

Den svenske folkemusikaren Sara Parkman tek med seg Aster, atlas til Korskirken under Bergen kirkeautunnale. Her møtest seterlokkar, tidleg kyrkjemusikk og elektroniske klangar i eit musikalsk univers der sorg, tru og fellesskap står sentralt.

Sara Parkman blir å høyre i Bergen på sundag. Foto henta frå: https://autunnale.no/program-2026/
Tekst: Pressemelding/redaksjonen
Sara Parkman har sidan debuten i 2016 utforska grensene for kva folkemusikk kan vere. På dei fire albuma sine har ho henta impulsar frå svensk folkemusikktradisjon og sett dei saman med mellom anna samtidsmusikk, elektronika og kyrkjemusikk.
No kjem Parkman til Bergen med sitt nyaste album, Aster, atlas. Albumet tek utgangspunkt i spørsmål om det mystiske, om det å leve og om korleis ein kan halde fast i det levande.
Eit sentralt omgrep i prosjektet er ora et labora – «bønn og arbeid». For Parkman handlar det om å finne trøyst og håp, men også om å halde fram med å arbeide for fellesskapet i ei krevjande tid.
På Aster, atlas blir den svenske seterlokk-tradisjonen sett i samband med den tidlege kyrkja si kortradisjon. Over dette legg Parkman og musikarane hennar elektroniske rytmar og klangflater.
Resultatet er musikk som både har røter i eldre tradisjonar og peikar framover. Parkman har sjølv omtalt albumet som ein «sorgens hage» og ein «skjønnhetens hage» – ein stad der kropp, spire og forråtning eksisterer side om side.
Konserten i Korskirken er ein del av Bergen kirkeautunnale, ein festival der kyrkjerommet og kyrkjemusikken står sentralt. For Parkman blir møtet med kyrkjerommet også ein naturleg del av det musikalske uttrykket ho har utvikla dei siste åra.
Parkman har fått fleire utmerkingar for arbeidet sitt og har turnert for utselde hus i Sverige og internasjonalt.
Billettar kan tingast her. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Sist oppdatert
