Tormod Kleiveland

Det var veldig kompakt og fint her, veldig god mat, og gøy at så mange vestlendingar gjorde det så godt på durspel. 

Eg ville gjerne hatt mindre regn. 

 

Knut Erik Jordstøyl 

Heile organiseringa, avstanden frå øvingsrom til scenene, det har fungert knallbra. Så tevlingsmessig har flyten vore gørrbra. Det har vore korte avstandar totalt sett, kjempestemning og mykje folk. Eg er ekstremt overraska over at det kjem 1000 mann på ei premieutdeling, eg har aldri vore med på maken. 

Eg ønsker finare vêr til neste år. Det blir det på Hovden. (Der han er kappleikssjef neste år, journ.mrk)

 

Sigrun Dyvik Berstad 

Den første stjerna går til folka. Og så har plasseringa her i Eidfjord vore heilt suveren, med ein arena som var så kompakt. 

Eit ønske sånn personlig er meir voksentid til å vere med andre folk, men det har vore så gøy, og heilt topp for ungane. 

 

Vilde Aaslid 

Det var veldig deilig at det var så mykje dansespel, og så tett på at du kunne flytte deg rundt på forskjellige golv. Eg synest det var veldig god stemning på kappleiksområdet, alle var veldig velkomne, og ja, heile pakka var så bra. Miljøet er så fint. 

For neste års kappleik ønsker eg at eg får vere med. Nå skal eg flytte tilbake til USA om to veker, så når eg tenker på neste Landskappleik, tenker eg bare «får eg det til?». For det har vore så triveleg her. 

 

Ingrid Kvissel

Noko av det mektigaste, var allsangen under vokal klasse A i kyrkja. Det var så overraskande. Elles synest eg det er fint å site lenge og høyre på ei heil rekkje, og det fekk eg gjort på hardingfele klasse A. At det er kort veg imellom, og at det er vrimleplass ute så du treffer folk, det er fint. 

Matteltet er ein fin plass å treffe folk, men der hadde det kanskje vore mogleg å gjort noko med lyddempinga.