

Den svensk-norske kvartetten Cuadra Collective er aktuell med debutalbumet Väst, som nyleg blei sleppt på det svenske plateselskapet toppkonst.

Christian Cuadra – saksofon, Selma French Bolstad – fele/hardingfele, Egil Kalman – bass / synthesizers, Anton Jonsson – perkusjon. Foto: Elvira Glänte.
Tekst: Pressemelding/redaksjonen
Kvartetten består av Christian Cuadra på saxofon, Selma French Bolstad på fiolin og hardingfele, Egil Kalman på kontrabass og modulærsynth og Anton Jonsson på slagverk.
Musikken er komponert av Christian Cuadra, med unntak av «Gamle Kalman», som er skriven av Egil Kalman. Utgangspunktet er nordisk folkemusikk, men komposisjonane er laga som opne rammer for improvisasjon og kollektivt samspel.
Cuadra Collective blei starta etter at Cuadra fekk i oppdrag å skrive opningsmusikken til Urkult-festivalen i 2022. Materialet frå denne musikken blei seinare vidareutvikla til det som no er blitt debutalbumet Väst.
På plata møtest akustiske instrument, elektronikk og modulærsynthar. Ifølgje bandet sjølv er målet å la musikarane sine impulsar og individuelle uttrykk vere med på å forme musikken i sanntid.
Resultatet er eit uttrykk som bevegar seg mellom folkemusikalsk tonespråk, improvisasjon og samtidsmusikk.
Sist oppdatert
