Det var felespelarane som starta finalekvelden. Aslak Brimi gjekk på scena og kunne fortelje at han hadde sete og mimra på bakrommet. For førre gong han var på Landskappleiken i Eidfjord, spelte han nemleg finale saman med sin gode ven og medmusikant Astrid Sulheim. Akkurat som i år. Den gongen var Aslak og Astrid i 20-åra, medan den siste av årets finalistar berre var to år. 

Åsmund A. Farstad var den andre finalisten ut, og han hadde blitt inspirert til å spele nokre setertonar då han tok seg ei skive Snøfrisk til frukosten. 

Astrid Sulheim gjekk på scena som den siste av finalistane, og fortalte om dei sterke kappleiksopplevingane ho hadde i ungdommen med lyarslåttspelet til Amund Bjørgen. I år var det nok fleire i salen som hadde sterke opplevingar med lyarslåtten ho spelte. 

I eldre folkemusikkinstrument var det tre finalistar på tre ulike instrument. 

Først ut var Edgar Bror Færøy Bergquist frå Oslo. Då han spelte Sordølen som andre slått, putta han inn nokre små tonar som fekk publikum til å humre i stolradene. Der var det nemleg eit lite pek til Albert Åberg-kjenningen.

Andrea Søgnen kom ut med langeleiken sin som nummer to. 

Etter finalen var ho veldig glad. Det var litt forskjell på å spele tevling og finale, merka ho. 

– Me spelte tevling i kyrkja, der det var veldig rolig, og ikkje så mange plassar som i den store salen her. Men begge stader har hatt veldig god lyd, og det gjer ganske mykje. Eg er veldig fornøgd med det. 

Ho seier at ho har vore roleg nå, sjølv om nervene var der, men at ho klarte å slappe av. 

Då Thov Wetterhus kom på scena, kunne han fortelje at han prøvde å utvide repertoaret sitt noko. Dermed hadde han omsett Bjølleslåtten etter Sigbjørn B. Osa og Fanitullen etter Odd Bakkerud. 

– Kall det ein slager, i alle fall i hardingfeleverda. Men det virker som mange er litt lei den, sa han frå scena, før han sette igang. 

Dei tre dansepara i kongepokalfinalen følgte kvarandre etter tur, og alle var oppglødde og leverte energiske dansar og klarte å engasjere publikum til fulle. 

«Kom igjen», blei det ropt frå salen. Og det var hoiing og stor ståhei. 

I morgon på meisterkonserten blir vinnarane i alle desse klassane ropt ut, og kven som vinn Kongepokalen av Malin Røysland Skårberg og Torjus Westeng Bakken, Hege S. Johnrud og Sigbjørn Rua, eller Sigrun Blaavarp og Bjørnar Blaavarp Heimdal gjenstår å sjå.