I Spelemannsbladet nr. 5 (1990) skreiv eg ein artikkel om særmerke ved Fel-Jakup sitt spel. Her nytta eg dei utsegnene vi kjenner om dette emnet frå Jakup si samtid og ettertid, og slo dei i hop med eigne erfaringar frå fleire års arbeid med Feleverket, der materialet til dei to binda frå Oppland no er stilt ferdig. I desse vurderingane av Jakup må vi gå ut frå at han vart sett opp mot det folk var vande med av felespel, helst det dei var flaska opp med av «lokale» spelemenn, eldre enn, eller jamgamle med Jakup.

Nokre av desse utsegnene kan kort skisserast slik:

– Ålen i Sør-Trøndelag: Jakup skal ha påvirka mellom andre ein sentral spelemann som Anders Reitan til meir einstemd spel.

– Austefjorden på Sunnmøre: Vika-Petter (1822–84) lærde skjelvetonar av Jakup.

– Sykkylven: Gamle-Hjortdalen (1833–1910) bruka lite av bogen. Jakup strauk med heile bogen.

– Stryn/Ålesund: Per M. Bolstad peikar på «kulturen» i Jakup sitt spel. Han nemner strøket, venstrehanda og posisjonsspelet.

– Breim: Per Støyva formidlar Anders Reed si oppfatning om Jakup-spelet som ei tid var idealet i Breim. «Dei kalla det byspel, det var reint og greitt», men annaleis enn det dei var vande med.

– Hornindal: Lars Grov sa at Jakup-spelet ikkje var så rikt på krusedullar som hos dei gamle spelemenn, men mjukt og «omfangsrikt frå dei låge tonar til dei høge stillingane».

Fel-Jakup-spel og gamalt spel

Nyskaping

Utsegnene fortel om kva som skilde Jakup frå andre spelemenn, men ofte er dei knytte til spel av «nyare slåttetypar», som vals osv.

Set ein det saman med alt som er fortald om Jakup sitt samspel med «gamle spelemenn», vert inntrykket berre styrka av at han har beherska fleire spelestilar, og at dei eldre slåttetypane truleg vart mindre påvirka av «det nye» i spelemåten hans.

Men min påstand var likevel at den viktigaste grunnen til at folk beit seg spesielt merke i karen og spelet hans, og ga han den eineståande posisjonen og det ryet han fekk, var at han gjekk ut over «dei råmene» for felespel folk var vande med på dei områda som er nemnde.

Eldre stildrag

Kva kan utsegnene om Jakup og det undersøkte materialet i Feleverket fortelje om draga i gamal spelemåte på Jakup si tid? At eldre spelemåtar gjerne var prega av stuttare bogedrag, er det liten tvil om, og utsegnene om til dømes Gamle-Hjortdalen understrekar det.

Den gamle stutte bogetypen som høyrde fela til, og som verkeleg var ein boge i ordets rette tyding, var nok framleis i bruk somme stader fram til Jakup si tid. Men det viktigaste for dette stildraget i dei gamle slåttane og spelemåtane, var at dei hadde vakse fram under desse stutte bogane.

Erfaringane frå materialet eg har arbeidd med, er at det og er nær samanheng mellom stutt bogebruk og meir markerte bogevendingar og bogedrag. Slik vart nok både rytma og klangane godt framheva, utan at sjølve strøkmønstra av den grunn bør ha vore særleg annleis enn dei er no. Kva for eit bilete av gamalt spel kan utsegnene om Jakup gje oss om vi nyttar dei baklengs?

– Ein teknikk og eit klangbilete der skjelvetonar (vibrato?) ikkje var i bruk (jfr. Vika Petter).

– Ei klangkjensle og ein teknikk der tvigrepa var begrensa til nokre få, helst dei som «gjer seg sjølv» ved strengeovergang i vanlege melodigangar i slåttemusikken, særleg tersgrep (jfr. P. Bolstad).

– Ei klangkjensle som kravde betydeleg bruk av laus medklingande streng, bordun (jfr. utsegner frå Ålen, Breim osv.).

I slåttematerialet frå Oppland (vanleg fele) finst til dømes 8 ulike felestille. Min påstand er at bruken av desse berre kan forklarast logisk ut frå den klangeffekten dei lause omstemde strengane kan gje. Spelemenn med «nyare ideal» om enkel rein melodiføring, til dømes Hans A. Vineshaugen (fødd 1831) frå Heidal/Sel gjekk heilt bort frå å stille om fela. Det var ikkje noko problem å frambringe melodilina.

– Ei musikkjensle og ein teknikk der atskillig bruk av «krusedullar» eller ornamentikk var ein organisk del av melodilina (jfr. Lars Grov).

– Ein teknikk og ei klangkjensle der posisjonsspelet var lite eller ikkje bruka (jfr. P.M. Bolstad, Lars Grov m.fl.).

