Tekst: Kjellbjørn Karsrud
Foto: Thomas Westling
Samspelklassene var fyrst ut under Meisterkonserten i Oppdal i dag, som vart programleia av dei to nestleiarane i FolkOrg, Lene Furuli og Margrete Nordmoen. Juniorspellmannslaget i BUL Bodø hadde teke turen, og var det einaste laget i juniorklassen. Dei sette stemninga med Sildapolsen framfor ein fullsett idrettshall i Oppdal, og fekk rungande applaus etter imponerande samspel.

I seniorklassen vart pallplassane fordelte mellom gruppa Gjevre, Odde og Vårdal (3.), Nilssen/Westling (2.) og vinnarane Simen Fjeldberg Håland og Silja Lid Strysse. Folkemusikk fekk ein prat med Håland under festivalen, og lesarane av bladet kan møte han i neste nummer. Dei kvitterte med ein polka han har laga.

Dei heldt direkte fram med ein reinlender etter Jehans-Knut, og ut på golvet kom topp tre i pardans svingande ut på dansegolvet framom scena. Der var brørne Nilssen, Thomas og Stig, sistnemnte dansa med dottera si Dorte, medan yngste bror Nilssen dansa med Jane Kathrin Hagen. Stian Roland dansa med dottera si, Ingrid Voldhaug Roland. Valdresparet kom på tredjeplass, medan brødreduellen mellom Thomas og Stig Nilssen, gjekk sistnemnte sigrande ut av saman med Dorte Nilssen.

Det har vorte dansa mykje under festivalen. Programleiar Lene Furuli kunne fortelja at ho hadde overhøyrt nokon som hadde dansa 26 km under festivalen. Lagdans vart vunne av Røros folkedanslag, som viste seg fram på Meisterkonserten medan ein konstellasjon med Rørosspelemenn spelte Smed-Anders under leiing av Ole-Erik Feragen.
Vinnaren av Durspel senior vart i år Øyvind Sandum. På andreplass kom Jørn Kjetil Solbakken, medan Rikke van Ommeren kom på tredjeplass. Sandum kvitterte med Grendahusvalsen som ein hyllest til Geirr Lystrup for å takke for all den innsatsen han la ned for gamaldansen. Denne let han på einraderen sin, som han også nytta på nokre låttar under finalespelet.

I super junior vart plasseringane slik: tredjeplass på Emil Røli Daniel, andreplass på Vegard Kvestad og fyrsteplass på Live Sulheim Viken. Ho spelte ein pols etter Ole Erik Feragen med tittelen Storbrekkingen til stor applaus frå salen.

Lagspel durspel/trekkspel vart vunne av Hafslobelgen. På andreplass kom Nord Gudbrandsdal Toradergruppe og på tredjeplass kom Kongsberg Trekkspillklubb. Sistnemnte stilte i oransje festival-t-skjorter for å markere at det er to år til dei skal arrangere Landsfestivalen på Lampeland i lag med Numedal spel- og dansarlag. Vinnarlaget frå Sogn kvitterte med ein trad.-lått i Myklemyrtradisjon.

I fele/hardingfeleklassa stakk Andreas Bjørkås av med sigeren. Han vart fylgd av Marius Westling på andreplass og Sturla Eide på tredjeplass. Bjørkås tok ein reinlender etter Olav Iver Rise for publikum på Meisterkonserten.

I trekkspelklassa vart vinnaren Mads Erik Odde frå Garmo i Lom, busett i Sel. På andreplass kom Thomas Nilssen, medan Rikard Odnes fekk siste pallplassen. Odde nytta høvet til å kvittere med ein reinlender av Jarleif Fyrun frå Garmo.

I andre instrument og vokal senior vart det tredjeplass på Semon Harerusten, medan Arne Sølvberg kom på andre. Klassa vart vunnen av Ingrid Storlimo. Ho song Marte og Baldrian ein song med trad. melodi og tekst av Alf Prøysen.

I lagspel vart det tredjeplass på Mukampen spelmannslag. Andreplassen gjekk til Sør-Fron spelmannslag, medan klassa vart vunnen av Heidr for fyrste gong. Dei spelte ein reinlender frå Løten musikkforenings notebok.

Stor takk til arrangøren
Margrete Nordmoen nytta elles høvet til å takke hovudkomiteen for ein enorm innsats.
- Dei har stått på døgnet rundt dei siste dagane, for at vi andre skal få vere i fellesskap med dans og gode vener. Tevlingane har gått på skiner, og vertskapet har møtt oss med eit smil. Dette tyder på god organisering og god leiing, sa nestleiaren.
Festivalsjef Gry Hoel og komiteen fekk stor applaus.
- For ein fest det har vore! Dette er noko av det luraste eg har gjort i livet mitt er å lære å spele fele og fått lov til å vere med i dette unike miljøet, sa ho.
Ho la vekt på at det er eit raust miljø med stort fokus på inkludering og toleranse. Ho kunne fortelje at dei hadde brukt to år på å planlegge festivalen. Ho nytta høvet til å takke alle deltakarane og publikum, i tillegg til dommarar, lydmenn og programleiarar og FolkOrg. Og ikkje minst spelemannslaget i Oppdal. Johannes Kjos fekk ein ekstra takk for å ha bistått med å lage dansegolvet. Ho retta også ein stor takk til dei om lag 300 frivillige som har stilt opp undervegs.
Arne Stasviken kom deretter fram på scena saman med neste års hovudkomité kledd i raude t-skjorter for å ta over bodstikka som fylgjer arrangørane i samband med at Landsfestivalen skal arrangerast i Vågå neste år. Han nytta høvet til å skryte av årets arrangør.
- Eg håpar at alle som er her og endå fleire tek turen til Vågå, oppmoda Stasviken. - Vi er klare til å køyre på, vi har drive på i eitt års tid alt og har ein rutinert hovudkomite på plass.
Dei hadde for høvet dikta ein velkomstsong som vart motteke med trampeklapp. Dermed er festivalpublikummet velkomne til eit nytt stemne om eitt års tid.
Stor spenning i gruppespel
Gruppespel er på mange måtar kanskje den gjævaste klassa under Landsfestivalen med skyhøgt nivå i toppen. Difor vart utnemninga av fyrsteplassen gjort ekstra spennande av programleiar Lene Furuli. Det var tidlegare gjort kjent at 3B kom på tredjeplass, og konserten vart avslutta med at ho tok både Kolden & Co og Kompani Byre opp på scena. Etter ei runde med stein, saks og papir, vart det bestemt at Kolden & Co skulle spele fyrst, deretter Kompani Byre.
Ho skjemta vidare med at dommarane ikkje hadde vorte einige om kven som vann, men kunne til slutt avsløre at andreplassen gjekk til Kompani Byre. Dermed var gruppespel vunne av Kolden & co for fyrste gong på 23 år. Kolden & Co runda dermed av Landsfestivalen 2025 med Netosetervalsen.
