Tekst: Johanne Flottorp
Dei tre para som skal danse finale i kveld, er i trekt startrekkefølgje:
Torjus Westeng Bakken og Malin Røysland Skårberg, Gransherad spel- og dansarlag og Tinn spelemannslag
Hege S. Johnrud og Sigbjørn Rua, Småjondølenes dansarlag
Sigrun Blaavarp og Bjørnar Blaavarp Heimdal, Numedal spel- og dansarlag
Dermed blir det to telespringarar og ein numedalsspringar i finalen.
På tevlinga laurdag formiddag dansa Torjus Westeng Bakken og Malin Røysland Skårberg både ein telegangar og ein telespringar. For gangaren fekk dei 89 poeng og kom på ein niandeplass. På begge dansane hadde dei med seg Lars Erik Øygarden som spelemann, og på springaren, som avslutta klassa, spelte han Svartufsen på ei gammal fele med kortboge. Dansarane såg ut til å bli trigga av slåtten, og Torjus markerte takt og understreka motiv i slåtten gjennom dansen, akkurat som om han skulle ha spelt slåtten sjølv.
Hege S. Johnrud og Sigbjørn Rua dansa også ein telespringar, og dei to har ei lang merittliste som dansarar i A-klassa. I dag spelte Ottar Kåsa Kivlejenta for dei. Det blei spreke sprell og kast, og eit hjul på ei hand kunne også Sigbjørn by på.
Sigrun Blaavarp og Bjørnar Blaavarp Heimdal dansa numedalsspringar til tonane av Vesle Kari Rud, spela av Håvard Kjøntvedt på toradar. Dette var ein spretten og leiken dans, med mange småfinessar som sat som spikra.
Debutantar og travarar
Elles bestod denne klassa av både gamle travarar og unge A-klassedebutantar. Fleire av para deltok med to dansar, ein todelt variant og ein springar. Dette gjaldt seks par.
Sjølv om hardingfele er det dominerande dansespelinstrumentet i denne klassa, var det også nokre innslag med toradar og langeleik. Verdt å merke seg er det også at mange av dei yngre dansarane gjerne vel ein slått frå eit anna distrikt når dei dansar ein dans i todelt takt, slik at det til dømes var ein slått frå Hallingdal som la grunnlaget for ein telegangar.
Publikum reagerte spontant med latter og applaus til mange av dei gode dansane som blei framført. Til dømes var Svein og Kjersti Aasen eit av para som fekk publikum til å smile mykje, med ein numedalsspringar til å bli glad av. Svein er ein av dei store veteranane i denne klassa, og han stiller alltid opp.
Mange stader representert
Eit par som kunne setjast inn i ein historisk kontekst, er Margit Myhr og Håkon H. Tveito. Sistnemnde dansa saman med Gunnlaug Lien Myhr i mange år på 1980- og 1990-talet, og i 1995 blei dansen deira krona med nettopp Kongepokal. I år dansa altså Håkon med dottera til Gunnlaug, Margit, medan søster hennar Helga spelte til.
Sjølv om det var noko overvekt av dansar frå Telemark i A-klassa, var det god spreiing i geografi. Fleire stader på Vestlandet blei representert, Valdres, Hallingdal, Numedal, og så var det også med ein sørlandsspringar.
Om ikkje lenge får me ei reprise av tre av dansane, og i morgon under meisterkonserten får me vite kven som stikk av med Kongepokalen.