Tekst og foto: Johanne Flottorp

Det er laurdag i Eidfjord og Anbjørg og Torbjørn har akkurat gått, eller skal ein seie springe, av scena. Dei har for eitt minutt sidan levert ein sørlandsspringar til stor begeistring for publikum, med lette steg over scenegolvet, og med eit armtak som etter kvart gjekk i dobbelt tempo, noko dei la inn ein gong og seinare fekk «godkjent» frå nokre gamle dansarar. 

– Funka det, eller?, spør Anbjørg Audun. 

Han har møtt dei utanfor idrettshallen. For berre litt over eit halvt døgn sidan, var det han Anbjørg kom ut herfrå med. 

– Ja, det funka veldig bra. Der var det veldig bra respons frå folket.

Under tak i eit skur, får dei seg ein pust i bakken. 

Det har gått 13 år sidan Anbjørg og Torbjørn stilte i Dans hardingfele A på Otta. Då hadde dei akkurat rykka opp, etter å gjort det bra i B-klassa dei to åra dei stilte der.

– Korleis var det å stille igjen?

– Det var veldig gøy å ta det opp igjen, seier Anbjørg. 

– Og me dansa godt, då, om det er lov å seie, ler Torbjørn.

– Kvifor ville de bli med igjen nå? 

– For min del handlar det om å vise variasjon i klassa, at hardingfeledistriktet inneheld meir, seier Anbjørg.

– Me har jo tenkt på dette nokre år, men så har det aldri blitt noko av. Du og Audun har stilt i dans fele, og så byrja eg også å gjere det. Men det er moro å få opp den sørlandsspringaren igjen. Ingen andre har dansa den på kappleik sidan me gjorde det sist, seier Torbjørn. 

Anbjørg seier at ho har snakka med nokre sørlendingar som har fortalt at det var nokre par som stilte med denne springaren på Landskappleiken på slutten av 1980-talet og starten av 1990-talet, men at det utanom det har vore minimalt. I arbeidet med springaren, har dei to søskenbarna sett fleire opptak av fedrene sine som dansa denne dansen mykje på 1970-talet og utover. 

– Me har prøvd å plukke opp ein del frå dei opptaka. Det er fint at me kan la dansen deira leve vidare gjennom oss, seier Anbjørg.

Anbjørg og Torbjørn dansar til Gard Nergaards spel.

Lita klasse i dans fele

Dersom ein ser på startlista til dans hardingfele A, treng ein ikkje vere spesielt god i matte for å sjå at nokre dalføre dominerer meir enn andre. Springarar i meir udelt takt er det lite av. 

– Det er litt rart at når ein er på Vestlandet at det ikkje er meir dans herifrå. Men i C-klassa var det vel ein del frå Voss om omegn, seier Audun. 

Audun og Anbjørg har stilt i A-klassa i dans fele sidan 2015, berre med eitt års unntak. 

– I dans fele A er det slik at dei som er i den klassa må stille, for den er ikkje spesielt stor. Det er mange robuste A-klassingar i dans fele som ikkje er med, kanskje mest fordi dei blir rekrutterte til å vere dommarar eller programleiarar. I år var det i alle fall berre A-klassepersonell på scena. Men sjølv om me kanskje føler litt på at me må stille, så gjer me det jo fordi det er gøy. Det er noko av sjarmen med å vere på kappleik, det å bidra gjennom deltaking. Det bygger opp spenning og gjer at denne festivalen er unik, med det konkurranseelementet, seier Audun.

Noko forskjell

Anbjørg, med førstehandserfaring frå begge klassene, seier at det er ein viss forskjell. 

– Det er kanskje litt lågare skuldre i dans fele enn i dans hardingfele, seier ho.

Ho seier diplomatisk at ho ikkje vil skjere alle over ein kam, men at det nok er ein liten kulturforskjell. 

Torbjørn og Audun seier at som publikum merker ein også det. Dei trekkjer fram det vesle stuntet som alle A-klassingane i dans fele gjorde etter at tevlinga var over. Då kom nemleg alle para inn på scena saman og tok ein lagdans-pols. 

– Det handlar nok litt om at klassa er lita også. Det får nokre følgeelement. I dans fele møter alle kvarandre på bakrommet, og sjølv om alle kjenner til kvarandre i dans hardingfele også, blir det nesten litt meir kniving om øvingsrom og slikt, sidan dei er så mange. Alle får ikkje treft kvarandre heller, men me var åtte dansepar i dans fele, så då er me jo backstage med heile gjengen, så det er kanskje den viktigaste forskjellen, seier Audun. 

Forskjellar mellom klassene eller ei – målet for Anbjørg er uansett det samme om ho skal danse pols eller springar. 

– Det er å få fram gleda og finne den gode kjensla. Og å ha med ein musikar som gjev masse energi tilbake, så me føler me er tre utøvarar på scena. 

Ho fortel at dei bruker ein del tid på å finne fram til den rette slåtten. I dansen med Torbjørn hadde dei eigentleg høyrt på fleire slåttar, men så kom Gard Nergaard på tevlingsdagen med ein ny slått som aldri hadde blitt spelt på kappleik før. Og den gav den rette energien. 

Audun, Anbjørg og Torbjørn etter at dei to siste har dansa sørlandsspringar på kappleiken. Foran sit dottera til Audun og Anbjørg.

Må vere på bølgelengde

I dansen med Audun, var det Hilde Fjerdingøy som spelte. 

– I forkant tenker me mykje på musikaren, at det er nokon som er tilstades i musikken, spelar på dansarane og er merksame på oss. Men så er det opp til musikaren å finne ein låt dei brenner for, som gjev den rette kjensla, seier Anbjørg. 

– Me gav beskjed til Hilde om at ho måtte ta med tre-fire låtar ho likte å spele for tida, og så gjekk me gjennom dei, seier Audun. 

Audun seier at han og Anbjørg saman med musikaren bruker mykje tid på å snakke seg inn i kva dei ynskjer å få til, for å passe på at alle er på bølgelengde. 

– Me avtaler ikkje kva som skal skje, men når ting skjer spontant, slik det skal og bør gjere, har me den samme ideen om korleis me løyser det, seier han. 

– Så lenge eg har ei god kjensle der og då, så kan det skje kva enn som skjer, seier Anbjørg. 

Torbjørn er einig. 

– Det viktigaste er at me sjølv synest me har dansa bra, hatt det bra og kost oss. Og vist fram sørlandsspringaren, seier han. 

– Kjem de til å stille igjen? 

– Ja, det er i alle fall ikkje siste gong. 

– Kanskje blir det også lettare når eg ikkje har baby i magen. Det var jo eit risikoelement i år. Stivnar hoftene før eller etter me har dansa?, ler Anbjørg. 

– Neste år er jo Landskappleiken i Agder. Så det er eit ekstra poeng å vere med, skyt Torbjørn inn. 

 

I dans fele A blei Anbjørg og Audun nummer to, og i dans hardingfele A blei Anbjørg og Torbjørn nummer 18.