Tekst: Pressemelding/redaksjonen.
Kemer Dansefestival har sidan starten i 2014 samla danseglade frå heile Norden til kurs i swing, west coast, linedance, tango, salsa og fleire andre danseformer. Festivalen blir arrangert både vår og haust, og har tradisjonelt strekt seg over tre veker. No blir programmet utvida med ein eigen gamaldansveke.
Instruktørar på gamaldanskurset er Stian Roland og Tone Voldhaug frå Valdres, begge kjende frå ei rekkje topplasseringar på landskappleik og landsfestival. Dei har undervist i ulike dansetradisjonar ved ei rekke høve. Musikken blir levert av Tom Kjetil Tørstad og Monica Litangen, begge drivande toraderspelarar og arrangørar av den populære Storefjelltreffen på Golsfjellet.

– Det blir ei strunkeveke for vaksne i Syden, seier Stian Roland.
Kvar dag blir det to timar med kurs i både swing og gammeldans, og deltakarane kan velje å vere med på éin eller begge disiplinar. Kursopplegget blir tilpassa ynskja frå dei som melder seg på.
Dans ved bassengkanten
På dagtid blir det kurs, medan kvelden byr på sosialdans med levande musikk frå scenen ved bassenget.
– Vi kjem til å leggje opp eit program som passar deltakarane som kjem dit. Dette er ein type kursopplegg ein har drive med i swingmiljøet i mange år, men det er nytt innan gammeldans og folkedans, fortel Roland.
Prisen for opphaldet er 875 euro per person i dobbeltrom («all inclusive» med mat, drikke, dansekurs, sosialdans og transfer). Flybillett kjem i tillegg, og deltakarane bestiller sjølve flyreisa. Opphaldet kan utvidast utover den eine veka om ein ønskjer å delta på kurs i andre danseformer.
Fakta
Tid: 21.–28. oktober 2025
Stad: Viking Star Hotell, Kemer, Tyrkia
Instruktørar: Stian Roland og Tone Voldhaug
Musikarar: Tom Kjetil Tørstad og Monica Litangen
Påmelding:
Kjell Amundsen – tlf. 959 24 059 – kjell.amundsen60@gmail.com
Astrid Nesse – tlf. 908 99 640 – astrid145@me.com
Meir info om kurs:
Stian Roland – tlf. 907 22 690 – rolandstian@hotmail.com
1-10 dager; Dobbeltrom kr 885,- pr.døgn/pr.pers. Singelrom kr 1330,-
11-19 dager; Dobbeltrom kr 825,- pr.døgn/pr.pers. Singelrom kr 1240,-