Spinn vi vidare og set nokre av desse elementa i samanheng, kjem vi kanskje eit hakk nærare ein heilskap. Tenkjer vi oss dei stutte og markerte bogedraga saman med lausstrengsspelet, må resultatet verte ein særs klår rytmisk snert, understreka av ein rytmisk bordunbruk. For det er ikkje råd å tenkje seg bordunen som ein tung og bastant liggjande klang i desse feletradisjonane. Byggjer vi vidare på dette med ei melodikjensle med «krusedullar», ser vi truleg viktige delar av fundamentet i eldre spelemåtar.

Ein del slåttar, særleg i Skjåk og på Lalm, har klangar og tvigrep som er ukjende elles i slåttemusikken. Kan det vere Jakup som har utnytta teknikken, og som har «løfta» slåttane opp på fela?

Skilnad og likskap

Nå er det uråd å tenkje seg alle dei slåttetradisjonane i områda der Jakup fór, utan klåre dialektskilnader og stilskilnader elles. I eit så levande materiale kan då til dømes bruken av lausstreng ha variert noko mellom distrikta, men kanskje like mykje mellom enkeltspelemenn innan same distrikt, sikkert og mellom einskilde slåttar der felestille og melodigang vil påverke dette. I somme høve har bordunklangen vore med heile vegen, i andre høve har han vore blanda med einstende figurar og eit og anna tvigrep.

Trass i slike skilnader, er utsegnene om Jakup temmeleg eintydige. Difor tør eg antyde at nokre slike stildrag, som er grovt skisserte her, var grunnleggjande for ei folkemusikalsk stilkjensle over store område. Eg vil sjå det som eit musikalsk fellesgods, og som eit fundament under dei meir framståande stildraga som skilde, og skil, slåttetradisjonane. Dette «øvre laget» av stildrag formar ut den særeigne karakteren og heilskapen i spelestilane. Særskilt viktige er dei stildraga som er knytte til den lokale utforminga av dansen, rytme, tempo, slåtteform og -lengde, og andre meir «musikalske» drag som formar ut dialektane, strøkmønstra, detaljfigurane etc.

Nye drag i springleiken?

Eg strekar under på nytt at «det nye» i Jakup-spelet mest er knytt til runddansslåttar. Springleikspelet til Jakup veit vi lite konkret om, men vi kan antyde i kva for retning han har prega utviklinga av spelestilar.

– Fleire utsegner om «reinare» melodiføring, med mindre lausstrengsspel og mindre krusedullar er verd å merke seg.

– Ein del slåttar, særleg i Skjåk og på Lalm i Vågå, går i 2. og 3. posisjon. Fleire av dei har klangar og tvigrep som er ukjende elles i slåttemusikken. Kan det vere Jakup som har utnytta teknikken, og som har «løfta» slåttane opp på fela?

Mykje tyder på at det var dei klanglege sidene ved spelet som lettast vart påverka av nye ideal. Men ikkje noko av dette kan skape tvil om at dei grunnleggjande rytmiske og melodiske draga som er nemnde tidlegare, var sentrale kvalitetar også i Jakup sitt springleikspel. Truleg ga han desse kvalitetane slikt liv at få eller ingen gjorde han det etter.

LES, LYTT OG SJÅ MEIR:

Folkemusikktimen 1. august 2021 – John Ole Morken intervjuar Aslak Brimi om boka og CD-en gitt ut i høve jubileet

Ivar Teigum og Rolv Brimi: Fel-Jakup – meldt av Ånon Egeland for Folkemusikk

Fel-Jakup – fyldig artikkel på lokalhistoriewiki.no

Frå Fel-Jakup, Gammal-Sjugurd og Per Spellmann si tid – NRK vitjar lomsspelmannen Erling Kjøk (TV-program frå 1976)

«Det vektige draget»

Felespel, spelestilar, kvalitet, det minner meg om Alfred Bismo sine funderingar om emnet. Frå sine eigne filosoferingar, og med inspirasjon frå Rikard Skjelkvåle og Per Bolstad, kunne han samanfatte mykje om kvalitet i det han kalla «det vektige draget». Det gjekk fram at det var eit ferdig utvakse, fullmodent og personleg forma felespel, og ikkje eit overflatisk «apekattspel». Det utmerka seg med ei særskilt tydeleg markering av den rytmiske tyngden og snerten i taktslaga (ein «motstand» i rytmen), og grundig forseggjorde (betydningsfulle) figurar, store som små, i klang og melodiføring.

Ein «forenkla» eller for lettvint spela slått vart forakteleg omtala som beingrind, eller han vart karakterisera som skummamjølk (ei negativ karakterisering i Alfred sin generasjon, som ikkje var tynga av kolesteroltestar og «Fjernsynskjøkenet»).

Mykje av det eldste felespelet vi har opptak av vil eg seia er prega nettopp av «det vektige draget». Det stør opp om Alfred si overbevising, og stemmer godt med mine filosoferingar om emnet «gamal spelestil».

Artikkelen blei først publisert i Spelemannsbladet nr. 7–8/1990. Den første av dei to artiklane i serien stod på trykk i Spelemannsbladet nr. 5/1990, og er tidlegare republisert her på folkemusikk.no.