Tekst: Kjellbjørn Karsrud.
Foto: Thomas Westling.
Mange kommenterte under Landskappleiken i Eidfjord at det har vorte eit særs ungdommeleg arrangement, men også på Landsfestivalen merkast det at ungdommen interesserer seg for sjangeren med den noko trauste nemninga gamaldans. Arrangørane har ei storsatsing direkte retta inn mot både born og unge, samt at særs habile utøvarar i 20-årsalderen dominerer på scena. Dette lovar godt for framtidige festivalar.
Samspel-klassen har vorte ein suksess
Som nemnt tidlegare, så er det rekordpåmelding på årets festival. Fleire av klassene har både godt med deltakarar og jamt høg kvalitet. Ei av dei nyare klassene er Samspel, der duoar og trioar stiller i ulike konstellasjonar. Fleire av dei Folkemusikk har prata med undervegs i festivalen uttrykker at dei er tilfreds med utviklinga i denne klassa, som er med på å styrke mangfaldet og fører til eit variert musikalsk uttrykk enn tidlegare.
Finalistane i år var Gjevre, Odde & Vårdal, Nilssen/Westling, Simen og Silja, samt Baste og Arve. Dei tre fyrstnemnte konstelleasjonane hamna på topp tre, og rekkefølga blir avslørt på meisterkonserten i morgon.

Klassa for Trekkspel vart for fyrste gong arrangert i fjor. Tidlegare var trekkspelarane tilvist klassa Andre instrument. Trekkspel er ei populær klasse med mange dyktige deltakarar.
Dei tre som skal spele på meisterkonserten i år er Mads Erik Odde frå Lom Spel- og dansarlag, Rikard Odnes frå Vågå Trekkspelklubb, Thomas Nilssen frå #Hedmark. Kristian Jegerud var den fjerde finalisten.

Etter at Trekkspel vart trekt ut av «Andre instrument», kom vokal inn. Fleire av dei sju deltakarane i klassen var songarar, men me fekk også høyre mandolin, langeleik og munnspel. Finalistane vart Arne M. Sølvberg frå Stryn, Ingrid Storlimo frå Budal og Semon Harerusten frå Heidal.

I Durspel vart det i år plukka ut fem finalistar blant dei 27 deltakarane. Dei tre som skal spele på Meisterkonserten er Jørn Kjetil Solbakken frå Vågå Trekkspelklubb og Rikke van Ommeren og Øyvind Sandum frå Oppdal Spell- og dansarlag. I tillegg var Trude Saatvedt Lienfrå Kongsberg Trekkspillklubb og Tom Kjetil Tørstad frå Vang i finalen.

Nytt grep skaper hovudbry for finalistar
Juniorane på Landsfestivalen er samla i eitt heat etter modell frå SuperD på Landskappleiken. I år var det ein dugeleg oppsving i deltakartalet med 20 deltakar. Blant dei fire finalistane var
Emil Røli Daniel frå Ungdomslaget Ivar Aasen, Live Sulheim Viken frå Lom Spel- og dansarlag på høvesvis hardingfele og vanleg fele. I tillegg Vegard Kvestad frå Osterøy Spel- og dansarlag og Silje Skare Storhei frå Hardanger Spelemannslag, båe på durspel.

Eit nytt grep dette året er at finalistar ikkje har høve til å nytte oppatt dei same låttane frå kvalifiseringa i finalen. Blant dei Folkemusikk har prata med har det vore delte reaksjonar på denne avgjerda, men i hovudsak har dei vore positive til endringa. Mange argumenterer for at dette gjer at utøvarane får synt fram eit meir variert repertoar med totalt seks låttar som skal vurderast av dommarpanelet. Det har også ført til ein viss grad av taktikkeri der det er spørsmål om ein skal «bruke opp» dei beste låttane sine i kvalifiseringa, eller spare dei på von om at ein kjem til finalen.
I fele og hardingfele senior var det heile 25 deltakar i ei klasse med jamt høgt nivå og store variasjonar i tradisjonsuttrykk. Dei fem som kom til finalen var Andreas Bjørkås frå Oppdal Spell- og dansarlag, Marius Westling frå Østerdølenes spellmannslag og Heidr spellmannslag og Sturla Eide frå Spelemannslaget Laust og Fast, som alle skal spele på Meisterkonserten. Leif Inge Schjølberg frå Vågå Spel- og Dansarlag og Arne M. Sølvberg frå Spelemannslaget Fjelljom var også i finalen, og det er gjort kjent at dei kom på høvesvis fjerde- og femteplass.

Finalistane i lagspelklassa for durspel og trekkspel er også klare etter kvalikken i går, og dei som skal spele på finale i kveld er: Nord Gudbrandsdal Toradergruppe, Lillehammer Trekkspill- og Toraderklubb, Toradergruppa, Hafslobelgen og Kongsberg Trekkspillklubb.

I lagspelklassa for fele og hardingfele var det i år med heile 28 lag. Som kjent er det uansett seks finalistar i klassene for lagspel og gruppespel. Dei tre laga som hamna akkurat utanfor pallen etter finalen var Strengjarhaugen spelemannslag, Brekken Spell og Danselag og Lom spelmannslag. Det blir dermed avgjort på meisterkonserten i morgon om det er Heidr spellmannslag, Mukampen spelmannslag eller Sør-Fron spelmannslag som vinn klassen.
Dansarane i søkelyset
Under heile festivalen er det høve for publikum å danse, bortsett frå i klassene som har ekstra fokus på dansarane: nemleg pardans og lagdans. Sistnemnte klasse går av stabelen i kveld, medan pardansklassa vart fylgd med stor interesse i går kveld.
Etter fleire «heat» vart det klart at finalistane blir Leon Årdal, Kirsten Johanne Friis frå Indre Sunnfjord Spelemannslag. Iselin Anna Aukrust, Simen Fjeldberg Håland frå høvesvis Lom Spel- og dansarlag, Mukampen spel- og dansarlag. Dorte Nilssen, Stig Nilssen frå #Hedmark. Johannes Kjos, Øygun Kjos frå Jostedal Spel- og dansarlag. Ingrid Voldhaug Roland, Stian Johan Roland frå Øystre Slidre Spel- og dansarlag. Jane Kathrin Hagen, Thomas Nilssen frå #Hedmark.

Eit poeng som gjorde seg gjeldande i fleire av «heata», var at fleire av para bestod av ein far og ei dotter. Fem av dei 34 para var nettopp slike konstellasjonar. To av desse hamna også i finalen med far og dotter Roland og far og dotter Nilssen.
God kok på dansegolvet
Sjølv om storinnrykket er venta på finalespelet i kveld, har også festivalen så langt vore prega av fulle dansegolv. Blant anna var det god kok under lagspelfinalen på fredagskvelden og under finalen på torsdagskvelden. Vêret har også vore mykje betre enn lova av spådomane frå meteorologisk institutt, og arrangøren kan venteleg sitta att med eit hyggeleg overskot etter mat- og drikkesal.
Oppdal ligg midt i smørauga for gamaldansen, og det er storinnrykk både frå Trøndelag, Nordvestlandet og Gudbrandsdalen i hovudsak, samt godt med folk også frå Hedmark og Valdres. Neste år skal Landsfestivalen arrangerast i gamaldansens Mekka i Vågå, medan turen dei to påfylgjande åra går til område som kan karakteriserast som hardingfeledistrikt – Lampeland i 2027 og Ål i 2028. Håpet må vera at det kan kveikje interesse for lokale gamaldanstradisjonar og Landsfestivalen som arrangement også i desse områda.