Halvor Gladheim Veggli har arva denne fela etter bestefaren Halvor Herbrandson Gladheim f. 1867. Han var bror av storspelemannen Steinar H. Gladheim (1883-1919), den viktigaste læremeisteren til Steingrim Haukjem ved sida av Knut Dahle. Halvor vart rekna som ein god spelemann i ungdomen, men ulike omstende gjorde at han ikkje dreiv det så langt som broren Steinar.

Fela er eit smykke, det syner ikkje bruk på ho, og tonen er ekstraordinær, seier Even Tråen, som var til stades under overrekkinga. 

Nolevande Halvor, som har arva fela, spelar ikkje sjølv, og han ser heller ikkje at nokon i slekta vil kunne ha nytte av eit slikt instrument. Så han har leita etter rette kjøparen der fela verkeleg kan koma til nytte. Han har ikkje vilja leggje ho ut til sals per annonse fordi da meinte han at ho kunne bli eit investeringsobjekt meir enn eit musikkistrument. Så han har freista ulike vegar, og til slutt vart det altså NMH som fekk kjøpe ho.

Læraren Håkon Høgemo, Unni Løvlid med studentar tok turen til Veggli sist fredag. Halvor Gladheim bur på Lofthus i Veggli, og saman med sonen Ørnulf som driv garden no, opna dei gamlestugo for musikarane som heldt ein konsert for eit lydhøyrt publikum. Og før konserten byrja, overrekte Halvor fela til Håkon Høgemo med nokre velvalde ord. 

Mange tilhøyrarar vart gripne av denne stunda. Me følte at den 93-årige Halvor med dette skjøtta ein verdfull arv på ein vakker og respektfull måte, meiner Tråen.

Håkon Høgemo kvitterte med å spela på fela. Han sa at denne fela er so verdfull at ho vil bli bruka berre i spesielle høve.

Og han fekk verkeleg ut av ho det som bur i ho. Det var så ein fekk frysningar av felemålet og det Håkon fekk ut av instrumentet, fortel Tråen.

Numedal spel og dansarlag var med på arrangementet og stod for kaffi og kaker.

Teksten er bygd på referat frå Even Tråen.