Tekst: Kjellbjørn Karsrud.
Jon Anders Halvorsen (f. 1968)

Eg hugsar at Dvergmål, som eg var med i, hadde platslepp. Plata heitte «Song i himmesalar». Turid Spildo, som er frå Granvin, hadde fått mor si og tanta si til å sette seg opp med nokre campingstolar og campingbord framfor kyrkja for å selje plater.
Helga Myhr (f. 1995)

Eg hugsar at me gjekk for å finne tomflasker. Me hadde ein fast butikk – Joker’n – der me gjekk og panta, og me vart ganske rike. Me følte oss nokså frie, me gjekk rundt her på eiga hand. Eg hugsar eg song «Ser du hallingen» på ein sjokoladekappleik, og eg trur det var her.
John Ole Morken (f. 1979)

Det var ein fantastisk kappleik! Eg stilte i gruppespel med makker Jørgen Nyrønning. Han var då berre ungfolen og spelte som ein vaksen kar. Eg kjem kjøle godt i hug då han spelte i C-klassen, det var «wow»! Eg var lærar for han den gongen, så eg var litt kry for det. Elles var det ein kjempetriveleg kappleik med strålande fint vêr. Eg trur eg låg i ein bil den gongen.

Astrid Sulheim (f. 1977)

Eg hugsar eg sovna bak scena! Eg og Aslak spelte finalespel. Det var rått og fuktig vêr, eg stemte i evigheiter. Til slutt gav eg og Aslak opp øvinga bak scena, og då sovna eg.
Det høyrer med til historia at ho gjekk på scena og vann etterpå. Det hjelpte med ein «power nap»!
Arne Anderdal (f. 1968)

Eg var heldig og fekk ein fyrstepremie i B-klassa det året, så det må seiast å vera eit bra scoop. Eg spelte Fuggel’n, men eg hugsar ikkje den andre. Me hadde det veldig koseleg – me budde i eit privat hus og budde i haug og flokk og hadde det veldig kjekt. Då var det båtcruise på fjorden med veteranbåten Granvin, der var det jamming og speling. Det var ein stor kappleik!
