Jubileumskappleiken i Bergen
Spelemannsbladet med ein kritisk innfallsvinkel
I 1972 vart Ola Grøsland tilsett som ny bladstyrar i Spelemannsbladet, med verknad frå 1973. Han la an ein noko meir kritisk stil enn ekteparet Tveito hadde hatt før han. I Spelemannsbladet nr 4. 1973 finn me fleire kritiske vurderingar av og refleksjonar rundt den store jubileumskappleiken for Landslaget for spelemenn.
Både Grøsland sjølv, Gunnar Stubseid, Lise Foss og ikkje minst Hallgrim Berg, som også leia fjernsynsprogrammet derifrå, stilte seg kritisk til fleire arrangementstekniske moment, som skulle føre til ein nokså opphissa debatt mot stemneleiinga den påfylgjande hausten i spelemannsbladspaltene. Me har plukka ut den framoverskodande kritikken frå Hallgrim Berg i denne samanhengen, som også gjev eit godt bilete av korleis ein landskappleik kunne fortone seg på den tida.

Landskappleiken – røynsler og framtidsvoner
Av: Hallgrim Berg
Landskappleiken skal fyrst og fremst vera ein kveik i vart eige arbeid og miljø. Denne storstemna er vårt einaste fellesmøte i året. Det er difor svært viktig at landskappleiken blir lagt opp på ein måte som tener vårt føremål. Kva er så føremålet? Tja, sei det.

Skal landskappleiken verta eit misjonsstemne, der flest mogleg ukunnige skal dragast med og verkeleg «frelsast, slik at dei fær augo opp for «dei største heilagdomane i vår nasjonale arv», dvs. felespelet og dansen? Skal landskappleiken heller vera av mindre omfang, og berre styrkja og gjeva inspirasjon til dei som alt er blitt sanne disiplar i dei lokale laga våre? Og i kor stor mon skal landskappleiken framleis vera eit sjøslag for heidningar.
Ulike grupper legg ulike meiningar og motiv til grunn for si vurdering av kva landskappleiken er og kva han bør vera. Dei tre gruppene ovanfor kan me kalla :
I. Dei høgnorske organisatorane.
2. Dei utøvande spelemenn og dansarar.
3. Tilreisande grasrot-fyliikar og andre stemningsmenneske.
Skal vårt miljø framleis kunne fungera slik at dei ekte tradisjonane skal kunne overleva, må landskappleiken ha eit breitt, variert tilbod som tilfredsstiller flest mogleg av våre eigne (turistane held eg utanfor i denne drøftinga). Våre eigne tre grupper er på kvar si vis like viktige. Utan organisasjon, inga rørsle og inga samling og inga tevling og kapping. Utan spelemenn, ingen fest. Utan dansarar, ingen gneist i slåttespelet. Utan stemnings- og festmenneske, ingen folkefest eller løglege episodar. Den nemnda som styret i Landslaget for Spelemenn no skal nemna opp, ho som skal staka opp retningsliner for framtidige landskappleikar, fær inga lett oppgave i å balansera interessene til desse tre gruppene.
Landskappleiken i Bergen hadde mange positive trekk samanlikna med praksis frå tidlegare år. Stemneleiinga var korrekt og streng med tidene for tevlingar og frammøte. Deltakarar som kom subbande etter sin tur i det oppsette programmet, vart nådelaust avviste. Delt premieutdeling, ei på fredag og ei på sundag, var eit avgjort framsteg. Men så var det berre det at desse utdelingane vart langt nær så interessante som del kunne ha blitt, då ingen utanom dei fremste høyrde noko.
Me nordmenn er så kjepphøge overfor svenskane når det gjeld folkemusikk- og dans. Om me ikkje kan læra noko av dei reint musikalsk, kunne me i det minste læra oss arrangementsteknikk av del. Gode høgtalaranlegg, kjappe konferansierar, bruken av ord, lyd, lys, m.m. er faktorar som kan høgja det personlege utbyttet for dei frammøtte. Ei førestilling må vera ein fest og ei oppleving, ikkje eit ork.

Sjølve tevlingane gjekk greitt for seg, men stemninga i salen kom aldri opp mot tidlegare høgder. Kontakten mellom scene og sal var for dårleg. Det er eit lyspunkt at tevlingane B- klassa har teke til å få eit rimeleg omfang. Men A-klassane er framleis for store og ueinsarta i kvalitet til at ein bør nytta nemninga «eliteklasutan atterhald. Ei sete på over fire timar må få fleire antiklimaks, og blir det for mange slike, går diverre eilskapsinntrykket sterkt ned.
