Tekst: Johanne Flottorp

-Eg har tenkt på dette albumet i 13 år. Debutplata måtte jo få ein oppfølgar. Men så har åra gått, eg har blitt mamma, hatt litt andre prioriteringar og prosjekt, så det var først nå eg var klar for å sette igang med dette, seier Marie Klåpbakken. 

Ho er på farten ut på turné saman med eit stort band på ei innhaldsrik reiserute. Dei startar på Hamar i kveld og skal etter kvart innom Oslo, Trondheim, Sør-Fron, Fagernes, Lillehammer og Røros. 

Plata «Her og nå» er ein påminnar om å vere i nuet. For blikket og tankane har fort for å vandre både bakover og framover i tid. 

- Det er viktig å vere der me er, seier Klåpbakken. 

Og der ho er nå, er tilbake i eit landskap ho både kjenner og liker godt. Det heile starta med ein telefon til Olav Mjelva. Dei to har arbeidd med låtane saman, Klåpbakken har komponert og laga tekstar, og så har Mjelva vore med på å forme mange såkalla «hooks» hos felene.

-Olav er så allsidig. Ein stor kunstnar. Eg har vore fan av energien og samspelet i Sver i mange år, seier Klåpbakken. Saman med Oskar Reuter og Jens Linell frå Sver og produsentane og musikarane Bjørn Ole Rasch og Jon Roaldsnes, arbeidde dei fram plata saman i Kongshavn studio utanfor Kristiansand. 

Fleire av musikarane frå Sver er viktige på den nye plata til Marie Klåpbakken. På Singelen «Mazda 1985» var heile bandet med. Foto: Jostein Vedvik

Det har kome fleire singlar frå det nye albumet i tidlegare i haust og vinter. Ein av dei er «Mazda 1985», ein låt som springer ut av eit minne om å vere fersk på sjåfør på tur til Jørn Hilme-stemnet. 

Klåpbakken har fått boltre seg i eit hav av sjangrar som musikar. Mange har sikkert sett henne på «Hver gang vi møtes», der ho var fast felespelar i 11 sesongar. Elles har ho arbeidd med artistar i eit spekter frå rapparen Vinni til Helene Bøksle. Å vere i kontakt med så mange ulike sjangrar, har ført til at ho av og til kan gå seg litt bort. Men nå har ho landa i det ho kallar felepop. 

-Det var heilt avgjerande å få eit team rundt meg som forstod kva eg ville og gav meg tryggheit i at eg tok rette val. Nå når plata skal ut er eg livredd, men samtidig stolt. Ofte har eg høyrt veldig mykje på andre og kanskje ikkje stått 100 prosent for ting sjølv. Men denne gongen har eg vore tydeleg, og ting har blitt som eg ville ha det, seier Marie Klåpbakken. 

Om Marie Klåpbakken:

Fødd: 01.07.1985

Yrke: Musikar

Bustad: Stavanger

Kjem frå: Vinstra

Kvifor spelar du? Og kor ofte? 

Eg speler fordi eg som lita ville starte med eit instrument etter å ha drive med drill og gått i speideren. Eg såg Secret Garden på TV, og då følte eg at fela blei eit kall. Eg stod på venteliste i eitt år og var veldig klar for å starte då det endeleg var min tur. 

I ein vanleg kvardag som musikar tek alt anna enn spelinga tid. Så den spelekosen og terpinga eg dreiv med som lita og som student ved Musikkhøgskulen blir det ikkje så mykje av lengre. Men eg set meg veldig ofte vekesmål, slik at eg kan sette av ein dag til øving og vedlikehald. Eg blir kanskje ikkje noregs beste felespelar, men for meg er det bra nok å ha min eigen sound. 

Kven er dei fremste læremeistrane dine?  

