Tekst: Redaksjonen.
Foto: Knut Utler.
Helga starta med eit fullsett Byscena Bedehus fredag kveld, der eit stjernespekka lag hylla den leikne og nyfikne musikaren og formidlaren Stein Villa, som døydde i september 2024. Leiarane for kvelden, Bent Åserud og Trond Villa, tok publikum gjennom eit program som veksla mellom nært og humoristisk, personleg og musikalsk virtuost.

Høgdepunkt var mellom anna Heidrun Stenvang sin framføring av ein vals Villa hadde skrive til hennar konfirmasjon, og utdelinga av den aller første prisen frå det nystifta Stein Villas minnefond – til den unge munnharpespelemannen Kenneth Lien.


Laurdag og søndag var det klart for ei rekkje parallelle kurs på idylliske Eiktunet. Her kunne ein fordjupe seg i alt frå norsk harpe med Tone Hulbækmo til nordisk sekkepipe med svenske Erik Ask-Upmark – som også imponerte stort under fredagens konsert med det han sjølv kalla eit «sekkepipesjokk».

For dei meir handverksinteresserte blei det smikurs i munnharpe, og på dei meir leikne kursa fekk ein både lage og spele på seljefløyte og barklur.

Langeleikkursa der Andrea Søgnen og Solfrid Olmhus var instruktørar, samla også mange kursdeltakarar.


Laurdagskvelden samla deltakarar og instruktørar seg i Tingbygningen til konsert og sosialt samvær – med fritt spel og buskspel av det meir uforutsigbare slaget. Eller som ein deltakar uttrykte det: «Eit musikalsk masseslagsmål – på beste vis».

Med eit variert program, framifrå kursleiarar og ei varm hyllest til ein folkemusikalsk bauta, viste Musikkhelga på Gjøvik at tradisjonar både kan heidrast, haldast i hevd – og fornyast.