Dei største opplevingane på ein kappleik kjem gjerne spontant, utanom det oppsette stemneprogrammet. Det var ein god ide å plassera flest mogleg på same staden, slik at spel- og dansarmiljøet kunne få fungera fritt utetter kvelden og natta. Men no, som før, var det berre ein slump at me fekk ha desse frie nattmøta. Så vidt eg minnest, var det berre på Geilo og Gol 1972 at tilskiparane hadde sett til og avtalt høvelege lokale for den store nattfesten. Det er ikkje lett å vera tilskipar. Dei må tenkja på både dei som skal sova og dei som vil vera vakne. Framtidige tilskiparar må ha miljøet likså mykje for auga som tevlingane og dei såkalla mønstringane, kva no dei har vore.
Før eg gjekk ut or styret i LfS tok eg opp tanken om at organisasjonen sjølv, aleine, kunne skipa til landskappleiken. Ein kjem ikkje utanom at mange lag kjem godt frå oppgåvene dei er tillagde. Like fullt er mangt amatørmessig og fantasilaust utført. For Landslaget kunne også det økonomiske resultatet bli langt betre enn i dag. Med drivande folk bakom kan ein landskappleik i dag ikkje bli anna enn ein økonomisk suksess, då det attpåtil viser seg at få lokale lag er interesserte i å ta på seg det dei ser som eit sjansespel, er kanskje tida mogen for at LfS med leigde hjelpesmenn skipar til landsstemnet sitt åleine?
Ein viktig ting til slutt: På ein landskappleik må folk få meir enn eitt høve til å få høyra det verkeleg gode og store slåttespelet. Er det ikkje ein god ide at ein inviterer storspelemenn og spelemenn med særeige slåttespel til landskappleiken, slik at desse kunne gjeva intimkonsertar til dei og dei tider? Betal vedkomande spelemenn tusen kroner kvar, betal dei to tusen, men få dei for all del fram! Og la dei tå drive på ein time eller to. Eg må seia eg lengtar til å høyre Hilmar Alexandersen i ein hotellsalong på Oppdal i 1974, over ein kopp kaffi eller ein tynn pjolter, der han sit og spelar, pratar litt mellom slåttane, skjemtar litt med publikum, spelar att, og me kosar oss og lærer kanskje litt attpå til. Og eg gler meg til ein liknande konsert i Setesdal med Dreng Ose i 1975, og noko liknande oppbyggjande med Andris Dahle og Ola Bø og Torleiv Bolstad i Valdres i 1976. Til dømes.
Resultatliste Landskappleiken 1973:
DANS KLASSE A:
1. premi: Berit Steinsrud og Knut Steinsrud, Valdres, Valdresspringar 84.5 p. Torbjørg Aamlid Paus og Aslak Austad, Setesdal, Setesdalsgangar 82 p. Birgit Dahle og Kjetil Olsrud. Rjukan, Tinnspringar 82 p. Sidsel Anmarksrud og Anders Anmarksrud, Aurdal Valdres-springar 81,5 p. Birgit Dahle og Kjetil Olesrud, Rjukan, Tinnspringar 81,5 p. Tordis Seim og Jostein Mæland. Voss. Vossarull 81 p. Ragnhild Vindegg, Geilo og Thomas Stensgård, Gol, Hallingspringar 81 p. Maria Høgetveit Berg og Hallgrim Berg. Ål, Springar frå Hallingdal 81 p. Svanhild Drøsdal og Steinar Drøsdal, Bergen. Vestlandsspringar 80,5 p. Dagny Guroplassen og Ola Guroplassen, Ål, Hallingspringar 80 p. Bjørg Bakkane, Krokstadelva og Bjørn Ahlgren, Oslo. Telespringar 80 p. Reidun Brauti, Lunde og Kristian Ihle Hanto, Lunde. Telespringar 79,5 p. Svanhild Drøsdal og Steinar Drøsdal, Bergen. Vossarull 79 p. Toril Stave og Torleif Stave, Ål Springarfrå Hallingdal 79 p. Bibbi Grinilia og Arvid Gullbring, Porsgrunn. Telegangar 79 p. Sissel Rysstad og Jon Rysstad, Hylestad. Setesdalsgangar 78,5 p. Berit Hovde og Nils Ove Gjeldokk, Ål, Hallingspringar 78,75 p. Arnhild Jonset og Knut Buseth. Ål, Hallingspringar 78, 5. Bibbi Grinilia og Arvid Gullbring, Porsgrunn, Telespringar 78,5. Annbjørg Kolltveit og Jon Låte, Odda, Sørfjordspringar 78,5 p. Ingrid Ølnes, Sogndal og Olav Bjotveit, Bergen, Vossarull 78 p. Liv Bu Nyborg og Georg Nyborg, Bergen, Rull 78 p.

