
Medaasprisen til Øivind Vabø
Felespelaren Øivind Vabø får Medaasprisen 2025. – Det er ikkje alle som veit at det finst ein eigen bergensk slåttetradisjon. Øivind Vabø er den framste faneberaren i vår tid, seier Claus Sellevoll, ...

5 på Landskappleiken i Eidfjord 2025
Tre stjerner og eit ønske for Landskappleiken
På Landskappleikens siste dag har me spurt fem deltakarar og publikummarar om å trekkje fram tre ting dei er førnøgde med på årets kappleik og eit ønske dei har for neste år.

Storslått finalekveld
Laurdagens finale blei ei variert oppvising med alt frå vare feletonar via omsette munnharpeslåttar til drivande gode dansarar.
Mange dansarar tevla om Kongepokalen – tre skal i manesjen igjen i kveld
Dommarane i Dans hardingfele A måtte jobbe raskt etter at dei 25 dansepara hadde vore ute og tevla laurdag formiddag. Ein god time etter at klassa var ferdig, hadde finalistane fått beskjed om at dei ...

5 på Landskappleiken
Kva er det artigaste du har sett så langt på kappleiken?
Tevlingane under årets landskappleik nærmar seg slutten, og publikum og deltakarar sit att med mange inntrykk. Me har spurt eit tilfeldig utval av kappleiksgjengarar om kva som har gjort mest inntrykk...

Frå øvingsrom til premieutdeling
Deltaking på Landskappleiken inneber mykje venting og førebuingar. Det gjeld å bu seg mentalt samtidig som ein skal få i gang fingrane, føtene eller stemmebandet. Etter ein har vore på scena er det å ...

5 på Landskappleiken i Eidfjord 2025
Kva gjer du for å bli klar til å gå på scena?
God tid på øvingsrommet, ein liten brytekamp, mental gjennomkøyring av slåttane, nok mat og å gønne på og smile er noko av det kappleiksdeltakarane svarer på dagens spørsmål, som er: Kva gjer du for å...

Songglede og sterke bodskap i vokal klasse A på Landskappleiken
EIDFJORD KYRKJE: Fredag formiddag var det vokalkunst på sitt beste då klasse A i vokal samla fullt hus i den nye kyrkja i Eidfjord. Med tolv deltakarar, høg kunstnarleg kvalitet og eit variert reperto...

Halve klassa kom frå Tinn
I Tinn er det mange aktive folkemusikarar og folkedansarar, og i Vokal C var halve klassa nettopp derfrå. At dei er så mange, er ei stor støtte, seier kvedarane.