Fram til eg var 18 år spela eg klassisk. På vidaregåande gjekk eg på Vinstra, og sjølv om eg fekk klassisk fiolinundervising der, kunne eg ta timar med Nina Furuli og Vegar Vårdal parallelt. Eg streva med bogeteknikk og tramping, og fekk det ikkje til. Men Nina og Vegar som peila meg inn på folkemusikken, og seinare hadde eg Per Sæmund Bjørkum og Håkon Høgemo på Musikkhøgskulen. I tillegg hadde eg danske Harald Haugaard som lærar ein gong i månaden etter kvart. Eg møtte han på turné i USA og blei heilt betatt av spelet hans, så eg måtte berre få lære av han. Eg sat timevis på Lavprisekspressen frå Oslo til København og deretter til Odense. Så det var mykje reising, men det var verdt det. 

Kva var den siste folkemusikkplata du høyrde på?  

Eg syns jo Madam Jam er frykteleg kule. Elles er plata til Guro Kvifte Nesheim og Thomas Eriksson ei plate eg stadig kjem tilbake til. Guro har gjort nokre veldig fine ting der, altså. Eg må også trekke fram søskenbarna mine Hans og Rasmus Kjorstad og bandet deira Reôlo med låten Purrebæadn som akkurat kom ut. Utruleg artig!

Plata «Her og nå» er spelt inn i Kongshavn studio utanfor Kristiansand. Foto: Privat

Kva var den siste folkemusikkonserten du var på? 

I fjor var eg på Sarah Parkman her i Stavanger. Svensk folkemusikk. Det var rått og veldig stilig. I Stavanger har me også serien Gorrlaus, men eg er støtt bortreist når det er konsert der, så det har ikkje klaffa til nå. 

Kva for folkemusikkarrangement kan du tenkje deg å reise på i år? 

Eg skulle gjerne ha vore på Riksscenen når Väsen og Triakel skal spele der. Saman med Blåmann Blåmann var dei banda som sprengte høgtalarane mine då eg gjekk på musikklinja. 

Kva var den største folkemusikkopplevinga di i året som gjekk?

Det å kunne spele og jamme med ein så stor gjeng som då me spelte inn plate, det var som å ha ein god gammaldags folkemusikkfest. Så det var nok ei av dei største opplevingane i fjoråret for min del. Det er ikkje til å stikke under stol at når hobbyen blir til jobb, så må ein også tene til livets opphald. Og då kan det av og til gå på bekostning av det ein liker best å gjere. Så dette var ein viktig påminnar for meg, det er derfor eg driv på med musikk. 

Kva er den største kappleiksopplevinga di? 

Eg har så mange fine minne rundt fellesskapet, at alle generasjonane er samla, dagar med dans, god musikk, smil og latter. Bare det å sove på klasserom var jo stas.

Dei seinare åra har eg ikkje delteke sjølv, men eg har lyst til å gjere det igjen. Nå føler eg at eg har fått springleiken under huda att og er trygg på at eg speler bra nok. Det har site ganske langt inne, for den siste gongen eg var med fekk eg høgare poengsum enn dei i A-klassa, og sidan det har eg ikkje delteke. Grunnen til at eg ikkje har stilt i A-klassa enno, er vel fordi eg er min aller største kritikar og eg trur nervene hadde vore i heilspenn. Ein er sårbar på ei slik kappleiksscene, og eg følte kanskje at eg hadde mykje å leve opp til etter den gongen det gjekk så bra med tanke på poenga. Men, kanskje stiller eg til sommaren. Kanskje. 

Kva for ynskje har du for folkemusikken og -dansen i 2025? 

Eg synest miljøet gjer mykje bra og det verker som det er meir openheit for å få inn impulsar utanfrå, utan at det går på bekostning av tradisjonsarven. Det er ei god utvikling at dyktige utøvarar er klare på at dei er godt forankra i det som er essensen, samstundes med at dei får lov til å gå vidare. Det trur eg fenger dei yngre også, at det ikkje er så låst. 

I år er det landsmøte i FolkOrg. Kva synest du er det viktigaste FolkOrg bør jobbe med i komande periode?  

Eg ser det litt utanfrå nå, og eg synest det blir gjort ein god jobb og at det er god dialog ut i feltet. Rekrutteringsarbeidet er veldig bra. 

Plata til Marie Klåpbakken er no tilgjengeleg på strøymetenester.