2. premi: Borghild Bakken og Olav Bakken, Svene, Numedalsspringar 77,5 p. Anna Kreken og Lars Kreken, Jostedal, Jostedalsspringar 77 p. Liv Bu Nyborg og Georg Nyborg, Bergen, Vestlandsspringar 77 p. Ellen Vabo, Bergen og Olav Åsvang, Baldersheim, Vossarull 77 p. Ellen Vabø, Bergen og Olav Åsvang, Baldersheim, Vestlandsspringar 76 p. Gunnbjørg Skålevik og Arvid Vedå, Bergen, Vossarull 76 p. Gunnvor Kjosås og Dagfinn Kjosås, Øystese, Vestlandsspringar 75 p. Gunnbjørg Skålevik og Arvid Vedå, Bergen, Vestlandsspringar 74,5 p. Kårhild Brakstad og Torkjell Bjørkheim, Bergen, Vestlandsspringar 74,5 p. Kårhild Brakstad og Torkjell Bjørkheim, Bergen, Vossarull 73,5 p. Borgny Miland og Torkild Mandt. Rjukan, Gangar frå Vest Telemark 73 p. Ingrid Ølnes, Sogndal og Olav Bjotveit, Bergen, Vestlandsspringar 72,5 p. Gunvor Kjosås og Dagfinn Kjosås, Øystese, Rull 70 p. Borgny Miland og Torkild Mandt, Rjukan, Springar frå V. Telemark 66 p. Liv Berit Næset, Notodden og Kjell Ove Pedersen, Porsgrunn, Telegangar. 66 p. Liv Brit Næset„ Notodden og Kjell Ove Pedersen, Porsgrunn. Telespringar 62,5 p.
DANS KLASSE A — HALLING:
1. premi: Anders Anmarksrud, Aurdal 82 p. Thomas Stnesgård, Gol 82 p. Peder Kolsrud, Torpo 77 p.
2. premi: Knut Buseth, Ål 75 p.
DANS KLASSE B:
1. premi: Ingar Ranheim, Fagernes, Halling 80 p. Helga Brattås og Ole E. Huslende, Kongsberg, Numedalspringar 78 p.
2. premi: Solveig Larsen og Peder Kolsrud, Torpo. Hallingspringar 75 p. Berit Høybjelke, Kari Høybjelke og Folke Flatland, Hauketo, Trimannsdans frå Telemark 74. Lillian Tveiten og Per Øyvind Tveiten, Bergen. Kvammaspringar 74 p. Kari Høybjelke, Haslum og Folke Flatland, Hauketo, Vest Telemarksspringar 74 p. Kari Høybjelke, Haslum og Folke Flatland, Hauketo, Vest Telemarsgangar 73 p. Kari Vethe og Olav Vethe, Bulken, Vcssarull 72 p. Eldbjørg Haugsrud og Arvid Haugen, Gvarv, Telemarksspringar 69,5 p. Hildegunn Flermoen. Trysil og Halvard Sandberg, Storelvdal 69,5 p. Lillian Tveiten og Per Øyvmd Tveiten, Bergen, Rull 69 p. Norunn Lødemel og Svein Aasen, Oslo, Numedalsspringar 68,5 p. Astrid Ore og Håkon Dregelid, Voss, Vestlandsspringar 67,5 p. Kari Vethe og Olav Vethe. Bulken, Vestlandsspringar 66.5 p. Astrid Ore og Håkon Dregelid, Voss, Vossarull 66,5. Håkon Dregelid, Voss, Lausdans 64 p. Odd Nilsen, Fjell, Halling 64 p. Kari Juklestad og Egil Svidal, Jølster, Jølstraspringar 63,5 p.
3. premi: Marit Nilsen og Odd Nilsen, Fjell, Vestlandsspringar 61 p.
DANS KLASSE C:
2. premi: Geir Ove Hippe, Ulnes, Halling.
HARDINGFELE KLASSE A:
1. premi: Knut Myrann, Nesbyen (Grepa komfyr, og 1 lut i «Hallingpokalen») 285 p. Odd Bakkerud, Nesbyen 284 p. Hauk Buen, Kongsberg 280 p. Otto Furholt, Kristiansand 280 p. Knut Buen, Tuddal 279 p. Jens Myro, Ål 267 p. Torleiv Bjørgum, Hylestad, Setesdal 264 p. Lars Skjervheirn, Øvre Årdal 261 p. Sigmund Eikås, Jølster 260 p. Leif Rygg, voss 258 p. Finn Vabø, Bergen 254. Tarjei Romtveit, Vinje 253 p. Johannes Sundsvalen, Holtås 250 p. Svein Lændal, Tuddal 246 p.

