Tekst og foto: Johanne Flottorp
Den første juniorklassa ut på årets kappleik var Hardingfele C som starta i kyrkja klokka 10 i dag. Der var det 22 startnummer.
Ein av dei som spelte tidlegast, var Jon Kjøntvedt frå Numedal Spel- og dansarlag. Han spelte to numedalsslåttar, ein han hadde lært av Even Tråen og ein av Synne Frogner.
– Eg er sånn passelig fornøgd, som vanleg. Ein blir vel aldri heilt fornøgd, men dette var greit, seier han rett etter han har gått av scena.
Siste gong i C
Han har stilt i C-klassa dei to siste åra. Han synest det er artig at C-klassa er så stor. Nå er han 18 år og stiller i denne klassa for siste gong.
– Korleis er folkemusikkmiljøet i Numedal for de som er unge nå?
– Det har tatt seg veldig opp med Bjørnar Heimdal, og han har eg hatt som lærar i kulturskulen nå. Men dei som speler er stort sett yngre enn meg, eller ein del eldre, seier han.
Seinare i dag skal Jon spele lagspel, men elles er det fri resten av kappleiken.

Under C-klassa er salen fylt med lyttande foreldre, besterforeldre, lagsmedlemmer, venner og andre interesserte. Dommarane ser også ut til å like denne klassa spesielt godt, og det er store smil å skimte hos dommarpanelet, som på hardingfele består av Øyvind Brabant, Stein Versto og Frank Rolland. For i C-klassa finn ein både 12-åringar som kanskje får sitt første møte med kappleik, 18-åringar som nærmast er som rutinerte ringrevar å rekne og alt der imellom.
Torsdagens travlaste?
Fleire av C-klassingane har det travelt og går frå den eine scena til den andre.
Ei av dei er Ingrid Sofie Midtbø-Bruner. Er ho kanskje den travlaste på kappleiken i dag? Det er godt mogleg. Seks gonger skal ho inn på øvingsrom, til finstemmingsrom, og så på og av scena.
Nesten alt skjer i dag, i morgon er det berre lagdans, og ein familiekonsert. Folkemusikk får ein kjapp prat på veg ut frå gruppespel og inn til øvingsrommet før hardingfelespelinga.
- Korleis er det å ha så mange ting som skjer i løpet av ein dag?
- Det er veldig gøy.
- Blir du nervøs for du skal på scena?
- Ja, men i dag rekker eg ikkje tenke så mykje, så då går det bra.
Nå, i Hardingfele C, skal ho spele Gjelsviken og Gamlehagen. Storesøster Hanna-Moira har fått beskjed om at ho må høyre på ein slått, så ho er med bak på øvingsrommet. Dei to utgjer berre ein brøkdel av alle som representerer Osterøy spel- og dansarlag og Spelemannslaget i Bergen UL Ervingen. I Hardingfele C er det heile ni deltakarar som representerer sistnemnde lag, og mange av dei er også med på mykje anna.
Men ikkje alle er like travle som Ingrid Sofie.
– Kva liker du best å vere med i?
– Eg synest gruppespel og lagspel senior er veldig kjekt, men solo er gøy også. Då får ein bestemme mykje sjølv, smiler ho og strammer opp bogen.
