Målet med prisen er å styrke interessa for hardingfelespel blant unge, og på sikt skape ei varig interesse for spel hos dei. Kandidatane til prisen må vere mellom 12 og 18 år, og altså tilsvare det som er C-klassa på kappleikar. I tillegg må kandidatane vere frå Vestlandet, skriv styret for minneprisen i utlysinga si. Prisen blei etablert til minne om Audhild Flaktveit Moxnes som omkom i ei trafikkulykke i Bergen i 2024, berre 17 år gammal. Ho var sjølv ein aktiv utøvar på hardingfele. 

10. og 11. oktober blir Vestlandskappleiken 2025 arrangert i Øystese, og det er der utdelinga av prisen på 20.000 kroner skal skje. 

For å finne ein vinnar, ynskjer styret å få tilsendt gode kandidatar. Fristen for dette er 12. september og styret vil ha forslaga, med grunngjeving, sendt til: 

Bergen ungdomslag Ervingen, Kong Oscarsgt. 15, 5017 Bergen, eller på e-post til: kontoret@bergen.ungdomslag.no

Konvolutten eller e-posten må merkast med ”Minnepris 2025”.

I fjor var det Emil Røli Daniel frå Ålesund som fekk prisen.