Tekst: Pressemelding/Redaksjonen

– Det har vore eit stort sakn å høyre og spele med dei eg lærte av då eg var ungdom. Så kom ideen om De salige, seier Lundeng.

De salige er eit samspel mellom tre tidsnivå: arkivopptak av eldre felespelarar og kvinnestemmer frå Salten og Lofoten, Lundengs eige spel og vokal, og bidrag frå gitarist Nils-Olav Johansen og lydteknikar Are Bredal Simonsen. 

– Men, korleis få til å spele med dei igjen? Klippe, klippe, klippe frå gamle opptak og så setje dei tusenvis av klippa saman til nye komposisjonar – så tenkt, så gjort!

I prosessen har Lundeng henta ut enkelttonar, frasar og lyder frå eldre opptak, og satt dei saman i ny musikk, der kvar utøvar får behalde si stemme og eigenart.

Alle melodiane på albumet er nyskrivne av Lundeng, med unntak av grunnlaget for ein reinlender og ei strofe ho sjølv syng i sporet De saliges sang. Musikken tek utgangspunkt i stiltrekk frå nordlandstradisjonen, og prosjektet representerer ei vidare utforsking av grenselandet mellom folkemusikk, komposisjon og lydkunst.

Arkivopptak frå heile Nordland

Lundeng har dykka djupt i lydarkiva, og De salige inkluderer opptak frå ei rekkje felespelarar og songarar, mellom anna Johan Arent Aronsen (Beiarn), Konrad H. Evensgård (Saltdal), Børre Holmstad (Lofoten), Sofie Jensvoll (Bodø) og mange fleire. Opptaka spenner frå rein felespel via tradisjonssong til taleopptak og bruk av neverlapp og rytmegitar.

Ein fullstendig oversikt over medverkande på arkivopptaka ligg på nettsida til Lundeng.

Turné og konsertar

Albumet har premiere under Kalottspel i Målselv 8. august. Deretter følgjer ei rekkje konsertar i Nordland og Oslo:

30. august – Røst, Querini Pub og Restaurant

3. oktober – Oslo, Norges Musikkhøgskole

7. oktober – Narvik kulturhus

8. oktober – Leknes, Meiertiet

9. oktober – Kabelvåg, Arbeidern

10. oktober – Lødingen kultursal

11. oktober – Stokmarknes, Hurtigrutens Hus

17. oktober – Mo i Rana, Smeltedigelen festival

De salige kjem ut på Havella (HAVCD03) og er tilgjengeleg på fysisk format og digitale plattformer frå 8. august.