Tekst: Kjellbjørn Karsrud

Holmen skreiv master på NMH som blant anna handla om Lars M. Krøsshaug, lydarlåttar og korleis ein kan improvisere på grunnlag av desse. Dette arbeidet gav han nye innsikter. 

– Eg sit att med ein forsterka kjærleik til idégrunnlaget i lydarlæte. Den litt kontemplative måten å nærme seg musikk på. I tillegg det å sette seg ned og fordjupe seg i musikken. Med lydarlæte er det gjerne ein følelse eller tilstand ein håpar å oppnå. 

Hin, som er ein improvisasjon rundt låtten hinmannen plystra, er frå dobbeltalbument Sivert Holmen kom med i fjor med tittelen Stillheitas diskotek.

I bryllaup og andre festlege lag i det førindustrielle samfunnet hadde dei i Valdres gjerne ei stove til dansespel, medan i ei anna stove var det hyra inn ein spelemann som skulle spele lydarlåttar for eldre og andre som ikkje ville danse.

– I dagens samfunn er me så vane med konsertformatet. Dette er frå ei tid då det ikkje fanst konsertspel, det var tydeleg eit behov for å oppleve musikken ikkje berre gjennom dans, men også ved å lytte til musikken. 

Det er vanskeleg å peike på når fenomenet lydarlåttar oppstod, men mykje kan tyde på at Lars M. Krøsshaug spelte ei sentral rolle i å gjere lydarlæte populært i samtida. Førti-femti år før Myllarguten spelte konsert saman med Ole Bull i Losjen, noko som er rekna som gjennombrotet for hardingfela som konsertinstrument. 

Dette skal vere den siste låtten Krøsshaugen let før han drukna 45 år gamal på Strandefjorden i Vang.

– Korleis kom du på ideen med I Krøsshaugens fotefar?

– Utgangspunktet var at eg satt med mykje tradisjonelt og nytt repertoar som eg ville bruke. Eg har også ein forkjærleik for fjellet, samtidig som det alltid har fascinert meg korleis spelemenn har forflytta seg til fots til bryllaup, marknadar og andre speloppdrag. Eg skal gå frå Vang og fylgje den gamle kongevegen over til Lærdalsmarknaden.

– Kva er tanken bak reiseruta?

– Krøsshaugen var vestover til Voss, og truleg til Lærdalsmarknaden. Musikken er i slekt i Øvre Valdres og i Sogn. Det er dokumentert mykje kontakt mellom spelemenn frå Lærdal og Vang – for eksempel med spelemannen Ola Strønd på Søyne og Ola Sandnes. 

Dei ulike konsertane blir knytt til staden dei blir halde på, så den geografiske plassen vil bli ein viktig del av konserten. I tillegg vil alle konsertane innehalde improvisasjonar med utgangspunkt i inntrykka frå dagen. 

– Du har plukka med deg fleire dyktige gjesteartistar. Kva var det som gjorde at du landa på desse?

– Det er ein kombinasjon av at det er dyktige utøvarar og folk eg synest det er artig å henge med. Den samtala når ein går i lag over lengre avstandar kan bli litt djupare enn elles. Artistane blir med og går éin eller to dagar. Alle har vore positive til konseptet! 

Silje Liahagen er blant gjesteartistane Sivert Holmen skal ha med seg på turen. Foto: Kjellbjørn Karsrud.

Gjesteartistane er Sigrid Stubsveen som blir å høyre i Kvam, Silje Liahagen i St. Thomaskyrkja, Tom Karlsrud, som også er vert, i Fjelly, Hans Hulbækmo på Galdane samt Espen Wensaas som blir med i Lærdal. 

– Spenningsmomentet er om det vil dukke opp nokon folk på konsertane. Vanlegvis lener ein seg på lokale arrangørar, men no arrangerer eg stort sett sjølv. Som musikar kjempar ein mot kvardagsmølla og alt som skjer rundt omkring. No blir det også fleire konsertar på nokså kort tid på eit nokså avgrensa geografisk område.

Holmen kan uansett reklamere med omframme rammer rundt konsertane. 

Reiseruta til Holmen fylgjer delvis gamle kongevegen, den gamle hovudfartsåra mellom Oslo og Berge. Kart: gulesider.no

– Det er mange fine plassar eg skal spela på: Eg startar ved Hemsingbrua og går til Gamle Kvam 13. juni. Deretter går ferda vidare til Øye stavkyrkje (14. juni), St. Thomaskyrkja (15. juni), Maristova (16. juni), Fjelly kulturverksted hjå Tom Karlsrud (17. juni) og Galdane, som er rett i nærleiken av stavkyrkja Borgund 18. juni. Den siste konserten blir i Lærdal under Lærdalsmarknaden, som eksisterer framleis, 20. juni. 

Finn meir info på heimesida hans her.