeskaren ute på kyrkjegarden knele framom ei grav, som så blei spadd att av familie og vener av Trygve K. Vågen. Eit særskilt høveleg og verdig avskil med ein ekte møsstrending og stor spelemann.
November
Denne veka mottok me den triste bodskapen om at Agnes Buen Garnås har gått ut av tida. Ho har gjennom ei årrekke markert seg som ein av dei fremste folkemusikarane i vår tid, og ho gjorde ein enorm innsats for å auke kunnskapen og respekten for folkemusikk generelt og kvedinga spesielt. For å signe minnet hennar tek me fram att denne artikkelen, skrive av Silje Hegg, i Folkemusikk 2/2017 i tillegg til nokre utvalde fjernsynsprogram frå NRK-arkivet.
Tuva Syvertsen er årets folkemusikar!
I ettermiddag er det utdeling av Folkelarmprisen. Folkemusikk fylgjer med og deler reaksjonar undervegs.
Ytring: Folkemusikk i ein tynn tråd
Tekst: Ole Aastad Bråten, Liv Ramskjær, Tanja Holmen, Aslak Brimi, Leif Ingvar Ranøien og Frank Rolland.
Noreg skal bli verdas mest digitaliserte land, seier statsminister Jonas Gahr Støre, men toget går sakte for dei norske folkemusikkarkiva. I ti år har folkemusikkmiljøet jobba for ressursar til eit nytt, digitalt system som skal sikre musikkarven, men fortsatt uteblir pengane.
Oktober
Gunnar Røstad sitt namn er blant dei fyrste som blir nemnt når det er snakk om legendariske felemakarar. Jubileet kjem naturlegvis til å bli markert med ei sak i neste nummer av Folkemusikk, der Folkemusikk tek ein prat med Røstad-biograf Kjell Chr. Midtgaard. Me markerer sjølve dagen med å ta fram ein eigen Røstad-episode i serien “Halvbror til reven” og Sven Nyhus si melding av Midtgaard sin biografi frå 1997, som stod på trykk i Spelemannsbladet 1/1998.
Før reformasjonen kom langeleiken!
Mange har sikkert lagt merke til at det har vore eit spesielt fokus på langeleiken i år. Det kjem nemleg av at han feirar 500 år!
90-åring med maktdemonstrasjon på Riksscenen
Spelemannslaget Bøheringen fyller 90 år i år, og markerte dette med ein maktdemonstrasjon på Riksscenen i går.
September
Herleg DÅM frå Britt Elise Skram
Tekst: Arne M. Sølvberg
Britt Elise Skram er eit velkjent namn som ofte har stått høgt på premielista i ulike tevlingar. Etter mi vurdering kunne ho stundom vore endå høgare oppe.
Ytring: Ta kunsten tilbake til felemakeriet
Tekst: Lars Børje Markegård.
Vi starter med å reise 100 år frem i tid til 2123. Hvordan vil hardingfela da se ut og hvilke egenskaper har den med tanke på tone? Vil utøverne bruke hardingfela på en annen måte enn det vi gjør i dag?
Serverer kulturskatt vest på Agder
Tekst: Gjermund Kolltveit
Med utgivelsen Ein Gammel ein a'farses har Ånon Egeland dokumentert felemusikken vest på Agder grundig. Og avlivet noen myter.
August
Ingrid Lingaas Fossum hadde alltid tenkt at ho måtte ha ein trygg jobb og blei bioteknolog-studiar og master frå NTNU i Trondheim. Men då Ingrid nærma seg 30 år, bestemte ho seg for å endre kurs.
Fullklaff for ny festivalarrangør
For fyrste gong sidan 1998 vart Landsfestivalen skipa til i Møre og Romsdal, og arrangementet i Vestnes var særs vellukka med mykje god musikk og dans, godt besøk og truleg greitt økonomisk resultat.
Storeslem til Vågå på Landsfestivalen
Vågå-miljøet står som den store vinnaren under Landsfestivalen i gammaldansmusikk i Vestnes med siger i klasse gruppespel, lagspel fele/hardingfele, lagspel durspel/trekkspel og siger individuelt i soloklasse fele/hardingfele.
Juli
Med rekordmange deltakarar vart det ei lang resultatliste frå Landskappleiken på Gol. Her er nokre utvalde resultat frå dei ulike klassene.
Vann for sjette gong og sikra seg vandrepremien
Med seks sigrar er Per Anders Buen Garnås no blant dei som har vunne den prestisjefylte hardingfele klasse A flest gonger sidan Landskappleiken vart etablert. Han var kanskje den einaste som var overraska over å gå heilt til topps på Gol.
– Ei overveldane stor oppleving
- Dette var rett og slett og ei overveldande stor oppleving, seier Synnøve Brøndbo Plassen som felte nokre gledestårer då ho vart tildelt kongepokalen under Landskappleiken på Gol.
