Tekst: Jostein Aardal

– Dette er det desidert beste arrangementet vi har gjennomført, seier dagleg leiar Sigrid Moldestad. Ho får full støtte for denne oppsummeringa frå styreleiar Mari Andrea Ness.

– Dette blir berre større og større. Over all forventning, mykje folk, god stemning og så var vi heldige med vêret. Ja, full jubel heile helga, fastslår Ness.

– Når ein set saman eit program, er det alltid spennande å sjå korleis det fungerer. Folk er trege med å kjøpe billett, og vi visste ikkje kor mange som ville kome. Dei siste dagane losna det. Vi fekk fulle hus overalt, og fleire fekk ikkje plass nokre arrangement.

– Det kokte i Breimshallen laurdag kveld?

– Ja. For meg som hugsa korleis det var å spele revy i Breimshallen då folk sat langs og nesten kraup oppetter veggene for å få plass, så minte det meg om dei gode tidene eg voks opp i. Natt til søndag var dansegolvet fullt til halv to. Eg har ikkje opplevt noko liknande på Pederhusveka.

Breimshallen var tidleg fullsett laurdag kveld, og det var fullt på dansegolvet til då Madam Jam avslutta det heile klokka halv to natt til søndag. Foto: Jostein Aardal

Arrangørane satsa på god, variert musikk med Madam Jam, Farstad & Farstad, Tron Steffen Westberg & Magne Eggen Haugom, Bjørn Ravnestad & dei pårørande pluss Arnastrilen og ikkje minst Hekate. Det fungerte veldig bra, konstaterer Moldestad.

Stemninga i Breimshallen var heilt på topp frå første stund med Finn Tokvam frå Aurland i Sogn, busett i Bergen, kjend frå musikkprogrammet PILS og utpeika som sjølve inkarnasjonen på ein vestlending. Meir enn 13.000 har opplevt hans vel timeslange humorshow om tida før og no, ispedd nokre alvorsame refleksjonar blant anna omkring sambygdingen Per Sivle.

Hekate innvia ny scene

I år vart det innvia ei ny scene i Breim – ein nedlagt trafostasjon i Reed sentrum nokre steinkast unna Pederhuset. Eigarane Kristin Sandal og Stig Kamonen kjøpte som trafoen i 2023, har jobba hardt for at den enno kunne takast i bruk som arena for første gong.

Det svære betongbygget er i ferd med å bli omgjort til ein spennande stad for fleire kulturuttrykk. Hekate med Synnøve Brøndbo Plassen, Silje Risdal Liahagen, og Malin Alander var dei aller første som heldt konsert der. Det vart magisk med fantastisk song og klang, heilt akustisk.

Hekate med Synnøve Brøndbo Plassen, Silje Risdal Liahagen, og Malin Alander var dei aller første som heldt konsert i den gamle trafostasjonen. Det vart magisk med fantastisk song og klang, heilt akustisk. Foto: Per Svein Reed

– Eit heilt utruleg bygg å spele i. Det føltes som alle romma var med oss og forma konserten. Ingen lydteknikar, alt var akustisk. Det påverka vala eg tok under vegs. Dette var spennande. Gøy å kjenne at eit bygg du aldri har vore i før , høyrer så saman med musikken vår. Og utruleg kjekt at så mange kom, synest Silje Risdal Liahagen.

– Vi fekk fritt spelerom, og vi slo oss laus. Det vart ei unik oppleving i eit hus med ei slik historie, og alle dei trivelege folka som har sett det i stand til vår bruk, seier Synnøve Brøndbo Plassen.

For Malin Alander som kjem frå Sandane, kommunesenteret i Gloppen berre ti minutt køyring frå arenaen, var det ein ekstra dimensjon.

– Eg var verkeleg på heimebane. Utruleg stas å starte turnéen vår på denne plassen. Atmosfæren var skikkeleg god. Publikum var med oss. Vi var som i ei boble inne i den gamle trafostasjonen, fastslår Alander.

– Eg synest det fungerer veldig bra med den store Breimshallen og dei små, intime lokala i Pederhuset med plasthall like ved og no Trafostasjonen. Alt dette er innan gangavstand, seier styreleiar Mari Andrea Ness .

Meir enn musikk

Pederhusveka er ikkje «berre» musikk og dans. Ulike kulturuttrykk med litteratur og foredrag fenga folk. 

Sandum & Tallroth i Pederhuset. Foto: Per Svein Reed.

– Eg kallar Pederhuset eit påminnigshus. Vi skal minne kvarandre om historia og fortelje dette vidare til nye generasjonar, seier Sigrid Moldestad.

