![Fortenestmedalje til Dag Vårdal](https://img4.custompublish.com/getfile.php/5270573.3034.jjmqzpwzupnlk7/859267207.jpg)
Noregs Ungdomslag (NU) stilte mannsterke på festkvelden for Vårdal. Her held svigerdotter og NU-styreleiar Mette Vårdal tale.
![Fortenestmedalje til Dag Vårdal](https://img4.custompublish.com/getfile.php/5270574.3034.tt7ijksqwkjkbp/922951961.jpg)
Simon Hesselberg Løvald helste frå Leikarringen i BUL Oslo, der Dag Vårdal har vore instruktør og spelemann i ei årrekke. Saman med Solveig Brekke Hauknes dansa han ein pols og ein halling for dei frammøtte, til spel av Vegar Vårdal, son til heidersmannen.
![Fortenestmedalje til Dag Vårdal](https://img4.custompublish.com/getfile.php/5270575.3034.atabwwqjnztblm/10633062.jpg)
Dag Vårdal og kona Torun Riise hygga seg med familie og gode venner i Nynorskens Hus, kulturhuset til BUL Oslo sentralt i hovudstaden.
![Fortenestmedalje til Dag Vårdal](https://img4.custompublish.com/getfile.php/5270576.3034.wnqmiab7ipjblt/4001848112.jpg)
Susanne Lundeng, tilfeldigvis på Oslo-besøk denne fredagen, kom innom og heidra Dag Vårdal. Lundeng lærte mykje av sitt tidlege repertoar frå Vårdal, og han tok henne òg med og møtte kjelder. For CD-samlinga '111 nordlandsslåtter' (2017) fekk Lundeng spellemannpris.
![Fortenestmedalje til Dag Vårdal](https://img4.custompublish.com/getfile.php/5270577.3034.jsibwinjunmmqt/4214581979.jpg)
Fylkesmann i Oslo og Viken, Valgerd Svarstad Haugland, overrekte fortenestmedaljen til Vårdal på vegner av Kongen. Vårdal har nett fullført sitt store CD- og bokverk 'Samværsdansen i Christiania på 1800-tallet', som han har arbeidd med i ei årrekke.
![Fortenestmedalje til Dag Vårdal](https://img4.custompublish.com/getfile.php/5270578.3034.bqbitbsunpkjlt/008-Dag-Vaardal-fortjenst-2019-foto-Thor-Hauknes-web-1600x1067.jpg)
Tre generasjonar Vårdal spelar fele saman for første gong: Dag, Vilde og Vegar Vårdal. Dei spelte «Trippar frå Åseral», som etter at Dag Vårdal fann ho fram er blitt ein populær og mykje spelt slått.
![Fortenestmedalje til Dag Vårdal](https://img4.custompublish.com/getfile.php/5270579.3034.ltabtbapmu7a7l/010-Dag-Vaardal-fortjenst-2019-foto-Thor-Hauknes-web-1600x1067.jpg)
Tone Eidsvold helste og gratulerte på vegner av alle tidlegare leikrådgivarar i Noregs Ungdomslag. Dag arbeidde som leikleiar i NU 1982–86 og har vore tillitsvald i fleire periodar.
![Fortenestmedalje til Dag Vårdal](https://img4.custompublish.com/getfile.php/5270580.3034.wpkp7qktjtqtnm/011-Dag-Vaardal-fortjenst-2019-foto-Thor-Hauknes-web-1600x1067.jpg)
Om lag hundre personer hadde møtt opp for å heidre Dag Vårdal på festkvelden 22. mars.
Dag Vårdal
- Fødd 1946 i Søndre Land, oppvaksen på Hønefoss.
- Utdanna lærar, har arbeidd i grunnskulen i Lofoten (1970–1978), Lund i Rogaland (1978–82) og Bærum (1986–2008).
- Folkemusikk- og dansekonsulent i Noregs Ungdomslag (NU) 1982–1986, generalsekretær i Landslaget for Spelemenn (dagens FolkOrg) 1995–1996.
- Medforfattar av ei rekke bøker om norsk folkemusikk og folkedans. I 2019 gav han ut verket 'Samværsdansen i Christiania på 1800-tallet' (Kultivator), bestående av tre CD-ar, to note- og dansehefte og ei bok.
![Fortenestmedalje til Dag Vårdal](https://img4.custompublish.com/getfile.php/5270581.3034.tqwtqkbaniaa7n/3249044449.jpg)
Dag får ein spesialbygd langeleik av Liv Arvidsson på vegner av Agder folkemusikklag og Vest-Agder Ungdomslag. Dag har gjort mykje for tradisjonskunnskapen og det lokale folkemusikk- og folkedansmiljøet i Agder og Rogaland.
![Fortenestmedalje til Dag Vårdal](https://img4.custompublish.com/getfile.php/5270582.3034.spknlltpwstszw/2137801626.jpg)
Logoen til Noregs Ungdomslag i dessertformat i høve dagen.
![Fortenestmedalje til Dag Vårdal](https://img4.custompublish.com/getfile.php/5270583.3034.aswtilqtnjnzni/3640830341.jpg)
Erik Haugros, leiar for folkedanslaget Symra i Bygdelagssamskipnaden (BLS) i Oslo, var den som tok initiativet til å føreslå at Dag Vårdal skulle få Kongens fortenestmedalje.