Eidfjord - som skapt for landskappleik!
Landskappleiken i Eidfjord er historie, og med den er eit av dei mestvellykka storstemne i LfS si historie avslutta. Fornøgde deltakarar og
publikum var å sjå overalt, og folkefesten nådde sitt klimaks laurdag ettermiddag og kveld då vérgudane varta opp med det vakraste dei har på repertoaret. Det er og berre å bukke djuptfor dyktige arrangørar som greidde å avvikle eit slikt storstemne utan nemneverdige problem.
Tekst og foto: Kjell Bitustøyl

Folk, og dei var det mange av, treivst i Eidfjord og kosa seg med god musikk og dans, god mat og godt drikke i lag med vener og kjende, slik det skal vera når kappleiksfolk møtest.

All tilgjengeleg informasjon om Landskappleiken i Eidfjord peikar i ei retning; dette var eit arrangement til terningkast seks! Kappleikgeneral Torbjørg Austrud kan då og slå fast at tilbakemeldingane har vore svært positive, både når det gjeld teknisk avvikling, den gode maten og sjølve arenaene.
Økonomisk ser det også ut til å peike i rett retning. Økonomisjef Oddmund Teigland er rimeleg godt nøgd med resultatet. Det går mot eit overskot, kor stort er enno for tidleg å seie, sjølvsagt. Overskotet grunngjev han med bra matsal og mykje folk både på konsertar og tevlingar. Ikkje minst har folk frå nærområdet stilt rimeleg bra opp. Han gjev Eidfjord kommune gode skussmål. Dei har stilt bra opp.
Arrangementsmessig glei ting godt, det var minimalt med forseinkingar, og dei ulike arenaene som låg nesten vegg i vegg, gjorde det mogleg å få med seg optimalt av det som skjedde. Men kollisjonar er ikkje til å unngå med så mange parallelle arrangement, det var til dømes umogleg å få med seg både spel klasse A hardingfele og spel klasse A vanleg fele.
Deltakinga var god, og prestasjonane låg ikkje tilbake for tidlegare kappleikar. Landskappleiken kan i så måte vise til ein forbløffande stabilitet, sjølv om det svingar med kvar kappleiken ligg i høve til deltaking frå dei områda som ligg lengst vekk.

I år fekk dette det utslaget at deltakinga frå området for den vanlege fela var relativt spinkelt, men for summen gjorde det ingenting ettersom hardingfeleklassene hadde tilsvarande god deltaking. Likevel kan det vera ein grunn til å stoppe opp og stille spørsmål ved om dette er ein tendens.

Tidlegare leiar i LtS, Trond Ole Haug frå Vågå, har uttrykt bekymring for at bygdedansen og bygdedansmusikken kjem i bakgrunnen for gammaldansmusikken, i og med at så mange spelemenn heller vel å prioritere andsfestivalen i år, i staden for Landskappleiken. Når dette er sagt, lyt ein med ein gong få skjote inn at mange av dei beste deltakarane frå vanleg feleområdet stilte opp i Eidfjord, til stor glede for dei som også set pris på denne musikken.

Men fyrst av alt var dette ein hardingfelekappleik. Og hardingfela var å høyre i krikar og krokar, på konsertar og ute, og på tevlingar i timevis. Men vokalmusikken gjorde seg ög gjeldande, ikkje minst var lokalet i år spesielt. Eidfjord kyrkje hadde framifrå akustikk, sjølv om det blei i svakaste laget med akustisk song når lokalet var fullt.
Eidfjordhallen blei fylt gong etter gong, og stemninga stod i taket fleire gonger. Ikkje minst galdt dette under open klasse som i år oppnådde ein suksess av dimensjonar, både kunstnarisk og elles. Dette ber bod om at det nye som boblar fram, har fått etablert sin arena under Landskappleiken for alvor, noko ikkje minst publikum set umåteleg stor pris på.
