Tekst: Sunniva Langås-Røiland
Ein fullsett sal sat i spenning då den årlege opningskonserten gjekk av stabelen onsdagskveld. Den to timar lange konserten hadde mange og varierte innslag, og folkemusikkmiljøet i Hardanger fekk vist at det gror godt.
Variert program
Det var ein konsert med mange på scena – og med stor variasjon i innslaga. 14 damer sette tonen med song. Vidare i konserten fekk publikum oppleve fleire samspelkonstellasjonar. Trio Hardanger med Åse Teigland, Knut Hamre og Frank Rolland, hardingfele og gitar med Arngunn Timenes Bell og Vidar Berge, og samspel mellom ord og tonar med Ruth Lillegraven og Alexander Aga Røynstrand var nokre av innslaga.


Hardanger spelemannslag spelte og dansa, og unge hallingdansarar imponerte dei på fyrste rad.
– Spreke ungar.
– Å guri så flinke. Det var spenst!
Durspel blei òg løfta fram som ein viktig del av tradisjonsmusikken frå Hardanger, og tilskodarane fekk høyre «Urheimspringar» etter felespelar Lars Kinsarvik i durspellag.
Eit anna høgdepunkt var då Åse Teigeland spelte «Sørfjorden». Eit felles sukk kjentest i salen då ho løfta bogen etter siste strøk.
Det heile blei bunde saman med gamle bilete på veggen bak scena med tekst anten om innslaga eller menneska på bileta.

For dei unge
Kappleiksgeneral Røynstrand var travel på scena med leiing, solospel og tale. Han fortalde at det er to grunnar til at dei ville arrangere årets kappleik. Både for å delta i dugnaden, men først og fremst for å inspirere nye medlemer i laget.
– Det er veldig vekst i spelemannslaget med nye og unge medlemer. Me vil vise dei kor stort miljøet er, sa generalen.
Det var tydeleg for publikum at det verkeleg gror godt, og konserten hadde fleire innslag med unge spele- og danseglade hardingar.
Ministeroverrasking
Konsertens største overrasking var det kulturminister Lubna Jaffery som stod for. Etter å ha opna kappleiken formelt med ein tale, kom Torkjell Lunde Børsheim og Alexander Aga Røynstrand opp på scena. Ministeren og Børsheim dansa så ein sørfjordspringar til publikums store begeistring.
Folkemusikk fekk bli med på øvingsrommet rett før framvisinga. Det var god stemning, og Jaffery fekk ros frå både spelemann og medhjelparar.
– Det ser seriøst skikkeleg fint ut, konstaterte spelemann Røynstrand.
Dei andre var einige og meinte det var sjokkerande bra.
– Noter det!, fekk journalisten beskjed om frå ein smilande kulturminister.
