Tekst: Pressemelding/redaksjonen
Faukstad (f. 1944) har vore fulltids trekkspelar heile sitt vaksne liv, og det er i år 60 år sidan han debuterte i radio. Sidan har han vore eit velkjent namn både på dansescener, i NRK og som internasjonal konsertmusikar. Han byrja å spela til dans alt som 14-åring, inspirert ikkje minst av Oddvar Nygaard og hans kvartett. Seinare tok han utdanning i musikkvitskap ved Universitetet i Oslo og klassisk trekkspel ved Det Kongelige Danske Musikkonservatorium i København.

Faukstad vart den første professoren i trekkspel ved Norges musikkhøgskole, og har som pedagog påverka fleire generasjonar med norske trekkspelarar. Mange av dei møter vi igjen på festivalen.
Festivalprogrammet
Festivalen finn stad på Rudi Gard i Sør-Fron 22.–24. august. Programmet spenner frå historiske tilbakeblikk til ungdomskonsert og storslått festkonsert.
Fredag 22. august
19.00: Jubileumskonsert – Fron Trekkspelklubb 50 år. Medverkar gjer mellom andre trekkspelklubbar frå Lillehammer, Lom, Vågå og Folldal, Lom Toradergruppe, Moss Spelemannskompani, Pianokameratene, På 2. rad, Skrot og Kvarts.
21.00: Dans til påmelde grupper og lag i fjoset og Rudilåven.
Laurdag 23. august
12.00: Formiddagsdans i Rudilåven, ved Skrot.
14.00: Faukstad-bonanza – allspel frå Faukstad sitt gammaldansrepertoar.
15.30: Samtalekonsert «Jon Faukstad – pioner og spelmann av breitt format» med mellom andre Aslak Brimi, Tom Willy Rustad og Kristina Farstad Bjørdal.
16.30: Boklansering – repertoaret til Hans W. Brimis kvartett.
17.00: Ungdomskonserten 2025.
19.00: Festkonsert for Jon Faukstad, med eit breitt spekter av tidlegare studentar og kollegaer. Jo Asgeir Lie, Per Arne Glorvigen, Brodd – Aslak Brimi, Steinar Odde, Henning Lad og Irene Tillung, Mads Erik Odde og Geir Marius Thorud, Simen Håland, Ole Nilssen, Pianokameratene, Kristina Farstad Bjørdal og Britt Elise Skram, Nye Ringnesin, Frode Haltli, Mukampen Spelmannslag og Skrot.
21.00: Dans med grupper og lag som Ovrums kvintett, Nye Ringnesin, Brodd, Pianokameratene, Farstad Bjørndal & Skram, Haltli Familieorkester, Odde/Nilsen/Thorud, Sør-Fron Spelemannslag, Ruggein, Moss Spelemannskompani, Mukampen Spelemannslag.
Søndag 24. august
12.00: Spelmannsmesse i Sør-Fron kyrkje, med folkemusikkliturgien komponert av Jo Asgeir Lie.
Praktisk informasjon
Kjøp billettar og finn meir praktisk informasjon på