Tekst: Pressemelding/Redaksjonen
Plata inneheld heile 34 slåtter, spelt inn i 1987 og 2017 etter initiativ frå Knut Buen, som har følgt Øverlands spel gjennom fleire tiår. Buen seier om spelemannen:
– Einar Øverland spelar alt i si eiga form og sitt eige uttrykk – eit personleg Einar Øverlandspel.
Albumet er mastra av Audun Strype og blir gjeve ut på Aksent plateselskap ved Håvard Svendsrud.
Frå kappleiksmeister til debutant
Plateutgjevinga kjem berre dagar etter at Øverland vann fyrstepremien på Setesdalskappleiken tidleg i august. At ein debutant i hans alder både deltek og vinn på kappleik, viser kor levande og aktuelt spelet hans framleis er.
– Dette er ikkje berre ei plateutgjeving, men ei dokumentasjon av eit livsverk i tonar og tankar, seier Håvard Svendsrud i Aksent.
Konsert og plateslepp på Seljordshei
Utgjevinga blir feira med konsert og offisielt plateslepp på Seljordshei grendehus søndag 17. august kl. 15.00. Der blir det både levande musikk med Øverland sjølv, innslag frå Knut Buen og Håvard Svendsrud, samt ein eigen pratestund der Buen intervjuar Øverland. Det blir også kaffeservering. Arrangementet er ope for alle, men med avgrensa tal billettar.
Podkast: Ord frå ein spelemann
I samband med plateutgjevinga lanserer Aksent podkastserien Ord frå ein spelemann i fem delar på YouTube. Her deler Øverland sjølv historier, slåtteprat og refleksjonar frå eit langt liv i og utanfor slåttetradisjonen, i samtale med Knut Buen. Serien byr både på varme, alvor og glimt i auget – og i siste episode, med tittelen Når stolane flyg, tek dei også for seg metafysiske fenomen som har følgt Øverlands spel gjennom åra.
Podkastserien er publisert på Aksent sin YouTube-kanal.