Alexander Aga Røynstrand er leiar for Landskappleiken i Eidfjord, og no er han i full gang med dei siste førebuingane før kappleiksfolket kjem til Hardanger neste veke.
– Me har veldig mykje på plass, og det er mange flinke folk som har vore med lenge. Så nå er utfordringa å samle alle trådane og alle detaljane. Å få frivillige er vel for evig og alltid det vanskelege punktet, og me har nokre vakter her og der som er ledige, seier Røynstrand og oppmodar samtidig folk til å melde seg som frivillige.
Han fortel at arrangørane er nøgde med påmeldinga. Nå har dei også utvida kappleikscampingen, slik at flest mogleg skal få overnatting i nærheita.
– Kva gler du deg mest til på årets kappleik?
– Eg gler meg til at juniorane i laget vårt skal få oppleve kappleik på heimebane. Me er eit lag som har hatt god auke i aktivitet for både vaksne og barn dei siste åra, og eg gler meg til at ungane skal få oppleve kor kjekt det er med kappleik. Forhåpentlegvis fører det til at dei får lyst til å vere med fleire gonger. Utover det gler eg meg som alltid til å møte den samme, store familien og oppleve god musikk. Men eg gler meg også veldig til å vise fram Hardanger igjen, over 20 år sidan sist, seier han.

For Røynstrand er Landskappleiken årets høgdepunkt. Han er glad i å reise nye plassar der lokale arrangørar har stått på og lagt til rette for at folk kan vere saman mange dagar for å danse og spele. Å vere arrangør sjølv er noko litt anna.
– Det å skulle vere den som lagar til Landskappleiken, det er skumlare enn eg har tora å ta innover meg. Ein ting er at det er mykje jobb, men noko anna er at ein gjer det med litt ærefrykt. Det er mange flinke folk i miljøet som har gjort dette før oss, og det er første gong eg er med på dette. Men me bestemte oss for at me ville vere med og bidra i denne dugnaden. Så slik sett har eg ei brei tilnærming til det. Det er for å bidra at me gjer dette, og så er det sjølvsagt stas å invitere folk hit, seier Røynstrand.
Namn: Alexander Aga Røynstrand
Fødd: 1990
Kjem frå: Granvin
Bur i: Granvin
Yrke: Musikar/pedagog
Kvifor spelar du?
Eg starta fordi hardingfele var eit alternativ på eit tidspunkt. Eg kjem frå ein folkemusikk-orientert familie, og heime i Granvin var det eit miljø. Eg heldt fram fordi eg hadde Knut Hamre som lærar. Ikkje bare var han flink til å lære bort, men også å inkludere meg og opne opp dører. Då kan ein ikkje anna enn å bare gle seg over å vere i den verda som finst der. Eg blei glad i musikken, og etter kvart føler eg også på eit ansvar for tradisjonen.
Kva var den siste konserten du var på som publikummar?
Det var på Folkemusikkveka på Ål, og den siste konserten eg var på der, var med Reolô. Det var som alltid veldig kjekt på Folkemusikkveka.
Viss du bare kunne høyrd på ei plate resten av livet – kva for ei hadde det vore?
Eg trur det er mange som ikkje blir overraska over svaret mitt. Det er «Åleine»-plata til Per Anders Buen Garnås. Det har eg sagt før også. Det må bli den, for den har så god stemning over seg, det er både slåttar og eit spel som eg kan høyre på opp igjen og opp igjen og opp igjen. Eg blir aldri lei.
Kva er den største folkemusikkopplevinga du har hatt?
Då Leif Rygg stod i Operaen og spelte «Budeiene på Vikafjell», den opplevinga kjem veldig fort opp, om eg berre skal velje ei.
Viss me ser inn i spåkula: Korleis ser folkemusikken og folkedansen ut om 20 år?
Eg liker å tru at den ser relativ lik ut som i dag, og at nettopp Landskappleiken og slikt er med på å oppretthalde folkemusikken og folkedansen, og ikkje minst vidareutvikle den. Musikken og dansen vil utvikle seg slik som den alltid har gjort, men førebels trur eg ikkje den vil utvikle seg i ein anna retning eller i eit anna tempo.
Her kan du sjå solokonserten Alexander Aga Røynstrand spelte på Celtic Connections i 2024.