Tekst: Redaksjonen/pressemelding
Knut Hamre frå Folkedal i Granvin har i fleire tiår vore ein av dei mest markante utøvarane på hardingfele i Noreg. Spelet hans er prega av eit tydeleg personleg uttrykk – ei særegen tolking av slåttane som mange kjenner att berre på lyden. Han har vunne Landskappleiken i klasse A heile sju gonger, og har vore ein ettertrakta musikar både som solist og i samspel med andre – på tvers av sjangrar.
Hamre er kjend som ein formidlar av det levande uttrykket.
- For Knut er både instrumentet og kroppen verktøy for det levande uttrykket når han står på scenen, kanal for det djupt menneskelege, som går frå hjarta til hjarta. Dette har han sjølv vore oppteken av og arbeidd målretta med, sidan tidlege år, skriv produsentane i ei pressemelding.

Frå Landskappleiken til plateformatet
Frå scenen samlar eit utval av dei beste liveopptaka frå Knut Hamres lange karriere, hovudsakleg frå Landskappleiken. Plata inneheld også nokre konsertopptak. Dei eldste opptaka går heilt tilbake til 1978, medan dei nyaste er frå 2001.
For mange spelemenn er det noko heilt spesielt med å spela framfor publikum – og for Knut Hamre er det i slike samanhengar han verkeleg skin.
- Det som no manglar i katalogen over plater Knut har gjeve ut eller vore med på, er solospel frå scenen: det ein gjerne kallar ei live-plate, meiner produsentane.
Gjeve ut av Ta:lik
Plata blir gjeven ut av Ta:lik, som over lang tid har dokumentert og formidla norsk folkemusikk i både tradisjonelle og nye former. Det blir også invitert til plateslepp fredag 18.30 under Landskappleiken.
Med Frå scenen kan lyttarar få eit nytt innblikk i einaståande prestasjonar frå ein av dei mest sentrale utøvarane i moderne norsk folkemusikk.