Tekst: Johanne Flottorp
– Det blir tryggare.
– Ja, det er veldig koselig.
– Og det er eit godt samhald, både viss det har gått bra eller dårleg. Då kan me støtte kvarandre og heie på kvarandre.
Dette svarer Mari Røysland Skårberg (15), Anne Garden (15) og Åste Tveito Fæhn (14) på spørsmål om kva som er det beste med å vere så mange frå ein stad som driv med det samme.
For dei kjem alle saman frå Tinn, og saman med Linnea Funderud (17), utgjorde dei halvparten av deltakarane i Vokal C i går.
Dei går alle i kulturskulen i heimkommunen, der kvedar og dansar Malin Røysland Skårberg er rektor og folkesonglærar.
– Drikke vatn og bruke god tid
Malin var sjølv spent då ho sette seg inn i kyrkja for å høyre elevane igår. For ho kjenner godt til kappleikssituasjonen, og veit korleis det er å stå klar bak scena når programleiarane introduserer deg.
– Dei siste månadane har me jo hatt dette som mål i undervisinga, og jentene har fått ta ein ekstra time nå på tampen om dei har hatt lyst til det, seier Malin.
– Kva bruker de å gjere av førebuingar før ein kappleik og før de skal på scena?
– Drikke vatn, seier Anne.
– Passe på at ein kan songane godt, seier Mari.
– Bruke god tid på scena, ikkje forhaste seg. Då er det fort å gløyme tekst. Og så må ein hugse på pusten, seier Åste.

Hjelper kvarandre i øvinga
Kvedarjentene har ein del fellesunderivisng, men det meste foregår ein til ein med Malin. Sjølv om dei kan ein del av det samme repertoar, var det ingen songar frå Tinn som kom to gonger igår. Det var likevel ikkje noko dei planla. Dei snakka ikkje med kvarandre om repertoaret før ganske nært opp til kappleiken.
– Men me kan mange av dei samme songane, så det er fint at me kan øve saman og hjelpe kvarandre, seier Åste.
– Eg tilpassar repertoaret etter stemma til kvar enkelt, og etter kva dei liker og kva dei viser interesse for. Kanskje gir eg dei nokre alternativ, og så kan dei seie kva dei liker best, fortel Malin.
Fleire av elevane går også på Folkemusikk fordjuping i Bø, som er eit interkommunalt kulturskulesamarbeid, og dei er med på kurs andre stader også og får dermed med seg mykje anna repertoar enn det dei lærer heime.
35 elevar med på oppdrag
Jentene fortel at miljøet i Tinn er godt om dagen, noko Malin også kan bekrefte. I vår prøvde dei å få med heile folkemusikk- og folkedansgjengen på eit oppdrag, og då talte dei 35 stykk. I tillegg er fleire av elevane aktive i fleire greiner. Mellom anna skal vokaljentene vere med på lagdans, og så skal Linnea også delta i Dans hardingfele C.
Tinndølane er ein del av «Team superungdom», som dei kallar seg, ein gjeng med ungdommar frå Tinn, Gransherad, Jondalen og Bø.
– Det er veldig bra. Det er ei gruppe som Hege Johnrud og Ingebjørg Bø har samla. Nå skal me faktisk treffe alle dei og ete pølser, fortel kvedarane.