Tekst og foto: Johanne Flottorp

Eskil og Thomas Tveit Bakketun, halling og lagdans. Voss spelemannslag. 

Thomas: Eg må danse gjennom nokre gonger i alle fall. Og så er det litt mentalt, då. Eg kan bli  litt nervøs når eg står bak scena og høyrer på dei som er før, men ein må bare tenke for seg sjølv at det går bra. 

Eskil: Eg liker å bare gønne på og smile. Det hjelper meg veldig å smile. 

 

Åste Våle, dans hardingfele, lagdans og halling. Gransherad spel- og dansarlag. 


Nervene byrjer å komme når eg kjem på øvingsrommet. Der danser eg gjennom ein heil gong, så blir det litt småting og etter det blir eit avbrekk. Det kan vere til dømes noko skifting av takt, eller at me danser ballet. Eller så kan me ha, kanskje ikkje slåsskamp, men ein liten brytekamp. Det er for at hjernen skal komme på noko heilt anna. Det absolutt siste eg gjer før eg går på scena, er at eg tek eit skikkeleg trekk inn for at eg skal få oksygen til blodet. Eg puster ut når eg går på scena, og då skal eg vere i stemning. 

 

Sander Gaaseide, andre eldre instrument (slåttetromme). FolkOrg. 


Eg bruker bare å slappe av og køyre gjennom slåttane i hovudet. På eit visst tidspunkt kan ein slåttane og teknikken er der, så det er mest det å ha ro i både hovud og sjel som gjeld. Så då når ein må springe til scena, slik eg måtte i dag, så er det bare å finne den roen og finne seg sjølv når ein sit på scena og ta seg dei sekunda. Etter det får det bare gå som det går.

 

Åste Sulheim Viken, fele. Lom spel- og dansarlag.

Det gjeld å møte på øvingsrommet i så god tid at ein har tid til å varme opp og spele leikane. Eg liker å spele gjennom dei nok til at dei sit, men ikkje så lenge at eg blir lei. Denne gongen gjekk eg bare rundt og spelte tull for å halde fingrane igang. I tillegg må ein hugse mat, så ein ikkje får blodsukkeret heilt nedi golvet. Og så kanskje strekke litt her og der så ein får kroppen igang.