Av Kjellbjørn Karsrud
Super D vart introdusert som programpost under Landskappleiken på Voss i 2010, etter initiativ frå Leif Rygg. Den gongen stilte han og Jens Brekke som programleiarar og laga eit show til stor jubel i ein fullsett idrettshall. Målet var å skapa ei meir avslappa klasse med større fridom og mindre konkurransepreg – ei klasse med rom for både alvor og skjemt. Under årets kappleik får publikum dans, spel og kveding om kvarandre – utan direkte konkurranse mellom disiplinane.
Stilfull telespringar og solid spel
Tidleg i programmet fekk publikum sjå ein stilfull telespringar dansa av veteranane Aud Manheim og Johan Vaa, akkompagnert av trioen Torunn Raftevold Rue, Bjønn Raftevold Rue og Ragnhild Knudsen, som spelte slåtten Anton.

Arne M. Sølvberg, ein trufast deltakar i Super D, var som vanleg med både i vanleg fele, hardingfele og i pardans saman med kona Asbjørg. Publikum fekk høyre både eigne komposisjonar og meir tradisjonelt stoff som Kolagut-springar.
– Eg trur eg spelte betre i dag enn eg har gjort nokon gong, seier Sølvberg etterpå. Han har tidlegare fått både 1., 2. og 3. plass i klasse A på vanleg fele.
– Det har vorte litt for tamt
Før dei skulle på med Nordfjord-springaren, fekk Folkemusikk ein prat med ekteparet Sølvberg. Dei har tankar om utviklinga i D-klassa:
– Eg tykkjer det har vorte litt for tamt. Det er ikkje nokon historier lenger. Ein må få attende Leif Rygg sin idé og gjere det litt uhøgtidleg, meiner Arne.
– Det er ei fin klasse og kjekt å høyre på forskjellige ting, seier Asbjørg.
Dei peikar òg på utfordringar med rekruttering frå heimtraktene:
– Det er for å vise at det finst dans og spel i Nordfjord, seier Asbjørg.
– Det er alt for dårleg deltaking frå Nordfjord, meiner Arne, som meiner det høge nivået på kappleikane generelt kan skremme folk frå å stille.
Song og dans frå ulike kantar
Veslemøy Fjerdingstad song ein stubb etter morfaren Johan Austbø, som for akkurat 86 år sidan spelte inn denne for NRK. Ho fortalde òg historia om «Fela som var gjort forutan kniv» gjennom songen sin.
Publikum fekk sjå Rolf Bjørgan og Anne Grethe Nysæther Bjørgan dansa Dovrespringleik til spelet frå Marit og Thomas Westling, medan Leon Årdal og Kirsten Friis var oppe to gonger og dansa både springar og rull til det taktfaste spelet frå Knut Sandal.
Tone Krohn tok publikum med til Vestfold. Ho introduserte seg som «ei byberte frå Sandefjord» som tidleg interesserte seg for bondekulturen i omlandet. Ho hadde ei vise etter Leif Berulfsen frå Nøtterøy, og ho song ei vise etter Kristine Høyjord frå Kvelle – om ei fattig legdekjerring som hadde ei ku berre ho kunne sjå, fordi ho hadde fått henne av huldra.
Martin Myhr tilbake – no i D-klassa
Ein av dei mest markante skikkelsane i norsk folkedans dei siste tiåra, Martin Myhr, debuterte i D-klassa. Han deltok på sin første landskappleik som 15-åring, og har hatt ein pause frå konkurransedansen dei siste åra.
– Eg hadde eigentleg ikkje tenkt det, men så var det Buskrudkappleik i Jondalen i år. Der hadde eg ein elev som eg gjerne ville få til å stille. Men nei, han skulle ikkje det. Så vart det litt att og fram, til eg sa: ja, kva om eg stiller? Ja, då skulle iallfall han stille! Han vann C-klassa og eg vann D-klassa sidan eg var relativt åleine.
– Eg slutta i A-klassa fordi eg ikkje fekk til sparket lenger. Så har eg hatt litt trøbbel med nokre kne så eg ikkje kunne kruke, men det har plutseleg vorte bra att!
– Å sparke hatten er ikkje ein nødvendigheit i hallingdansen?
– Nei, eg synest ikkje det. Det er eit viktig element i hallingdansen, men dansen er sjølvstendig nok i seg sjølv.
Myhr fortel at han ikkje trenar aktivt, men underviser mykje i dans.
– Eg har kanskje tre kveldar i veka, og den eine kvelden har eg fem dansegrupper utan pause. Då får eg køyrt meg litt.
Han gler seg òg over det sterke ungdomsmiljøet på Landskappleiken og føler at han sjølv har lagt ned ein innsats for rekrutteringa.
– Du dreit deg ikkje ut
Midt i intervjuet kjem veteran og mangeårig dansekompis Jon Ellingsen bort:
– Det var fint det der, du dreit deg ikkje ut. Eg har sett verre før, gliser han.
Og slik vart tonen sett for resten av kappleiken: Med gode historier, leik, alvor – og levande tradisjonar, på scena og i salen. Super D lever vidare som ei av Landskappleikens mest folkelege og publikumsvenlege programpostar.