– Eg må trekke fram Magnus (Børmark, gitarist i Gåte, journ.mrk) og måten han tenkjer på. Han ser ikkje problem, berre moglegheiter. Eg er også ganske positivt anlagt, men han er eineståande. Dei gongene eg held på å dette ut og er på veg ned i kjellaren, roper han inn i øyret mitt: “Dette er ein moglegheit!”. Og viss du trur det, blir det det, seier Gunnhild Sundli i Gåte.  

Den siste veka har det storma rundt bandet. Søndag 28. januar kunne ein høyre på NRK Dagsnytt og lese i dei fleste store nettaviser at Gåte måtte endre teksten til bidraget sitt, Ulveham. Låten opnar med ein lokk av Marit Jensen Lillebuen som er inspirasjon for resten av låten, og teksten er henta frå mellomalderballaden Møya i Ulveham. 

– Det har nok vore litt kommunikasjonssvikt. NRK har kanskje tenkt at dette er nyskrivne, og me har tenkt at det er openberrt at teksten er gammal. Alle er ekspertar på sitt eige fagfelt, så det er fort å tenkje at alle andre veit meir enn dei gjer, seier Sundli og legg til at ho ikkje hadde tenkt på teksten som noko problem, då det var ope og fritt materiale, men at reglane hos den europeiske kringkastaren EBU er annleis. 

Gåte er klare til dyst med ny tekst og ny energi
Gunnhild Sundli i aksjon under delfinalen i MGP. Foto: Espen Solli / NRK

Hos EBU går det fram at både tekst og melodi må vere nye, og at materialet ikkje kan ha blitt gitt ut før 1. september 2023. Med nye digitaliseringar av mellomalderballade-tekstar, er til dømes sistnemnde regel broten. Lillebuens lokk har også vore oppe til diskusjon og er no godkjent for bruk i denne samanhengen. 

Sundli meiner at det er viktig å sjå på intensjonen til regelverket hos EBU. 

– Det er til for at ein skal hindre artistar i å spekulere i plagiering av viden kjente tema. Hadde me tatt temaet frå Dovregubbens hall, hadde alle kjent til det, og det hadde vore eit stort konkurransefortrinn. Men i tradisjonsmusikken finst det ein stor skatt for oss som er folkemusikkjennarar, men som ikkje er så kjent for andre, seier Sundli.

Ho håpar at det kan opnast for at fleire element frå tradisjonsmusikken kan bli brukt i konkurransen framover.  

Historia har blitt betre

Å få kasta på seg ei slik utfordring kort tid før finalen, har Gåte teke på strak arm. Med den nemnde positiviteten til gitarist Børmark, har dei greidd å sjå det heile som ein moglegheit. 

– Då me blei med i MGP måtte me kutte låten ganske kraftig ned for at den skulle bli kort nok. Og alle som driv med folkemusikk veit at det å framføre ein mellomalderballade på tre minutt ikkje er så lett. Så eg følte me mista litt av historia og at det berre blei med nokre utdrag. Då dette kom opp, blei det ein moglegheit til å få fiksa opp i det, seier Sundli.  

Etter nokre dagar var dei nøgde med teksten. Og no er dei sikre på at låten har blitt til det betre. 

– Heile historia blir gjengitt mykje betre no, seier Gunnhild Sundli.  

Gåte er klare til dyst med ny tekst og ny energi
Gåte vann laurdag den nasjonale finalen i MGP. Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Tru på det dei formidlar

Sundli seier at dersom dei hadde vore klar over dette tidlegare, ville dei gjort akkurat det samme som dei no har gjort med teksten.  

– Me har ønska å bringe noko av materialet vidare i den opphavlege forma si, sidan me gjer såpass mykje med musikken uansett. Det har ikkje lege i tankane mine at me kan forandre teksten – den er litt heilag. No når me har gjort det inspirerer det til vidare arbeid, for det originale materialet vil alltid ligge der uansett. Men dette kan vere ein fin måte å formidle mellomalderballadar på utan å synge alle versa, seier ho. 

Gåte er klare til dyst med ny tekst og ny energi
Gåte jubla etter å ha gått vidare frå den andre delfinalen i MGP. No har dei laga ny tekst til finalen for å vere innanfor reglementet til den europeiske kringkastaren EBU. Foto: Espen Solli / NRK

I skrivande stund ligg Gåte klart øvst på oddsen som nettsida til Eurovision World har samla frå mange ulike spelselskap. Der har bandet ifølgje bookmakarane 51 prosent sjans til å vinne. Nummer to på lista er Keiino med vinnarsjanse på 31 prosent. 

Når Gåte går på scena som nummer åtte av ni finalistar på laurdag, er dei meir enn klare.  

– Me er i høgste grad fulle av energi no. Det har storma rundt oss, men det gjev oss ei kraft til å gjere det me gjer, og tru på det me formidlar, seier vokalisten.  

I oppstyret rundt tekstbyttet, har Gåte fått massiv støtte på sosiale medium. 

– Uansett korleis det går, har me vunne på så mange måtar. Folk engasjerer seg plutseleg i mellomaldertekst og kulokk, og det er ganske fint og rørande, seier Sundli.