2. premi: Arne M. Sølvberg, Fjelli i Nordfjord 241 p. Olav Sire, Torpo 219 p. Oddmund Dale. Bergen 217 p.
FELE KLASSE A:
1. premi: Hans W. Brimi. Garmo 267 p. Bjørn Odde, Garmo 265 p. Tore Rødølen, Oslo 252 p. Ivar Schjølberg. Vågåmo 249 p. Borgny Eide Tallerås, Otta 249 p. Knut Kjøk, Oslo 246 p. Reidar Skjelkvåle, Oslo 246 p. Pål Skogum, Oslo 246 p.
LAGSPEL HARDINGFELE:
1. premi: Ål Spel- og Dansarlag, Al 255 p. (Pokal frå Vestlandsbanken
2. premi: Spelemannslaget Fjellbekken. Bergen 244 p.
LAGSPEL FELE:
1. premi: Gudbrandsdølsenes Spelemannslag, Oslo 253 p. (Pokal frå Vestlandsbanken).
2. premi: Oppdal Spelemannslag 224 p. Nordmøre SpeIemannslag 190 p.
HARDINGFELE KLASSE B:
1. premi: Gunnar Stubseid. Bygland 246 p.
2. premi: Svein Lien, Tinn 235 p. Per Helge Alnes, Vågsbygd 231 p. Arthur Søgnen, Ål 224 p. Richard Hilde, Sogndal 211 p. Arne Aabø, Lårdal 211 p. Leikny Åsen Rogne. Longva 207 p. Bjarne Mæland, voss 201 p. Olav Berge, Bergen 188 p.
FELE KLASSE B:
2. premi: Ivar Innerdal, Oppdal 229 p. Inge Godtland, Oppdal 227 p. Harald Gullikstad 225 p. Arne Risdal, Skåbu 218 p. Sverre Hallbakken, Oslo 207 p.
3. premi: Sverre Aurdal, Sykkylven 162 p.
HARDINGFELE KLASSE D.
1. premi: Anders Kjerland, Granvin 251 p. Knut Ufs, Bø 246 p.
2. premi: Halvor Sørsdal, Bergen 221 p.
3. premi: Hans Holto, Ål 180 p. Johan Lien, Bergen 180 p. Nils Furunes. Bergen 179 p. Per Lie, Fjell 169 p. Sigurd Bruflot, Naustdal 166 p. Bernhard Villanger, Sykkylven 165 p.
HARDINGFELE KLASSE C:
1. premi: Hallvard Bjørgum, Hylestad, Setesdal 248 p. (Krystallvase frå Norsk Rikskringkasting)
2. premi: Jon Bondal, Tuddal 241 p. Axel Heienberg, Fana 241 p.

FELE KLASSE C:
2. premi: Hilde Reitan. Oslo 206 p.
MUNNHARPE:
1. premi: Hallgrim Berg, Ål. Dagfinn Nupen, Ørstad.
2. premi: Martin Sælid, Fagernes.
TUSSEFLØYTE:
1. premi: Geir Egil Larsen, Levanger.
2. premi: Arne M. Sølvberg, Fjelli i Nordfjord.
LANGLEIK:
2. premi: Elisabeth Kværne, Johanna Fuglesteg. Øystre Slidre. Kari Hegge, Heggenes. Gunvor Hegge, Heggenes. Anne Gro Fuglesteg, Øystre Slidre.
NEVERLUR — SELJEFLØYTE:
1. premi: Dagfinn Nupen, Ørsta.
NYSKAPING.
1. premi: Hans W. Brimi, Garmo 127 p.
2. premi: Arne Risdal. Skåbu 111 p. Inge Godtland, Oppdal 109 p. Ivar Schølberg, Vågåmo 108 p. Agnes Buen, Ås 102 p. Geir Egil Larsen, Levanger 96 p.
KVEDING:
1. premi: Agnes Buen, Garnås, Ås. Torbjørg Aamlid Paus, Vågsbygd. Birgit Lund. Lista. Aslak Austad. Ose i Setesdal. Hanne Kjersti Buen, Tuddal. Hilde Reitan, Oslo. Bjarne Øverbø, Amotsdal, Torleiv H. Bjørgum, Hylestad.
2. premi: Johanna Fuglesteg, Øystre Slidre. Margretha Oppheim, Vossestrand. Olav Kleivi, Åmotsdal. Olav Fletre, Voss. Inger Fletre, Voss.