Tekst: Redaksjonen/pressemelding

Albumet, som skal sleppast 31. mai, består av 14 spor med solospel og duettar – fem av låtane er gjort saman med etablerte folkemusikarar på hardingfele, langeleik, munnharpe og seljefløyte. Prosjektet er spelt inn i det intime stabburet «Loftet» på Telemarkstunet i Rauland, og albumet kjem òg i fysisk form på CD.

Bratt læringskurve – ny tonalitet

Sjølv utan bakgrunn i folkemusikk, kasta Søderholm seg inn i sjangeren då han tok ein bachelor i folkemusikk ved Universitetet i Søraust-Noreg, Rauland. Der fekk han grundig innføring i slåttespel frå hovudlærar Anders E. Røine – med særleg vekt på strøkfigurar og ansatsformlar som skapar den karakteristiske rytmiske driven i slåttemusikken.

Men Søderholm har også valt å eksperimentere. På enkelte spor brukar han ei sjølvutvikla, "naturstemt" ukulele – ei stemming som opnar for fleire tonar frå naturtonerekka og spel basert på flageolettar. 

– Det er utruleg vanskeleg å spele på, men ein oppnår en tonalitet som ikkje er mogleg elles på ukulela, fortel Søderholm.

Ukulele med groove

Spor som Reinlenderkule, Eg er liden, eg, Vals etter Maudalen og Espelandsjenten viser spennvidda i produksjonen, og gjestemusikarane trakterer ulike instrument. Dei er Annie Björkman (seljefløyte), Ulf Kjellemyr (munnharpe), Andrea Søgnen (langeleik) og Maria Vaaje (hardingfele).

Maria Vaaje er blant gjesteartistane på plata, og no er ho og Søderholm ute med singelen “Eg er liden eg”. Foto: Liv Reinsviki.

For å matche dei ulike gjestemusikarane sine instrument, har han nytta tre ulike ukuleler i studio. 

Visuelt møte mellom tradisjon og samtid

Singelen Bestelanden, med tilhøyrande musikkvideo regissert av Emil B. Andersen (K3 PRODUCTIONS), er eit møte mellom det "gamle"/ tradisjonelle og det "nye"/moderne. Dansarane Vilde E. Westeng og Ånund M. Myhren iført bunadar dansar halling i asfaltjungelen med graffiti overalt

Og dermed spelar dei bevisst på kontrastane mellom det tradisjonelle og det urbane, og peikar òg på likskapar mellom hallingdans og hiphop-kultur.

Sleppkonsert i Årestoga

Albumet har sleppkonsert i Årestoga i Rauland 31. mai. "Eg er liden, eg" med Maria Vaaje og "Bestelanden" er allerede ute som singlar, tilgjengeleg på dei vanlegaste strøymetenestene.