Tekst: Kjellbjørn Karsrud
Platesleppet føregjekk i kveld i regi av Tor Jonsson-laget, som hadde invitert til gratiskonsert ved heimen til Jonsson, kalla Stusslegstugu, i Lom. Vêret førte til at konserten vart flytta innandørs i heimen til ein nabo, der om lag 30 Jonsson-entusiastar hadde møtt opp. Granlien og gitarist Frode Berntzen kunne då halde ein akustisk konsert i det intime lokalet, der det sat folk i stove, kjøken og gang.
Granlien hadde plukka ut nokre låttar frå båe albuma i tillegg til eit slåttestev etter Jarnfrid Kjøk. Ho kunne fortelja at ho har hatt éin A-lista lått på NRK oppgjennom, og det var «Ei naki grein» av Olav Aukrust, som ho dermed starta konserten med.
No har ho fått endå ei A-listing, denne gongen av NRK Innlandet med det kjente Jonsson-diktet «Norsk kjærleikssong». Granlien kunne fortelja at mange har sett melodi til denne, men ho hadde taktisk nok unngått å høyre nokon av desse før ho laga sin eigen versjon.
Granlien sine tolkingar vart godt tekne imot av publikum, og ho var tilfreds etter den vel gjennomførte konserten.
– Det er alltid litt nervepirrande å spele Jonsson her i Lom. Ein tenkjer at det er folk her som har eit forhold til tekstane, og eg har jo prøvd å bringe fram stemningar som kjem når eg les dikta. Men det var eit veldig fint publikum og ei veldig god oppleving!
– Korleis går du fram når du skal tonesette dikt av Tor Jonsson?
– Nå har eg sete mykje med gitar og funne akkordar. Nokre gongar har eg ein idé til ein melodi, deretter finn eg kanskje noko som passar. Andre gonger les eg ein tekst, og så kjem melodiane til meg. Eg sit gjerne og leikar meg litt, gjer gjerne opptak på mobilen og høyrer på.
Granlien fortel at det er viktig å finne ein måte å synge på slik at teksten flyt godt. På Jarnnetter brukte ho ein god del folketonar som ho dikta vidare på.
– Denne gongen er melodiane summen av alt eg har oppe i hovudet. Når eg lagar melodiar, så har dei ein tendens til å høyre folkemusikkaktig ut, for det er der eg har bakteppet mitt.
Granlien ser ikkje bort frå at Tor Jonsson sjølv hadde lokalt songstoff i hovudet medan han sat og dikta for å få den gode rytmen.
– Kva er spesielt med Tor Jonsson som diktar?
– Han skriv tekstar som eg ikkje hadde klart å skrive. Eg ser vi har levd to veldig ulike liv. Det er noko med det mørke og fandenivaldske som eg blir fascinert av. Det er ei motsetning som eg blir tiltrekt av: Å lage musikk til noko som er så annleis enn meg sjølv. I tillegg blir ein jo aldri lei av hjarte og sterke følelsar.
Død spelemann frå Jarnnetter var også med.
– Det er denne spelemannen som ingen set pris på, og som gjerne er litt på utsida av samfunnet. Slik eg har oppfatta at Tor opplevde seg sjølv. I augeblikket dei er borte blir dei likevel sakna.
Granlien synest det er gjevande å formidle gode tekstar.
– Han set fingeren på ting. Han brukar vakre ord og vendingar. Som folkesongar blir ein veldig oppteken av tekst, at det er noko ein kan stå i og klarer å formidle. Det opplever eg med desse tekstane, dette gjev ein noko.
Etter kvart som ho har jobba med stoffet, føler at tekstane har vorte meir og meir aktuelle, til dømes diktet «Ljos i mørket».
– Uansett kor svart ting ser ut, så er det eitt eller anna å halde fast i, og dette er noko eg tenkjer vi treng i dag.