
Andreas Bjørkås Trio - Vol 1: Oppdal
- Ta:lik, 2015
- 14 spor, 36 minutt
- Produsent: Jan Erik Kongshaug
Vol 1: Oppdal heiter den første plata til Andreas Bjørkås Trio (feat. Andreas Bjørkås, Olav Christer Rossebø & Erlend Viken). Ja, det høyrest ut som ein tørr vitskapleg, usentimental monografi. Og ja, det er nett det denne plata er. Eg har sjeldan vore borti ei plate som får ein til å reise utan å vere nostalgisk eller sentimental. Og etter litt lytting forstår ein meir om denne staden som ein veit litt lite om. Eg konkluderer: det er ikkje rart staden heiter Oppdal. Dette er ei plate fyld med musikalsk opptur.
Første spor er “Hoppvals etter Sigurd Aalmen” som eg ville kalle ei rispelåt: det er ei deilig risping som beat som kompletterast av groovy feleriff og gitarglitter i botnen. På den neste songen – “Sprenglek etter Ola Nerlo og Ola Setrom” – er allereie den fine variasjonskrafta på plata i gong: no er trioen lengre nede i dei djupare registra. Alle instrumenta speler djupt, og det funkar som ei kule. Eit makelaust vreng og synkopespel her! Og eg må seie at det er noko eg legg merke til ved lytting til Vol 1: Oppdal: dette er ei herleg variert plate. Den er veldig fint kuratert, for å seie det slik.
Neste song – tredje spor – skapar rom rundt andre sporet: i “Renglender etter Sigurd Aalmen” er me på gammaldans på plattingen – og som avbrot gjer det godt i “hi-fi-sjela” her eg sit og lyttar. Kontrabassen får den rolla ein kontrabass skal ha på plattingen: fundamentet ein held fast i når ein eigentleg er litt usikker på plattingen (for kven er vel ikkje det, når det er snakk om dans). Eg får lyst til å halde fast i denne bassen lenge: eit godt, trygt element. Det fine med denne låta, som er banal utfrå tradisjonen, er inspirasjonen trioen dyrkar i samspelet. Medmusikarane spreier eit rikt miniatyrspel som kontrapunkt til bassen: the future of plattingen.
Og for oss som er tilhengarar av Danseband Jukebox på NRK, er den neste songen det me lengtar etter: ”To hoppvalsar etter Ola J. Rise” er endå ei dansbar låt med noko godt, hillbillyaktig over seg. Eit fintfølande raffinert mandolinspel forsterka av ein hol klang, som forsterking kontrastert med ein flat felelyd. Det er godt å høyre ei plate der romklang blir økonomisert. Folketonen ”Paa Hinside Ørken” kunne raskt fått ein tung dose romklang på ei ordinært produsert folkemusikkplate. Men ikkje her. Og det er ikkje så rart når ein les teksten: det er produsent-eminensen Jan Erik Kongshaug som står ved spakane. ”Paa Hinside Ørken” blir derfor ei totalt usentimental folketone kor mørkret får leve. Her kjem særleg meisterspelemannen Andreas Bjørkås fram med sin meisterskap: evna til meistre full bogekontroll inn til kvar minste millimeter av eit strok. Alt underbygd av eit rørande tørt tremolokomp.
Overgangane gjer plata også veldig god på eit makronivå. Det er overgangen til den neste låta, “Polka med støt etter Ola J. Rise”, eit godt døme på. Her kjem humoren fram mellom høgtalarane mine. Eit knusktørt samspel får meg til å le og tenke på ein tørrsteikt kalkun. Eg tenker på den som blir servert i Chevy Chase sin National Lampoon’s Christmas Vacation. Denne polkaen er ei kanonlåt nettopp på grunn av usentimentaliteten. Denne blir avslutta av solospel i bassen medan fela speler pizzicatokomp på toppen. Dette er med andre ord ei glitrande plate: eit meisterdøme på god produksjon, samspel, glitrande enkeltprestasjonar og magisk variasjon.