Juni
Gunnar Stubseid (1948-2024) er ikkje lenger blant oss. Bodskapen kom uventa på dei fleste som fekk gleda av å vere saman med den mangfaldige spelemannen frå Setesdal.
Dei beste var på Gol også i 1972
Dei beste utøvararane i spel, song og dans deltek på årets landskappleik, akkurat som under Landskappleiken på Gol i 1972.
Då Gol arrangerte landskappleik i 1972, var det rekorddeltaking. Slik er det også når Landskappleiken igjen blir skipa til på Gol 26.-30. juni.
Mai
Anne Hytta nominert til Nordisk råds musikkpris
- Dette er stort for meg, seier folkemusikar og komponist Anne Hytta som er nominert til Nordisk råds musikkpris 2024.
«Bjøynnongein» kraup ut av hiet og spelte for...
Tekst: Ketil Sandviken.
Laurdag 25. mai ville Bjørn Odde (1939-2020) ha fylt 85. Det var venteliste for billettar da «Bjøynnongein» kraup ut av hiet for å vekkje til live musikken til storspelemannen frå Lom.
Tekst: Bente Ingholm Hemsing.
Dansaren, langeleikspelaren, læremeisteren, forskaren, lokalhistorikaren, samfunnsdebattanten og organisasjonsmennesket Ingar Ranheim har fullført eit livsverk som imponerer og inspirerer. Han har løfta fram Valdres-kulturen og bidratt til å gjera oss alle stolte.
April
Meldt av Audun Stokke Hole
Er det viktigast at den eksisterande gammaldansmusikken blir teke vare på, eller at gammaldansen lever vidare gjennom å fornye seg? Denne plata er ei programerklæring av det siste. Det er ein av fleire grunnar til at du berre MÅ høyre ho.
Dommarseminar med fokus på gruppe- og lagspel
Gruppespel og lagspel på Landsfestivalen i gammaldansmusikk var i fokus då FolkOrg skipa til dommarseminar i spel, song og dans i Oslo.
Dansen, kjærleiken og vedhogsten
Tekst og foto: Bjørn Karsrud
Valdrisen Ådne Geicke Kolbjørnshus når stadig nye høgder som dansar og scenekunstnar. 18. april fekk heimepublikummet endeleg sjå han i oppsetjinga «Bill.merk.: heil ved».
Mars
Meldt av Torkjell Hovland
Etter Kvakksalvar-Guri i 2020 er felespelarane Jorun Marie Kvernberg og Britt Pernille Frøholm tilbake med meir livsglad spel.
Det overnaturlege som identitetsmarkør for...
Då tussar, huldrer, troll og Fossegrimen smaug seg inn i det offentlege synet på folkemusikken: essay av Magne Velure
Arvid Sperrud: En dansekonge ser seg tilbake
Tekst: Anne Svånaug Blengsdalen
Vi som har levd en stund, har sett han på scena utallige ganger, høyreist og rank, en danser i Øst-Telemarksbunad med kraft og eleganse i hvert steg. Den engelske poeten John Dryden skal ha sagt at dans er fotens poesi. Det er en god beskrivelse av Arvid Sperruds dans. Han er så vidt vites den eneste som har vunnet dans hardingfele klasse B og A på samme landskappleik.
Februar
Solfrid Nestegard Gjeldokk drar heim til Hallingdal for å overta som dagleg leiar av Folkemusikkveka i Ål.
Gåte er klare til dyst med ny tekst og ny energi
Trass i at dei måtte gjere om heile teksten til MGP-låten sin på ei veke, har Gåte tatt imot utfordringa og sett det som ein moglegheit til å gjere innslaget betre. Heller ikkje bookmakarane har mista trua.
Innhaldsrik veke på Rauland for dei lærenemme og...
Neste veke kan du blant anna gå på kurs i vestfoldspringar, improvisasjon, teater og hardingfele, eller du kan lage dine eigne treski. Vinterfestivalen startar snart, og Raulandsakademiet blir fylt med folk som er interesserte i tradisjonsmusikk, dans og handverk.
Januar
Setesdal saman om interkommunal folkemusikkjobb
Ei fulltidsstilling som lærar i folkemusikk fordelt mellom tre kommunar i Setesdal er no lyst ut for andre gong. - Ein gullsjanse rett og slett, meiner Annbjørg Lien i Setesdalsfolk.
No eig Alexander godfela sjølv
Alexander Aga Røynstrand har spelt på lånt Røstad-fele i 12 år. No er godfela hans eiga, takka vere Spleis, samtidig som han har lansert sin første solo-cd og er artist i Showcase Scotland.
Astrid Sulheim tildelt kulturprisen i Lom
Ho er sjølv oppvaksen i spelemannslaget. Å føre tradisjonsmusikken vidare slik ho sjølv lærte av eigne læremeistrar og førebilete, er ei drivkraft, fortel prisvinnaren.