I år var filmskapar og forfattar Margreth Olin på plass saman far hennar, Jørgen Mykløen. Det vart ein sterk samtale leiar av «honndalstaus» og journalist Gunnhild Sindre. Utgangspunktet var filmen «Fedrelandet» som var norsk Oskar-kandidat, samt den nyleg utgitte boka «Song til Mor».

– Margreth gjekk som hand i hanske inn i sjølve grunnidéen til Pederhuset. At onkelen hennar, Reidar, var god ven av Peder og besøkte han ofte skapte ein ekstra dimmensjon omkring samtalen. Onkelen var også i gravferda til Peder. Det var så sterkt å høyre. Eg og mange med meg måtte tørke tårer, konstaterer Moldestad.

Innan ramma for «Påminningshus» kom Renate Lunde i Vossabia med gammal kunnskap og tips om lækjande plantar og naturbaserte produkt, medan tidlegare NRK–korrespondent Roger Sevrin Bruland kåserte og informerte om «Ølets historie frå Bayern til Nordfjord», også med smaksprøver til publikum.

Det var stor spennvidde i programmet. Fredagen starta med «Hyen Spesial» tittel på ein mykje brukt slått, framført av Hyen spelemannslag. Dette som introduksjon til Fredrik Hope og Marthe Aa som har leita fram folkemusikk, felespelarar og folkesongarar – ikkje minst kvinner – frå gløymsla. Dei er komne langt på veg i det som skal bli bok om tradisjonane i bygda.

Det gjekk slag i slag: «Musikk i tunet» med Bjørn Ravnestad & dei pårørande /frå Osterøy) pluss Arnastrilen, Tron Steffen Westberg & Magne Eggen Haugom som spelte dansekonserten «Grovt og grant» og «KlubbFredag» med gruppa Reolo som dokumenterte at dei slår an også som danseband blant godt vaksne i folkemusikkmiljøet.

«Truse og torader»

På programmet laurdag morgon var det tradisjonen tru «Truse og torader» med speling på båtbrygga og bading i Breimsvatnet. Musikantane frå Osterøy og Arna, under leiing av Bjørn Ravnestad spelte og bada i det åtte grader kalde vatnet.

På programmet laurdag morgon sto «Truse og torader» med toraderspel på brygga og bading i Breimsvatnet. Foto: Jostein Aardal

Bjørn Ravnestad er oppvaksen på Reed og med på det meste under Pederhusveka.

– Bjørn var god ven med Peder Råd. Med unntak av eitt år har han vore her sidan starten i 2019. Toraderspelarane spreier glede overalt til alle tider og skaper så godt stemning. Viss nokon skal utnemnast til heidersmedlem i tillegg til Linda Eide må det bli Bjørn Ravnestad. Det skal vi sanneleg gjere, seier Moldestad med eit smil.

Madam Jam med fleire

Øyvind Sandum var på Pederhusveka for første gong. Han var engasjert i fleire samansetningar, med Madam Jam, i duett saman med Roger Tallroth og ein heilt ny trio som kan kallast Sandum, Tallroth & Moldestad, samansett for anledninga med minimal samspeløving. At dette var ferskvarer kunne knapt nokon høyre.

Og så vart det vart ei forrykande avslutning i Breimshallen laurdag kveld.

– Du får ikkje same intimiteten med Madam Jam i Breimshallen som konsertane inne i Pederhuset. Men eg trur folk hadde det nesten like artig som oss på scena. Nokre gonger berre skjer ting. Vi hamna nede på golvet og song den siste reinlenderen ilag med folket i salen. Det er slikt eg kjem til å hugse.

Sandum, Tallroth og Moldestad. Foto: Per Svein Reed.

Det same med konserten inne i Pederhuset saman med Roger. Du kjem så tett på folk. Det gjer noko med oss som sit og spelar og fortel. Det finst ikkje nervar. Det er slik varme, det er nærheit og berre koseleg. Eg pratar om ting eg ikkje i heile teke har planlagt å seie. Det blir ein slags samtale. Det er kjempestas.

– Kva synest du om å ha fleire kulturelement i eit slikt arrangement?

– Eg tykkje det er kjempebra. Her har eg opplevt mangfaldet innan folkemusikk–sjangeren,og vi har høyrt om hudpleie og ikkje minst Margreth Olin og far hennar. Eg har sjølv sett filmen. Gjennom dette føler eg å ha fått eit innblikk i identiteten i distriktet. Det er kjøle godt når ein kjem som artist utanfrå.

– Kan det bli fleire Pederhus–veker på deg?

Ja. Heilt klart, seier Øyvind Sandum.