Tekst: Olav Norheim
Det hende på opninga av Litteraturtunet i Volbu i Øystre Slidre. Det er poeten, samlaren og bygningsvernrådgivaren Odd Arne Rudi som har opna tunet sitt for litteratur. Han har hus nok. Han reknar med at han har 18 gamle hus på tunet heime i Svinlibrøta.
Det vart både litteratur og musikk under opninga. To granskarar, teaterhistorikaren og forfattaren Anne Helgesen og instrumentbyggaren og folkemusikkutøvaren Mari Ormberg, leidde kvarandre gjennom ein samtale om dansedokker, dokker som dansar til tonar og trådar frå langeleikar.
Mykje nytt om gamalt
Mykje nytt om gamalt, mellom anna om to gamle dansedokker frå øvre Valdres som kom til Nord-Amerika. Eller gjorde dei? Kan dei like gjerne ha vore laga borti Amerika, i Decorah, etter inspirasjon frå dokker i heimbygda Hørisbygda i Valdres?
Konservator Mari Ormberg ved Valdres Folkemuseum har vore over til Vesterheim Norwegian-American Museum i Iowa for nærmare granskingar. Spennande resultat kan koma.
Eine dansedokka på Vesterheim Norwegian-American Museum har porselenshovud. Eksotisk og heilt feil, er det lett å tenkje om det. Men så viser det seg at også den berømte Berit på Pynte brukte dansedokke med porselenshovud når ho spelte langeleik heime i Vang i 1870-åra. Eit nærmare blikk på eit foto som Knud Knudsen tok av henne, viser det.

Og etterpå var det dans
Og etterpå var det dokkedans. Fire langeleikutøvarar, fire langeleikar og fire dansedokker utgjorde dansebandet. Forresten, det var tre dokkefigurar og ein hest. Utøvarane var Mari Ormberg, Inga Thon Rogne, Kari Steinsrud og Gunvor Hegge, alle frå Øystre Slidre.
Då fekk dokkegranskaren Anne Helgesen (og vi andre) sjå korleis dokkene har kroppsfakter og uttrykk som gjer at vi kan forstå at dette var underhaldning for vaksne og barn, med utfordrande lausdans av tredokker med trådar i hovud og ledd.
Verten sjølv er ikkje så overvettes interessert i folkemusikk, kunne han fortelja. Det går meir i Frank Zappa. Men når han opnar Litteraturtunet i langeleik-bygda Øystre Slidre må nesten langeleiken få vera med. Og etter kvart har han fått meir sans for langeleik, kunne han fortelja.