Tekst: Kjellbjørn Karsrud
Dommarpanelet i vokalklassa på årets Landskappleik bestod av Berit Opheim, Jon Anders Halvorsen og Sigrid Randers-Pehrson. Programleiarar var Solbjørg Tveiten og Margrete Nordmoen, som skapte ein varm og inkluderande tone i kyrkjerommet blant anna med nokre fiffige grep for å aktivisere publikum.
– Er det noko verda treng, så er det meir song! sa Tveiten i si opning, før ho oppmoda alle til å sende varme tankar til menneske i naud.
Tolkingar og tradisjon

Åshild Vetrhus opna tevlinga med «Sørg o kjære fader du» etter Henrik Steneland, før ho framførte ei stevrekke ho sjølv har laga – med bodskap i same ånd som opningsappellen.

Inger Marie Lien Rust song «Prillarhødlått» etter Ola Perstølen, og bånsullen «Gret du, grete du, vene mori», ein kveldsang etter Anne Gaptjernet. Slektningen Margit Myhr fylgde med ei vise som ein gjetargut frå Ål skreiv i 1889, med melodi etter Inger Marie Lien Rust, og «Silde-Per», ein hallingspringar.

Allsong og stemning
Under dommarpause tidleg i tevlinga tok publikum del i ein kraftfull allsong: Mellom bakkar og berg. Etter oppmoding frå Tveiten foreslo ho spøkefullt at det burde innførast ein regel om at alle klassene på Landskappleiken skal starte med allsong. Det songglade publikummet tok utfordringa – og song alle versa.

Frå Setesdal til Solør

Sigrid Bråten Berg, med røter i Setesdal, framførte gamlestev med tone etter mora Kirsten og Sigrid Jore, ei nystevrekke om friing og ei om draumar. Sigrid K. Jore song ei nystevrekke der ho hekta på ei friarvise frå dei reisande, og ei kjærleiksvise – «Jeg gikk meg ut en aftenstund»,. Denne fann ho teksten på hjå Knut Jonsson Heddi, men i motsetnad til alt anna så var det ikkje med nokon notar. Visa var merka med «eigen tone».

– Eg kikka på versa og såg at det var nokså likt «Den første gang, jeg så deg». Eg var på folkemusikkarkivet og leita noko anna, så fann eg Andres Hovet som spelte melodien til «Jeg gikk meg ut en aftenstund» på fele, og det var akkurat den tonen eg valde!

Inger Lien frå Falkeriset spelmannslag valde «Hoss slapp du yvi bekkjen» inspirert av Ellen Nordstoga, som gjekk bort i fjor. Deretter «Slåttekaren», etter eit opptak etter Marit Vågen Lilleland.
Ellen Marie Selland Geithung framførte «Solen går ned» etter Martha Mørkved frå Vossestrand, og «Myrkt det er» etter Ingebjørg Kvamme – ein song ungdomslaga på Vossestrand brukte å syngje i ring.

I neste dommarpause vart det ny allsong etter ynskje frå salen: «Blåmann, blåmann» etter Aasmund O. Vinje. Publikum song i med full, og nok ein gong sat alle versa på plass.
Kjensler og kontrastar

Anne Gravir Klykken frå Vårlengt framførte fyrst «I fyrigste alder», ei kjærleiksvise etter Margit Kvinnekåsa frå Gransherad, deretter den meir optimistiske «Det gjekk eit par i den grøne lund» etter Ola Stuverud frå Heddal.

Knut Erik Jordstøyl – neste års kappleiksgeneral – song den humoristiske drikkevisa «Den vesle jyplingen» etter Margit Gunvaldjord og eit stev etter Kjell Hove, og bidrog til å lette stemninga etter fleire djupt alvorlege nummer.

Martin Steinum Brun frå Vågå presenterte «I Leirungsdalen» etter Pål Anders Lien, «Vigstadmogleda» etter Erling Kjøk, og bånsullar etter tippoldemora Guri Haugen – som vi omtala i Folkemusikk 1/2025.

Veteranen Kjell Hove frå Falkeriset song bygdevisa «Anna Li» og eit slåttestev.

Isa Holmgren, som representerte Sverige, song polsdans etter Magne Halberget, lokkar frå Solør og polsdans etter Johan Olsen frå Elverum frå notesamlinga etter Einar Øvergaard – ein flott avslutning på klassa.
– Ein sjeldan sterk A-klasse
Leiar i Norsk Kvedarforum, Olaf Moen, som var til stades under heile tevlinga, var imponert:
– Dette var ein sjeldan sterk A-klasse! Det var så mange songarar som utstråla både tryggleik og glede over å vere med. Det verka som folk har funne litt tilbake til at det er nok å by på desse songane og ikkje showe så.
Moen har tidlegare vore litt lei av at det er lite variasjon i vokalklassene, men i år var det eit variert repertoar frå fleire ulike geografiske område.
– I fjor sa eg at det var godt å høyre ei televise att etter at det hadde vore lite av det dei siste åra. Det er heilt fabelaktig å bli kjent med alle tradisjonane i Noreg.

– Kan lokalet vere førande for val av repertoar og syngemåte?
– Det var eg veldig redd for, men nei! Hadde det vore i den gamle kyrkja, trur eg det hadde vore meir førande. Men den nye kyrkja er nesten som eit kulturhus. Folk valde songar som om dei skulle ha vore i telt eller gymsalar.
Moen ville ikkje ute med kven som var favorittane hans.
– Som leiar av Norsk Kvedarforum, vil eg seie at alle var kjempeflinke, seier han diplomatisk. – Eg bytta på favorittar heile tida, eg sat berre og vente på at nokon skulle falle ned, men det skjedde ikkje. Denne klassa er vond å dømme. Her er det smak og behag som blir avgjerande.
Hjartevarm avslutning – og eit hjartesukk
Deltakinga var noko mindre enn i fjor då det var kongepokal, men nivået var høgt. Avslutningsvis kom eit hjartesukk frå kvedarforum-leiaren om dømminga i dei store B-klassene:
– B-klassene har vakse seg så store at me bør sleppe litt fleire opp. Det er kanskje overkomeleg i vokal, men i klasser med 40 deltakarar må ein revurdere noko.
Klassa vart runda av med ein allsong, denne gongen etter ynskje frå domarane: Per Sivle sin klassikar «Den fyrste song».
Alt i alt: Ein glitrande føremiddag for songtradisjonen – og eit klart prov på at Solbjørg Tveiten hadde rett i sin opningstale: Verda treng meir song.